fredag 22. mars 2024

Festivalkunstnar



Eg skal få vera festivalkunstar under Skudefestivalen i sommar. Det er stas!

Festivalen går av stabelen i Skudeneshavn 4.7.juli, og eg vil halda til i Bytunet i Søragadå.

Framover vil bilda som står under sida "Bildet til sals" i menyen her framleis vera til sals. Men ikkje alt eg har her heime ligg der. Og eg har ei lang liste over kva nytt eg vil laga før festivalen. Dei nye bilda vil ikkje bli publiserte før dei kjem på veggane på Bytunet.

Mange av bilda mine er inspirert av havet og oppveksten i Skudenes. Det blir nok nokre slike med på festivalen også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no