I arbeidet med å rydda plass til store maleri, har eg funne fram maleri som no går for kr 1000, uansett førpris.
Porto kr 70.
Interessert? Kontakt meg på sms 98060938 eller dm/Twitter.
1. 50x60 cm
-Galleri Nauthydlaren har ny heimeside: marittotland.no. Denne sida vil i starten vera lenka dit. Siste nytt frå bokfronten: TAP, historisk roman, kr 290.
I arbeidet med å rydda plass til store maleri, har eg funne fram maleri som no går for kr 1000, uansett førpris.
Porto kr 70.
Interessert? Kontakt meg på sms 98060938 eller dm/Twitter.
1. 50x60 cm
-
Ei lita gåvebok, 15x15 cm er klar til å bli di.
Prisen er 150 ved henting i Eplehagen 48 på Valen og 180 ved henting i postkassa.
I boka finn du:
30 av maleria mine trykt i fotokvalitet
- Dikt av Anders
- Songar av Jan Ove, bestefar i Eplehagen: bestefarsongen og visa om Vardhaugselet
- Sommerfugldiktet av Wergeland omsett til høgnorsk av Ole Jakob
Kan tingast på sms 98060938 og betalast på vipps til same nr.
Hugs å oppgi adresse.
Betaling kan også avtalast på bankgiro.
Boka blir send ut i verda med håp om at ho kan få nokon til å smila!
Her har eg samla ein del mindre maleri. Som ein takk til dei som stadig trykker "like", gir eg vekk eit maleri i ny og ne.
Kvifor eg gjer slik som dette, forstår du kanskje om du les vidare.
Pingvinane var lenge mitt kjæraste motiv. Fordi:
Pingvinane søkjer saman mot stormen. Dei skifter på å stå ytst. Dermed klarer dei seg.
Det var pingvin-visdomen som fekk meg til å slå meg til ro med at eg var blitt ufør. Eg skulle ta i mot trygd. Det var tid for å leggja vekk oppgåver, ansvar og titlar, og "berre vera ufør". Det tok på sjølvbildet mitt. Det må eg innrømma. Men pingvinane sette det i perspektiv. Dei byter på å stå ytst. Og eg har, om eg skal seia det sjølv, stått ytst i periodar av livet, tatt støyten no og då og prøvd å gjera noko for fellesskapet. Hos pingvinane tar felleskapet vare på kvarandre på skift. Kunne det vera at eg no skulle "få livd av fellesskapet", no når eg ikkje kunne ta kampen mot den hardaste vinden, ja knapt kunne stå oppreist sjølv lenger?
Det er snart 20 år sidan livet vende. 15 år sidan eg forstod at det aldri skulle bli som før. Eg gjorde meg til vens med orda "Eg har ein dårleg rygg og eit godt liv, og vil ikkje byta med ei som har det omvendt."
Noko måtte eg likevel ta meg til etter som tida gjekk. Men dette "noko" måtte vera svært lite. Det var då eg kom på at å halda ein pensel, det måtte eg klara. Men eg kunne jo ikkje mala! Eg kjøpte likevel fullt utstyr til oljemaling og sette i gong. No, 15 år etter, er eg gått over til akryl og 900 maleri er spreidde land og strand rundt - og vidare med.100 maleri heng framleis her i kjellaren kor eg etter kvart har fått mitt eige Galleri Nauthydlaren. I tillegg ligg dei ute på nett for allemannsauga her, og nye bilde blir presenterte på heimesida www.marittotland.no.
Livet er på mange vis blir mykje betre enn eg frykta då livet vende, med litt skriving, tillitsverv og mindre oppgåver. Men likevel, malinga har vore avgjerande, - fordi den fekk meg i gong att. Den gav mot, innhald og ei nye sjølvkjensle. Eg trur faktisk at mens eg skapte bilde, skapte maleria eit nytt sjølvbilde i meg. Respons og sal av bilde styrker dette bildet. Tilbakemeldingar, gode ord og nyttige råd på Twitter og Facebook har vore verdfulle undervegs. Sjølvsagt fordi merksemda gjer meg stolt, men også fordi meldingane der fortel at "det er nokon der ute", nokon som i små stunder er i den same verda som eg.
I det siste har det var stor respons på paraplyane mine. Dei er i alle prisar og størrelser. Her er eit lite 20x20x4 cm:
*
Av og til maler eg med eit glimt i auget.
Då har eg ei god stund. Her seier guten at dei to under paraplyen må forstå at det har slutta å regna.
*
Nr. 5. 30x30 cm, kr 1000,-
Alle paraplyane som framleis er hos meg, finn du her: Uselde paraplyar
Vidare nedafor ligg det ein del tidlegare malerier som viser litt av variasjonen i kvardagen min.
Kor er det blitt av isen som var her i fjor?
Isødet: 40x40 cm, kr 1800,-
Isbjørnen: 40x40 cm, kr 5000
Fleire isbjørnar på leit etter is, ligg her.
Problemet med minkande is kan ikkje løysast av pingvintinget.
Men Stortinget kan gjera litt.
Og du og eg kan gjera litt.
Pingvintinget, 30x40 cm, kr 1000,-
Svalbard, 4x30x30 cm, kr 700 -
Kolbein Falkeid - det næraste eg kom eit møte med han var då eg måtte steppa inn for han for å halda ein tale han akkurat då ikkje var frisk nok til å halda. Det er tiår sidan. Og det er også eit slags fellesskap, å avløysa kvarandre i så kvardagslege ting som å halda ein festtale.
For kva er eit fellesskap? Ingen har som Kolbein Falkeid skrive om lengten til fellesskapet, eit fellesskap som kanskje ikkje finnest.
Slik startar han diktet "Utakt":
Jeg har lengtet etter store forsamlinger
å gli fint og selvfølgelig inn i
lik den ene umistelige pappbiten som må til
for at puslespillet skal gå opp.
.....
Ja, hele livet mitt
lengtet etter dette som kanskje ikke er: den trygge
tversstokken mellom hjertene
som mine og andres tanker kan vagle seg på
uten å flakse med vingene.
...
Heile diktet finn du i samlinga " Vagabondering" og i "Samlede dikt". Begge er verd å investera sommartid i.
Orda til Falkeid har fulgt meg i 30 år. Eg brukte dei i undervisninga og eg hadde små dikt i lommane då eg var heiltidspolitikar i tilfelle eg blei utfordra til å seia nokre bevega ord utan å ha høve til førebuing. Falkeid sine ord heldt!
Men først og fremst har orda hans gitt ettertanke i ulike livssituasjonar. Det er heller ikkje fritt for at dei har styrt penselen min:
1
2
3
4
Maleria er for sal.
1. 5x40x40 cm, kr 1600,-
2. 30x30 cm, seld
3. 70x85x5 cm. kr 2500, + kr 200 i porto
4. 15x15 cm, kr 300, inkl porto