fredag 23. april 2021

Kolsøy, då det var stor aktivitet der.

 


Ho legg der så fredeleg og stille, Kolsøya, dei fleste dagane. Men kryp temperaturen oppover på gradestokken, er det snart ein båt og to som finn vegen inn i den lune lagunen. Og skin sola, fyllest det opp på svaberg og knausar. I det siste er det også kome fastbuande der. Sauer held landskapet ved like og store og små hjelparar ser til dei.

Også før var det liv og røre på Kolsøy, ja, meir enn i dag. Dei flittige folka som styrer med sauer no til dags, ryddar skog og byggjer do og leirplass, har sett opp ei opplysningstavle, der me kan lesa om livet før i tida. Jostein Røstbø har presentert historia lettfatteleg og interessant. Eit foto av Jan Gustav Langeland viser korleis det såg ut  for 100 år sidan. Og dette fotoet har eg ikkje klart å la vera i fred. Det måtte på lerretet.

Det var Chr. Bjelland & Co som står for barkeriet. På opplysningstavla kan me lesa:

På 1920-talet bygde Chr. Bjelland & Co eit moderne notbarkeri på Sunde. Her kunne fiskarane barka (impregnera) nøtene for sesongen. På den tida kom snurpenota i bruk, og det var behov for større barkeri. På Kolsøy sette Chr. Bjelland opp nothengjer der dei tørka nøtene etter barking. Enno ser ein restar etter fundamenta til nothengjene like ved bryggja.

Det står mykje meir om livet på Kolsøy på informasjonstavla, om husmenn og bygningar. Ta turen! Til Kolsøy. Tilbake 100 år!

Nothengjene stod til ut på 60-talet, ifølgje Jostein Røstbø. Då er det nok mange som hugsar dei. Det minste stod til ut på 70-taket i følgje lokalkjende.


Dette er sagt om plassen på Facebook:

Vi var ofte på øyatur då eg var smågut på Sunde, rundt 1960. Og ofte gjekk turen til Kolsøy. Ser enno for meg at vi gjekk og vassa i det lunka vatnet i lagunen der, på jakt etter reker og krabbe. Eit eldorado for smågutar og -jenter.
På den tida stod nothengjene. Når vi kom tøffande frå Sunde-sida, raga dei godt over skogen på øya. Flott at det har blitt maleri av dei.

Meiner det til venstre på maleriet må ha stått mykje lenger sio eg også husker det. Så må ha vært utpå siste halvdel av 70-tallet siste restane forsvant, om ikkje endå seinare. Det til høgre husker eg ikkje.

Rolf S. Ask
 , er enig med deg om at den siste må ha stått der til tidleg 70-tal. Eg huskar at me klatra på dei, og hoppa i sjøen frå dei.

Eg har desverre ikkje bileter frå Kolsøy ,men eg hugsar veldigt godt Notàhenjene der borte Foreldra mine og eg
rodde mest kvar søndag når det var fint vær ( sommarsdagen ) på Øyatur til Kolsøy ,I slutten på 1940 åra og utøve i 1950 åra hugsar eg at det hang nøter på henjene og at det var folk som jobba med nøtene .På den tida var det eit rikt brislingfisjè i Høylandsondet og innijøno Skåneviksfjorden Me høyrde ¨motordunking ¨ og notbasar som ropte og
¨ kommanderte ¨ i dei lyse sommarnettene . Me som hadde strandlinje langs sundet fekk gjerne ei bøtta sild i ¨landslut om dei kasta utanfor stranda vår -Då i 50 åra var jo Notahenjene allerede
¨gamle og grå ¨,og i ¨dårleg forfatning ¨ til slutt var det berre ei henje att ,Dei vart vell fjerna åv sikkerthetsmessige hensyn og dei var jo heller ikkje lenger i bruk ,Synd at eit Slikt Kulturminne ikkje vart teke vare på 😪


Vi flytta til Porsvik mars 79, det var ein ufyselig kald sommar så vi var ikkje på sjøen (fyrt i ovnen ofte). Men eg kan huska notahenje til venstre og det var 80 men det forsvant kanskje den sommaren.
Her er mor mi og Elin framføre nothengjene...


Mannen min har vært med og hengt opp not der.. 😊


Not heng husa var der i 1977 , var mykje på Kolsøya å bada på den tida og er usikker kor mange år etter dette dei vart ståande
Mi mor, Amanda f. Valen, (1912 - 85) vaks opp i Træsbygda på Sunde og har fortalt øyaturar. Barneleikane var prega av livet på sjødn og at mange hadde slektningar som hadde emigrert til USA. Så med ein stor robåt kunne dei simulera reisa til USA. Stoppestadene var forskjellige øyar og små holmar rundtomkring. Om kvelden var det slutt på leiken og emigrantane måtte hentast heim i same robåt med same kaptein. Det var på nære nippet for Olav som sto i vatn til livet og det vart langt heim og straum i sjødn.

Trur Liv Ottosen har rett. Me fekk båt i 1979 var der mykje i 79 /80 då stod dei. Trur dei vart revne høst - 80.

***************


Maleriet er 20x40 cm, og kan kjøpast for kr 1200,-

Fleire maleri med Kvinnheradmotiv finnest her

Eg er opvaksen i ein heim der lkalhsitorie va vikgit. Far min var en forteljar, men heldt seg til munnleg formidling. Ofte brukte ahn meg som sekretær når noko skulle sktvast ned. det vekte mi interese for det levde livet før i tida. 
Dei to siste bøkene eg har skrive frå 1800-talet er "Alt vel" - om den store stormen på Island som gjorde så mykje skade då vestlendingane var der i 1884, og om ho som gjekk heime å venta på "skipperen sin" og "Garborg og Skou - forskjell på folk?" - om odelsguten og omstreifarsonen som kjende kvarandre,  men fekk så heilt ulike lagnader.      

Desse to bøkene sel eg no for  kr 100.


Info om bøkene finn du her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no