tirsdag 22. april 2014

Porto og gåvekort, - kjekt å vita


Med galleri øvst i Eplehagen på Valen, seier det seg sjølv at det ikkje er så mange som heilt tilfeldig kjem innom. Men mange er innom her på bloggen, og fleire har hatt spørsmål om korleis  me kan ordna kjøp utan oppmøte.

Post
Bilete kan sendast med posten. Porto for dei aller fleste bileta, unntatt dei heilt minste, er kr 150,- innanlands. Portoen blir lagt til kjøpesummen.
Sidan det er eg som pakkar bileta, tar eg ansvar for at dei er godt nok innpakka, utover skader som posten evt måtte ha ansvaret for.

Betaling
Betaling skjer til Galleri Nauthydlaren sin bankgiro når biletet er kome vel fram.

Gåvekort
Bilete som gåve, kan vera eit sjansespel. Kva smak har den som skal få gåva, og ikkje minst; kva veggplass har han?
Gåvekort kan løysa problemet. Den som vil gi gåva, betaler ein sum til meg som blir skriven på gåvekortet. Så kan mottakaren velja eit bilete, enten ved å  leita i bloggen eller ved å koma ein tur til Eplehagen. Er prisen høgare enn det gåvekortet lyder på, får han mellomlegget tilbake.Vil han ha eit bilete med høgare pris, er det råd å leggja til noko.

Tinging
Somme har spesielle motiv dei vil ha bilete av på veggen sin. Eg har tatt utfordringa og malt etter slike ynskje. Då går avtalen ut på at eg prøver å mala, og så må den som skal ha biletet seia om det blei slik at han vil ha det til den prisen eg set. Ca-pris kan sjølvsagt avtalast på førehand.

Her er siste bilete som var tinga:



Avtale og samtaler tar me på epost: marit.totland@knett.no

Vil du sjå bileta straks dei er ferdige, kan du fylgja meg på Instagram: marit.totland