onsdag 1. januar 2014

Måtte du møta dei begge i året som kjem:


Somarfuglen
 -
som synest så grå og livlaus
i sine første levedagar,
men som breier seg ut med fargerike, 
tynne, 
men berekaftige venger
- når tida er der, 
og ber bod
om liv etter liv.

"Love"
som synest så oppbrukt,
misbrukt,
men som ber deg på sterkare venger
enn noko ørn
- når det trengst.

Kan det finnast betre ynskje for det nye året enn at du må møta dei begge

 også i vinterland:




Pris og storleik på tre av bileta finn du her
og Galleri Nauthydlaren i Eplehagen 48, Valen, er ope "nesten alltid.


2 kommentarer:

  1. Misbrukte ord kommer man ikke unna, dessverre.
    De er likevel gangbare til sitt bruk
    Og sommerfugler vil jeg gjerne få se, i år også :)
    Klem :)

    SvarSlett

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, evt ynskje om å sjå nærare på dei, er kommentarfeltet også brukande til nærare kontakt.