tirsdag 24. november 2020

Meir enn ord, ei vandring mellom symbol og abstraksjonar

Utstilling nr 5

Eit bilde kan seia så mykje meir enn mange ord. Stemningar og gamle minne kan bli vekte til live, både om bildet er figurativt eller meir eller mindre abstrakt:


Dei åra sku ingen løfte
som berre ror
te møtes med støa
der ingen bor
Arvid Hansen (utdrag av "Åleine")

Eit bilde kan også vera "bilde" på noko anna, eit symbol. Då går tankane utover det med ser med auga. Og dette er det kjekt å boltra seg i når eg maler. Andre gonger er det eit heilt vanlege figurative bilde som likevel har ein bodskap. Slik er det med pingvinane:

1.

Pigvinvisdom kallar eg det: 

- Dei søkjer saman i stormen

- Dei skiftar på å stå ytst

Hele livssyklusen til keisarpingvinane er fasinerande. For nokre år sidan laga eg ei heil utstilling med dei i hovudrolla. Den kan framleis besøkjast på bloggen her:

Livet under sørlyset - ingen dans på roser

Utanom pingvinane, er det sommarfuglen eg er mest glad i som motiv.


Halfdan Sivertsen har gitt oss eit nytt omgrep: Sommarfugl i vinterland. Lenge høyrte eg songen og stemte i når refrenget kom:

Og du gav meg eit smil

Sommerfugl i vinterland

Ingen kan ta fra deg

Farger du viste med

Og må drømmen du har bli sann

sommarfugl i vinterland.

Det gikk lang tid før eg fekk med meg heile teksten i songen og det gjekk opp for meg at det handla om å komma til Norge for å søkja vern og ly, ja, til Nordnorge der alt var så ulikt der ho kom ifrå.

Den fløy så langt av gangen, 

den fløy så lant avgarde

den kunne knapt forstå de fjella den var kommet over

og den så vannet skinne

den prøvde å sammenligne

men snart er vinteren over

så nå kan noe nytt begynne.

Og du gav meg eit smil

sommarfugl i vinterland...

Dette måtte sjølvsagt på lerretet. Slik blei mi tolking:

3.


Is og sommarfugl, det er nesten som eld og vatn. Det går ikkje i hop. Derfor synest eg denne kontrasten gjer ein så god jobb i maleria.
*


Etter kvart som eg sat og arbeidde med dette motivet i ulike variantar, kom eg på orda til Ronald Fangen:
Så kommer dagen 
da alt hat skal smelte

Sommarfuglen har vore eit symbol i ulike kulterar i hundrevis av år. Her til lands har det vore symbolet på håpet, oppstandelsen: forvandlinga frå det som synes å vera dødt og tørt, til den strålande vakre sommarfulgen. Boka Håp fortel om larvane Den eine og Den andre som fryktar det som skal skje, men som opplever det utrulege, å bli sommarfuglar. Heile boka, tekst og bilde, ligg klar til lesing her: Gåveboka Håp. (Fortellinga eignar seg til høgtlesing).


Kitsukori er ein teknikk der knuste kar blir reparerte ved hjelp av gull. Eg lar sommarfuglen komma med gullet.
4 *


5.

Gjennom mørkret


Bærekraft

*

Dua - fredsdua - må sjølvsagt på lerretet. Her er ho på Broderkretsen på havet sitt Dueflagg:

7. *



Håpet treng med, særleg når verda står på hovudet.
8.


Det er fristande å stengja seg inne i ei boble. Det kan vera godt i blant. Om me ikkje gløymer at når alt kjem til alt, er me alle saman i same bobla:

Ei nått då eg låg og drøymde,
drøymde eg om eit band.
Eit band som gjekk over alle
grensor, og alle land.

Ein drøymer så mangt. Men undren
vart eg då eg fekk sjå
at dette eg trudde var eit band
tok til å livna - og gå.

Då såg eg tusentalls hender
hekta ihop til eit band
som gjekk over alle grensor
og gjekk gjennom alle land.

Det var både ung og gamal,
det var småbarn med far og mor.
Dei laga så sterk ein syskenring
som rokk kring den heile jord.


Andre Bjerke gjorde seg sine tankar om å vera midtpunkt i verda:

På verdenskartet, opphengt i min stue
spaserer en hofferdig liten flue.
Med mine som den store Bonaparte
går den og inspirerer verdenskartet,
og det er ganske klart den ikke enser
de røde streker som er landegenser!
Den eier disse land som den bedekker
med riktig delikate flueflekker.
Den plages neppe av en tragisk viten:
at verden er for stor - og den for liten. 

*

"Sei det med ein blomst".  Ja, blomster er flotte i det verkeleg livet. Og på bilde:
9.



Det kan vera meir og mindre vellukka å seia det med blomster. Og komma heim med ein blomst når ein er redd for å få skjenn og skal forebyggja, er ikkje så lurt. Men om ein vil gi ei oppmuntring, seia meir enn orda kan, då er roser fint.
Men nokon tenkjer annleis, også om roser:

Kjærleik, seier rosa, er ein ange. 
Kjærleik er ei kviskring, seier havet,
Kjærleik er eit sukk, sier vinden.
Kjærleik seier lyset, er ein loge.
Å, alle desse løgner!
Kjærleik ... er ei tåre
Josefa Murillo
10


*
Av og til held eg foredrag og kåseri. Og treng illustrasjonar. Denne ble laga då eg skulle snakka om: 
Når det er tid for å bære byrdene for kvarandre
11 *

Denne karen har nokre val. Han kan
- be om hjelp til å bera
- lessa av mange av børene
- senka ambisjonsnivået for kor han skal hen
12 *

Her er ein annan som treng ei utstrakt hand.

*

Fuglelivet illustrerer mange sanningar:

13.

Når trekkfuglen no kjem tilbake

på jakt eter reirpass og make,

held eg ikkje fram handa,

men dei kan få landa,

dei ti som vil sitja på taket.

Olaf Agnar Gausvik

Når eg med min oppvekst ut mot havet, skal bruka fuglen som bilde, blir det sjølvsagt måken. Her er dei ti på taket. Det vil sei: Eg malte formannskapet. Dei sit der og blir så einige til slutt. Dei andre. "Det er berre eg som ser rette vegen"

Landskapsbilde fortel også mykje. Dette er eit sjølvportrett med same bodskap som måkane ovafor. I poliikken lærer ein å stå åleine. Slik dette treeet gjer, på ein liten jordflekk mellom havet på baksida og vika på framsida, med vestavinden rett i mot:

14.


*

Å bruka skipet som symbol, er ikkje noko ny oppfinning. Kyrkjefader Johannes Chrysostomo levde frå år 347 til 407. Han sa:

Kyrkja er eit skip som seglar gjennom verda.
Herren er styrmann og mannskapet er dei som trur på Han.
Masta er krossen, 
seglet den evangeliske trua,
drivkrafta Den Heilage Ande.
Driven av Han seglar kyrkja inn i Parsadist
og det evige livets hamn.
Gud ord er kompasset,
håpet anker,
bøna ankertau
og Guds trufasthet ankergrunn

15.

Hovudrommet i kyrkjene våre, er kalla skipet, og fleire stader heng det ei skute ned frå taket:


16.

Eit skip treng mannskap. 
Kolbein Falkeid skriv dette i sine private huskeregel.

Du skal ikkje klistre fine øyeblikk
opp på veggen i tankene dine
og forgylle dem med lengselen din.
Du skal kjøre spettet hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
en etter en.

Det er derfor 
livet har den å mannskapslista.




*
Korset kjenner me godt som symbol.
Men det første kristne symbolet me kjenner til er fisken:
IKTOS er det greske ordet for fisk. bokstavan står for
Jesus Kristus, Gids son, frelsar.
I tider då dei første kristne måtte gøyma seg for forfølgjarar, teikna dei fisk i sanden som passord for å gi seg til kjenne overfor kvarandre.
18.

 

Her er korset gøymt i redningsbøyen:



20.
21

*
Å laga maleri med symbolsk bodkspa, var første steg på vegen til å våga meg inn i den abstrakte verda. Velkommen inn i det opne. Her er det ingen titlar. Tanken er fri:
22.
23.

24.



27.

28.


30


31.


32.


33.

*

Då takkar eg for meg. Kjekt at så mange har slått følge på vandringane i ord og bildet. Eg ser av statistikken på bloggen at me har vore mange i lag.
Her er dei tidlegare vandringane som har vore knytt opp mot Skudeneshavn:


Ein del av maleria i denne vandringa er for sal. Dei er det nummer på.
Alle bildet med stjerne ved nummeret, finnes som kort, 14x14 cm: Dei finn du her saman med mange andre motiv: kort

Pris og størrelse:
1. 70x80x4 cm, kr 3000
2. seld
3. 30x30 cm, kr 1200
4. 50x50x4 cm, kr 2000
5. 20x20 cm, kr 400
6. seld
7. 30x30x4 cm, kr 600
8. 40x40 cm, kr 1500
9. 30x30 cm, kr 900
10. 30x30 cm, kr 900
11. 50x50x4 cm, kr 2000
12. 40x40 cm, kr 1500
14. 30x90 cm, kr 2000
15. 70x80x4 cm, kr 2000
16. 50x50x4 cm, kr 2000
17. seld
18. 70x80x4 cm, kr 3000
20. 30x30 cm, kr 600
21. 30x40 cm, kr 700
22- 40x40x4cm, kr 1200
23- 70x80 cm, kr 2000
24. 30x30 cm. kr 700
26. 50x60 cm , kr 1800
27. 50x60 cm, kr 2000
28. 50x60 cm, kr 2000
30. 50x60 cm, kr 1500
31. 30x30 cm, kr 900
32. 70c80 cm, kr 2000
33. 30x40 cm, kr 700
13. 40c40 cm, kr 1500

Her finn du alle abstrakte maleri
Og her er alle maleri som som framleis er for sal.
Eg har nokre få eks av Anders si kokebok til kr 99 igjen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no