mandag 16. mars 2020

Velkomen innom til ei digital maleritustilling med nye og gamle maleri.

Det er blitt mange maleri dei siste åra. Dei fleste blir lagde inn på bloggen her. Men etter som tida går, forsvinn dei langt bak i rekka. Her har eg funne fram ein del av maleria som framleis heng på veggen i det vesle galleriet mitt og som er har lyst å visa fra.
God tur nedover sidene!

Som "havmenneske" har eg det slik at sjela kjem i vater når eg ser ein ubroten horisont:

30x90 cm i sølvfarga sveveramme, seld



Mange av bilda mine har ei historie, eller er historie. Som postbåten som kryssar fjorden. Det er malt etter eit foto av Jimmy Næs, (med hans tillatelse).
seld
Det er åttæringen til Knut Skåla som kryssar fjorden i ein etappe av kulturmarsjen "Postskyssen 97" i samband med posten sitt 350-års jubileum. 



Heimlengt: Motiv frå den årlege Skudefestivalen.
 40x40 cm, akryl på lerret med sølvfarga sveveramme, kr 2000,-


I Skudeneshavn vaks eg opp med fyr på alle kantar. Kanskje ikkje rart at dei ofte finn vegen til lerreta mine no? Dei to til venstre er Skude fyr. Til høgre: Vigeholmen. 
Bilda er 30x30x3 cm, kr 900 pr stk.Dei nederste er selde.
Eg visste ikkje at ein kunne sjå både Vigeholmen og Skude på same tid. 
Men frå denne vinkelen går det an. 
Bildet har struktur: 30x40 cm i sølvfarga sveveramme, kr 900,-


Og slik såg det ut ved Vigeholmen på 1800-talet, med rødmalt stripe som skulle visa bveg på dagtid
30x30 cm i sølvfarga svevramme, kr 800,-


30x40 cm, akryl på maleplate i brun treramme, seld


Søndagstur på Bakarholmen. 
30x40 

Bildet er med på utstilling på Årbakka handelsstad på Tysnes, pris kr 1500

*

Turtelduer? I husveggen i Søragadå.
40x40x3 cm, kr 900,-


Måker er det også blitt ein del av. Høyrer du dei? På bilda er dei faktisk ganske tause.

Oljemaleri, Varden i Herøysundet, 50x60 cm, kr 1500,-

oljemaleri, 60x80 cm, kr 2000,-

"Når eg ser horisonten, kjem sjela i i vater".
Til saman: 120 x 60 cm, kr 4000,-

akryl, 40x40x3 cm, kr 900-,

akryl, 40x40x3 cm, kr 1200

Seld

To bilder, 30x40 cm, kr 1200 pr stk
Bildet til venstre er seld


Mayday, 50x60 cm i sølvfarga sveveramme, kr 2000,-


Lys og mørke

Den kvite byen ved havet, 30x80 cm, kr 1000,-

trøyst, 40x40 cm kr 900,-

Symbol

Symbol er flott! Symbola lar tanken gå vidare der syn og fornuft set grenser. Sommarfuglen er eit oppstandelsessymbol som har vore brukt i landet tilbake til 1800-talet. Det ser håplaust ut for åma som ligg i det inntørka hylsteret, Men så skjer det. Noko nytt kjem til. Ein sommarfugl. Same skapningen, men med større hjarte og betre fargesyn. I den vesle boka Håp har eg skrive historia om larvane på den grøne greina. Den finn du her

50x60 cm i sølvfarga sveveramme, kr 2000,-

KITSUKORI

Då eg fekk høyra om kitsukori, blei eg endå meir glad i sommarfuglsymbolet. Kitsukori er ein kunst, eit handtverk der ein reparerer knuste kar med gull. Det blei ein djup symbolikk for meg. Om me lever som leire på ei dreieskjeve, kan me alltid få ein ny start. Men når karet er ferdig, hardt og tørka, kva då om ein treng ein ny start? Potteskår er ikkje mykje til gagn eller pynt. Men om det kan reparerast med gull, kan det bli retteleg staseleg. Og den som kjem med gullet i mi verd, er sommarfuglen.

50x050x3 cm, kr 2000,-

20x20 cm, kr 400,-

40x40 cm , i sølvfarga sveveramme, kr 1800,-

20x50x3 cm  seld
20x20 cm, kr 400,-

60x60x3 cm, kr 2000,-

25x30 cm, seld


Håp - når verda står på hovudet?
40x40 cm i sølvfarga sveveramme, kr 1200

Tre - gamle - vener
30x30 cm i sølvfarga sveveramme, kr 800,-
70x80x3 cm, ichtos - det første kristnr symbolet, kr 2500,-


Når ein kjem i bestemoralderen, ser ein kvardagsgleda hos barn på ein ny måte. Trur eg.

Endeleg vår - første dag med vassing i fjæra: 24x30 cm, kr 600,-
Paraplydag; 30x30 cm, seld

Jippy! Regn!
30x030x03 seld

Kamp om fangsten, seld

Av og til er det ikkje så mykje tid til sitja med penselen. Då blir det ein enkel kveldsstrek. 
Her er nokre av desse:

Dei to første rekkene: 15x15 cm
nedst: 15x20 cm
pris. kr 200 pr stk.

Staden der du bur, finn sjølsagt også vegen til lerretet. Og Kvinnherad har mektige motiv å velja mellom. Ei eiga side med maleri fra Kvinnherad finn du her.

Ein liten og ein stor småkebit:


Folgefonnsenteret: med bølgjene, fordi senteret fortel om vatnet si vandring på jorda. 
Og Kvinnheradkatedralen omkransa av roser, for den ligg i Rosendal.
20x20 cm, kr 300,-

Kvinnheradkyrkja er i middelalderkyrkje. Så då me det passa godt med notelinja: 
Kirken den er et gammelt hus, står om tårnene faller.
- For slik er det - kyrkja er meir enn katedralar.



Bildet er 50x50x3 cm, kr 2500,-

Litt "kyrkjekunst":
30x30x3 cm, kr 600 pr stk.

Av og til kan eit figurativt bilde bli symbolsk. I alle fall i min tanke. 
Eg har gitt dette bildet tittelen: Draum
Seld

Dei maritime motiva dukkar elles opp med jamne mellomrom. Her kjem sildeflåten inn til fjordane på Nord- Island etter å ha venta på at skodda skulle letta (1884). Det blei ein del bildet i samheng med boka eg skreiv om katastrofeåret då så mange skip gjekk med. Dette kan du lesa meir om i boka mi Alt vel, som du finn omtalt her

Seld

Og denne kontakten med omverda starta for lenge sidan:

olje, 30x90x3 cm, kr 2000

Eg har ofte tenkt på dei unge mennene, gutane som skulle ut i den store verda. Slik Jakob Sande skreiv om Vesle Daniel. Kanskje kom han i hamn i Gdansk, slik det såg ut der på 1800-talet. For ein kontrast det må ha vor for ein gut som var van med små kår. Ikkje rart han er tidleg oppe og står og tar inn alle inntrykka, som på bildet under her.

 Oljemaleri; 30x40 cm , kr 1200,-
akryl, 50x60 cm, kr 1800,-

Her er søsterskipet til Gjøa under bygging i Rosendal. Malt etter eit foto av Knutsen. 50x120 cm, kr 3000


Og så kom skøytene:
70x80x3 cm, 
Bildet er med på utstilling på Årbakka handelsstad på Tysnes, pris kr 5000,-

Og nyare båter kom sjølsagt til etter kvart:
30x40 cm, på plate, seld

30x40 cm på lerret i sølvfarga sveveramme, 

Bildet er med på utstilling på Årbakka handelsstad på Tysnes, pris kr 1200


Ein tur ut i skogen gir fred i sjela, også for eit havmenneske. 
Desse tre bildene er 40x40x3 cm, kr 1200 pr stk. Dompappen og ekornet er seld.



Fjord og fjell er mektige naboar:
Innover mot Fjæra. Oljemaleri 40x60 cm, kr 2000,-



Og så kjem sjølvsagt skodda. Her er me i Naley. Seld


Eit lite havgløtt, 40x40x3cm, kr 2000,-

***

I denne tida strekker me oss mot lyset:
Seld 

Kr 600, 24x30 cm

For «visst skal våren komme»:

50x50x3 cm, akryl på lerret? Kr 1200,

30x90 cm, kr 1500,-

***
Eg maler på bestilling. Ta kontakt så vurderer me om det lar seg gjera.
 Siste bilde på bestilling:
                                                                               ***

Om du har fulgt meg på vandringa fram til dette bildet, takkar eg for laget.
Når det er andre tider, og med kan møtast på vanleg vis, er du velkommen innom i Eplehagen 48
for ein kopp kaffi og maleriprat.
Til slutt tar eg med bildet av pingvinvisdom. Å stå saman stormen. Det kan ein gjera om ein ikkje kan møtat fysisk også. Ja, kanskje står me saman og vernar kvarandre i desse tider nettopp ved ikkje å møtast.

***************************

Mange maleri er hamna på kort. Dei er doble, 15x15 cm. Eit utval av desse finn du her

Fleire Skudenesmaleri er det sjølvsagt blitt. Her finn du nokon av dei: Ut mot havet.

Alle bildene i denne utstillinga er til sals. Dei kan sendast som Norgespakke, kr 150, dersom dei innpakka, er innafor 60x60 cm.