fredag 9. desember 2016

Samtalebilde

Samtalerommet på det nye kyrkjekontoret på Valen måtte ha eit bilde på veggen. Og helst eit stort så det kunne bli mindre gjenklang frå veggane i rommet. Dermed kom dette bildet til. Håper det kan bli mange gode samtaler utifrå eller under det.




Det er laga doble kort, 14x14 cm, med dette motivet på framsida. Kr 30 per stk med konvolutt.


onsdag 16. november 2016

Til lands med sild i morgonskodda

For det meste var det nok tungt vinterver. Men av og til prøvde vel sola å nå gjennom skoddehavet når dei skulle til lands med sild?
Bildet er 50X50 cm i sølvfarga sveveramme, seld

Bildet er også trykt opp på framsida av doble kort,15x15 cm, kr 30 per bilde med konvolutt.
Kan bestillast her: Då maleria kom til kort

søndag 25. september 2016

Fiskelukke ved Bømlo

Denne karen får napp. Han sit og nyt livet nordvest for Bømlo.
Bildet er 40x60 cm i gullfarga sveveramme, seld

Elleville haustfargar

Av og til stikker fargene av med penselen. 
Det skjedde i dag. 
Begynte med ei skisse for aldri meir å koma tilbake til den. 

Bildet er 40x60 cm i gullfarga sveveramme, kr 1200,-

torsdag 22. september 2016

Hjå den som er knust og nedbøygd i ånda


Inspirert av eit foto frå Olav Røssland, og i tråd med bodskapen frå Jesaja 57,15:
Så seier han som er høgd opphøgd, han som tronar evig og heiter Den Heilage: 
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Bildet var ei gåve til Kyrkjekontoret på Valen for at dei som kjem innom og dei som arbeider der skal bli minna på desse orda i kvardagen.
Bildet blei overrekt ved opninga:




Måkane har fest ved Slåtterøy

Akryl på lerret, 60x80 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme,seld

søndag 18. september 2016

Ei svale gjør ingen sommer

Det seiest at ei svale ikkje betyr at sommaren er her. Men med to - då kan det bli lett bli heitt.
30x30x3 cm, akryl på lerret, kr 1000,-

lørdag 17. september 2016

Sildefiske med gode fyrlys

I periodar har havet utafor Skudenes vore fullt av sild og sildefiskarar.
Gode fyrlys var viktig. Me veit alle at lyset var til hjelp om natta. Men om dagen? Var det hjelp å få då?
Eg har lenge vore på leit etter ei forklaring på kvifor gamle bilete har ei mørk stripe på eine veggen av Vikeholmen fyr. Ein visitt på Ulvesund fyr gav meg svaret. Der er stripa på plass framleis. Og ho er signalrød.


Etter litt googling finn eg ut at under restaurering av fyr, er det no nokon som planlegg å få stripa på plass att. Den er det såkalla "dagmerket". Båtfolket skulle sjå at dette ikkje var eit vanleg naust eller hus, men eit fyr.
Gamle bilete dukka også opp, og der kunne eg sjå at det faktisk var rød stripe på to av veggane på Vikeholmen, og det var ei skikkeleg brei stripe på Skude fyr.
Bileta viste også at hetta på lyktehuset ikkje var rødt. Det var brunt og hadde pipe.
Så no veit me det.

Vikeholmen, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-



Skude fyr, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld



30x90 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld
Det er laga kort av det øvste bildet som er til sal. Du finn det her

onsdag 7. september 2016

Kvalitetstid i Rosendal i 1872


Knut Knutsen var og fotograferte i Rosendal i 1872. Eg har sett farge på, no nærare 150 år etter. Og så har eg tatt vekk noko og flytta på noko, for å få fokus på far og barn-kvalitetstida.

Bildet er 40x120 cm, akryl på lerret

Bildet er med på utstilling på Årbakka handelsstad på Tysnes, pris kr 6000


torsdag 25. august 2016

Åkra stavkyrkje



Bilde er seld. Men om det var nett slik kyrkja såg ut, er litt usikkert:

Det var ein gong ei stavkyrkje i Åkra i Kvinnherad. 
Den stod der i alle fall på 1300-talet. Og den stod til 1735.
Me veit at det var eit bygg med midtkyrkje, altså var det eit nivå med såkalte omgangar rundt kyrkja. I tillegg var det svalgangar som var heilt bordkledde. Tårnet hadde ikkje spir.Det var to vindauge på langsida. Måla er kjende. Det var spon på taket. Vips, så var kyrkja rekonstruert!
Berre nokre spørsmål står att: Var tårnet slik år det står at det ikkje hade spir? Eller var det eit tårn på utsida av sjølve kyrkjeskipet sidan det står at tårnet var frå "grunden oppbygd". Eg har kontakta ekspertisen og avventar svar.

onsdag 24. august 2016

Åkra kyrkje med fellestunet anno 1862

Å gjenskapa eit fellestun og ei kyrkje som ikkje lenger er manns minne, er ein langvarig prosess. Ny kunnskap kjem til, og bildet må endrast. Slik ser det ut i dag, onsdag 24.08.2016.




Meir om historieprosjektet i Åkra og fleire bilete finn du her

torsdag 2. juni 2016

Jente i vest

Vinden er der, men med nokon å venta på og strender og springa langs, er det heilt ok. Akryl på lerret, 3x30x30cm, seld

onsdag 1. juni 2016

I rennesteinen

"Hos den som har en sønderknust ånd..." 30x40x3 cm, akryl på lerret, seld.
Inspirert av et foto av Olav Røssland

onsdag 13. april 2016

Ein våg eg ikkje visste fantest...

Ein våg eg ikkje visste fantest, heiter det i diktet. Eg tenkjer meg at det må vera noko slik som dette.
Bildet er 3x50x50 cm, akryl på lerret, seld

mandag 21. mars 2016

Som eit fyrlys

Heldigvis er leia godt merka. 
Akryl på lerret, 30x30 cm, seld

Alle bilda på bloggen finn du i den rekkefølga dei er lagde ut
om du trykker på "starside" øvst til venstre.

mandag 14. mars 2016

Når naturen overgår fantasien

Utsikt frå stova mi, ein marskveld. Prøvde å fanga fargaen før dei forsvann. Men dei forsvann ikkje før dei hadde skrudd seg sjølv på full styrke. 
Seld

søndag 7. februar 2016

Storm i Åkerfjorden

Stormen prøver å trenga seg inn i inste Åkerfjorden der fjella er høga og bratte og fjorden smal.
Bildet er 50x60 cm i sylvfarga sveveramme, oljemaleri, kr 2500,-

søndag 31. januar 2016

Nokre av dei første bilda har fått eit nytt strok

Det er snart ti år sidan eg første gong tok i en pensel. 500 bilde er det blitt. Dei fleste av dei har funne sine veggar å henga på. Nokre oljemaleri har eg tatt fram att og sett på med nye auge, - og ny maling. Slik blei resultatet:
Kroppsøvingsbygget på Rommetveit, HSH, olje på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-

Olje på lerretsplate, 30x40cm i brun ramme, kr 1000,-

Skudeneshavn, Søragadå, olje på lerret i sølvfarga sveveramme, 30x40cm, kr 1000,-


mandag 11. januar 2016

Mysterie

Sommarfuglen - det altfor lite brukte symbolet for oppstandelsen.
Bildet er 30x30cm i sølvfarga sveveramme, akryl på lerret, seld

fredag 8. januar 2016

Årstider ved dammen

Same stad i ulike årstider -sjarmerande natur!

Vinter:




Vår/sommar:
Haust:




Bilda er 50x50cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme,
Bilda er selde