tirsdag 24. november 2020

Meir enn ord, ei vandring mellom symbol og abstraksjonar

Utstilling nr 5

Eit bilde kan seia så mykje meir enn mange ord. Stemningar og gamle minne kan bli vekte til live, både om bildet er figurativt eller meir eller mindre abstrakt:


Dei åra sku ingen løfte
som berre ror
te møtes med støa
der ingen bor
Arvid Hansen (utdrag av "Åleine")

Eit bilde kan også vera "bilde" på noko anna, eit symbol. Då går tankane utover det med ser med auga. Og dette er det kjekt å boltra seg i når eg maler. Andre gonger er det eit heilt vanlege figurative bilde som likevel har ein bodskap. Slik er det med pingvinane:

1.

Pigvinvisdom kallar eg det: 

- Dei søkjer saman i stormen

- Dei skiftar på å stå ytst

Hele livssyklusen til keisarpingvinane er fasinerande. For nokre år sidan laga eg ei heil utstilling med dei i hovudrolla. Den kan framleis besøkjast på bloggen her:

Livet under sørlyset - ingen dans på roser

Utanom pingvinane, er det sommarfuglen eg er mest glad i som motiv.


Halfdan Sivertsen har gitt oss eit nytt omgrep: Sommarfugl i vinterland. Lenge høyrte eg songen og stemte i når refrenget kom:

Og du gav meg eit smil

Sommerfugl i vinterland

Ingen kan ta fra deg

Farger du viste med

Og må drømmen du har bli sann

sommarfugl i vinterland.

Det gikk lang tid før eg fekk med meg heile teksten i songen og det gjekk opp for meg at det handla om å komma til Norge for å søkja vern og ly, ja, til Nordnorge der alt var så ulikt der ho kom ifrå.

Den fløy så langt av gangen, 

den fløy så lant avgarde

den kunne knapt forstå de fjella den var kommet over

og den så vannet skinne

den prøvde å sammenligne

men snart er vinteren over

så nå kan noe nytt begynne.

Og du gav meg eit smil

sommarfugl i vinterland...

Dette måtte sjølvsagt på lerretet. Slik blei mi tolking:

3.


Is og sommarfugl, det er nesten som eld og vatn. Det går ikkje i hop. Derfor synest eg denne kontrasten gjer ein så god jobb i maleria.
*


Etter kvart som eg sat og arbeidde med dette motivet i ulike variantar, kom eg på orda til Ronald Fangen:
Så kommer dagen 
da alt hat skal smelte

Sommarfuglen har vore eit symbol i ulike kulterar i hundrevis av år. Her til lands har det vore symbolet på håpet, oppstandelsen: forvandlinga frå det som synes å vera dødt og tørt, til den strålande vakre sommarfulgen. Boka Håp fortel om larvane Den eine og Den andre som fryktar det som skal skje, men som opplever det utrulege, å bli sommarfuglar. Heile boka, tekst og bilde, ligg klar til lesing her: Gåveboka Håp. (Fortellinga eignar seg til høgtlesing).


Kitsukori er ein teknikk der knuste kar blir reparerte ved hjelp av gull. Eg lar sommarfuglen komma med gullet.
4 *


5.

Gjennom mørkret


Bærekraft

*

Dua - fredsdua - må sjølvsagt på lerretet. Her er ho på Broderkretsen på havet sitt Dueflagg:

7. *



Håpet treng med, særleg når verda står på hovudet.
8.


Det er fristande å stengja seg inne i ei boble. Det kan vera godt i blant. Om me ikkje gløymer at når alt kjem til alt, er me alle saman i same bobla:

Ei nått då eg låg og drøymde,
drøymde eg om eit band.
Eit band som gjekk over alle
grensor, og alle land.

Ein drøymer så mangt. Men undren
vart eg då eg fekk sjå
at dette eg trudde var eit band
tok til å livna - og gå.

Då såg eg tusentalls hender
hekta ihop til eit band
som gjekk over alle grensor
og gjekk gjennom alle land.

Det var både ung og gamal,
det var småbarn med far og mor.
Dei laga så sterk ein syskenring
som rokk kring den heile jord.


Andre Bjerke gjorde seg sine tankar om å vera midtpunkt i verda:

På verdenskartet, opphengt i min stue
spaserer en hofferdig liten flue.
Med mine som den store Bonaparte
går den og inspirerer verdenskartet,
og det er ganske klart den ikke enser
de røde streker som er landegenser!
Den eier disse land som den bedekker
med riktig delikate flueflekker.
Den plages neppe av en tragisk viten:
at verden er for stor - og den for liten. 

*

"Sei det med ein blomst".  Ja, blomster er flotte i det verkeleg livet. Og på bilde:
9.



Det kan vera meir og mindre vellukka å seia det med blomster. Og komma heim med ein blomst når ein er redd for å få skjenn og skal forebyggja, er ikkje så lurt. Men om ein vil gi ei oppmuntring, seia meir enn orda kan, då er roser fint.
Men nokon tenkjer annleis, også om roser:

Kjærleik, seier rosa, er ein ange. 
Kjærleik er ei kviskring, seier havet,
Kjærleik er eit sukk, sier vinden.
Kjærleik seier lyset, er ein loge.
Å, alle desse løgner!
Kjærleik ... er ei tåre
Josefa Murillo
10


*
Av og til held eg foredrag og kåseri. Og treng illustrasjonar. Denne ble laga då eg skulle snakka om: 
Når det er tid for å bære byrdene for kvarandre
11 *

Denne karen har nokre val. Han kan
- be om hjelp til å bera
- lessa av mange av børene
- senka ambisjonsnivået for kor han skal hen
12 *

Her er ein annan som treng ei utstrakt hand.

*

Fuglelivet illustrerer mange sanningar:

13.

Når trekkfuglen no kjem tilbake

på jakt eter reirpass og make,

held eg ikkje fram handa,

men dei kan få landa,

dei ti som vil sitja på taket.

Olaf Agnar Gausvik

Når eg med min oppvekst ut mot havet, skal bruka fuglen som bilde, blir det sjølvsagt måken. Her er dei ti på taket. Det vil sei: Eg malte formannskapet. Dei sit der og blir så einige til slutt. Dei andre. "Det er berre eg som ser rette vegen"

Landskapsbilde fortel også mykje. Dette er eit sjølvportrett med same bodskap som måkane ovafor. I poliikken lærer ein å stå åleine. Slik dette treeet gjer, på ein liten jordflekk mellom havet på baksida og vika på framsida, med vestavinden rett i mot:

14.


*

Å bruka skipet som symbol, er ikkje noko ny oppfinning. Kyrkjefader Johannes Chrysostomo levde frå år 347 til 407. Han sa:

Kyrkja er eit skip som seglar gjennom verda.
Herren er styrmann og mannskapet er dei som trur på Han.
Masta er krossen, 
seglet den evangeliske trua,
drivkrafta Den Heilage Ande.
Driven av Han seglar kyrkja inn i Parsadist
og det evige livets hamn.
Gud ord er kompasset,
håpet anker,
bøna ankertau
og Guds trufasthet ankergrunn

15.

Hovudrommet i kyrkjene våre, er kalla skipet, og fleire stader heng det ei skute ned frå taket:


16.

Eit skip treng mannskap. 
Kolbein Falkeid skriv dette i sine private huskeregel.

Du skal ikkje klistre fine øyeblikk
opp på veggen i tankene dine
og forgylle dem med lengselen din.
Du skal kjøre spettet hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
en etter en.

Det er derfor 
livet har den å mannskapslista.




*
Korset kjenner me godt som symbol.
Men det første kristne symbolet me kjenner til er fisken:
IKTOS er det greske ordet for fisk. bokstavan står for
Jesus Kristus, Gids son, frelsar.
I tider då dei første kristne måtte gøyma seg for forfølgjarar, teikna dei fisk i sanden som passord for å gi seg til kjenne overfor kvarandre.
18.

 

Her er korset gøymt i redningsbøyen:



20.
21

*
Å laga maleri med symbolsk bodkspa, var første steg på vegen til å våga meg inn i den abstrakte verda. Velkommen inn i det opne. Her er det ingen titlar. Tanken er fri:
22.
23.

24.



27.

28.


30


31.


32.


33.

*

Då takkar eg for meg. Kjekt at så mange har slått følge på vandringane i ord og bildet. Eg ser av statistikken på bloggen at me har vore mange i lag.
Her er dei tidlegare vandringane som har vore knytt opp mot Skudeneshavn:


Ein del av maleria i denne vandringa er for sal. Dei er det nummer på.
Alle bildet med stjerne ved nummeret, finnes som kort, 14x14 cm: Dei finn du her saman med mange andre motiv: kort

Pris og størrelse:
1. 70x80x4 cm, kr 3000
2. seld
3. 30x30 cm, kr 1200
4. 50x50x4 cm, kr 2000
5. 20x20 cm, kr 400
6. seld
7. 30x30x4 cm, kr 600
8. 40x40 cm, kr 1500
9. 30x30 cm, kr 900
10. 30x30 cm, kr 900
11. 50x50x4 cm, kr 2000
12. 40x40 cm, kr 1500
14. 30x90 cm, kr 2000
15. 70x80x4 cm, kr 2000
16. 50x50x4 cm, kr 2000
17. seld
18. 70x80x4 cm, kr 3000
20. 30x30 cm, kr 600
21. 30x40 cm, kr 700
22- 40x40x4cm, kr 1200
23- 70x80 cm, kr 2000
24. 30x30 cm. kr 700
26. 50x60 cm , kr 1800
27. 50x60 cm, kr 2000
28. 50x60 cm, kr 2000
30. 50x60 cm, kr 1500
31. 30x30 cm, kr 900
32. 70c80 cm, kr 2000
33. 30x40 cm, kr 700
13. 40c40 cm, kr 1500

Her finn du alle abstrakte maleri
Og her er alle maleri som som framleis er for sal.
Eg har nokre få eks av Anders si kokebok til kr 99 igjen.



onsdag 18. november 2020

Ein varm sommardag

 


Kanskje dette får tittel «Ein vatn sommardag»? Eller kanskje «Kvile»?

Trur dette et av dei maleria som må ha ramme. Så ikkje måken fyk vekk. Då blir det litt tomt på himmelen.


tirsdag 17. november 2020

Ro

 

 50x60 cm, seld

Ut mot havet i ord og bilde

Utstilling nr 4

Ut mot havet, i storm og stille. 

Ja, det er kvardagen her vest.

1.



Me spelte "Ut mot havet" i voksenkorpset. Ja, for me kalte det voksenkorpset, me som sneik oss over frå skolekorpset og var i begge på ein gong. 

"Ut mot havet" har ein nydeleg tone, laga av Edvard Fliflet Bræin. Ikkje visste eg då at det også var tekst til melodien:

Ho står der på bryggja no lyfter ho handa

og vinkar og smiler til meg som fer ut.

Og båten min seglar sin kos ut med stranda

og ho står der einsleg med saknad og sut.

Henrik Straumsheim

2.

Denne teksten blei på eit vis vår, sidan mannen min er frå Bryggja i Nordfjord. Postnummeret er Bryggja, men dei som fer forbi i dag, vil ikkje så lett forstå kvifor staden har fått det namnet. Men når me ser den gamle gjestgivarstaden med den store bryggja framfor, ser me poenget. Alt dette er borte no. Men hit kom farande folk som hadde kryssa fjorden, sjølvaste Nordfjord, og skulle vidare til Sunnmøre. 

Så både Jan Ove og eg er vaksne opp ved havet. Sjølv om eg meiner at det er stor skilnad på fjord og hav. Totland ligg mellom Måløy og Nordfjordeid, og nede ved sjøen mellom Holmen og nausta deira stengde svigerbestefar sild. Han var notabas og stemmen hans kunne høyrast på longande lei. 



Svigerbestefar dreiv stort med så mangt. Og ved buda hadde han ishus. Isblokker henta han i elva og stabla i hus. Det var før fryseboksar var vanleg og fryseri var det ikkje. Ishuset er vekke, men buda står:

3.

4.

Svigerfar sine kommandorop passar godt med mi oppfatning av at me vestlendingar må ta hardt i av og til skal me kunne høyra kvarandre i kapp med nordavinden. Men Kielland hadde eit noko anna syn på vestlendingen. Han var fra Stavanger og skulle ha god kjennskap til haustver med nordavind frå alle kantar store deler av året. Men slik skreiv han i innleiinga til Garman og Worse:

Men hva havet er for den der bor ved stranden, får ingen vite, for de sier ingenting. De lever hele sine liv med ansiktet vendt mot sjøen. Havet er deres selskap, deres rådgiver, deres venn og deres fiende, deres erverv og deres kirkegård. Derfor blir forholdet uten mange ord, og blikket som stirrer utover veksler efter den mine havet setter opp - snart fortrolig, snart redd og trossig."

Kanskje det ikkje var styrken i stemmen Kielland tenkte på? Kanskje det var det at me ikkje snakkar så mykje om havet? Me tar det for sjølvsagt. Både at det er der og kor fantastisk og mektig det kan vera. Først når me har gjester med oss, som får sjå sola gå ned i havet, eller bølgjene brusa mot stranda, klarer me kanskje å sjå vår eigen heimstad med nye auge.

5.

Hovudvegen til Norge frå den store verda, har alltid vore havet. Og Vestlandet hadde sine seglingsmerke å styra etter, før GPS og radar gjorde jobben. Siggjo på Bømlo er eit slikt seglingsmerke. Eg sprang opp på den 396 meter høge toppen då eg budde på Bømlo både titt og ofte, og no har eg utsikt til fjellet frå stoveglaset mitt:

Langs heile kysten slo folk seg ned. Nokre kvar for seg i lune vikar, andre i ulendt terreng der ingen skulle tru at nokon kunne bu. 

Langt borte på Vestlandet låg

eit småbruk som sjeldan du såg

Der var det så bratt

at kvar åker og knatt

vart dyrka på baksida og.

Olaf Agnar Gausvik

Mange slo seg ned under mektige fjell langt ut i havet, nær fisken som skulle vera leveveg og skulle gi mat i gryta.

Og mat i gryta er det blitt:

6.



Blir det smått med fisk i garnet, får ein heller male fiskefangsten. Men ein blir ikkje mett i magen av det.

Her hos oss har me ikkje dei store fjella. Øya ligg her ganske så flat og naken. Men med plasseringa heilt ut mot kanten av landet, har øya vore til hjelp for farande folk som skulle nordover til alle tider. For Karmøy gir ly for havet. Gjennom Karmsundet fekk skiprar ein liten pause frå brottsjøane mellom Boknafjorden og Sletta. Og Høyevarde loste skipa trygt gjennom sundet:

For oss blei empirebyen heilt ute i havgapet vår barndoms heim. Eit foto frå 1860-talet har inspirert mange malarar, og eg måtte prøva meg:

7


Her ser me sjøen gå langt innover vågen og det er berre fjellknausar på Øygardshaugen. Huset vårt ligg bakkant av bildet, og det er rart å tenkja på at den vesle garden vår var ny på denne tida. Me vil så lett tru at det gamle alltid har vore gamalt.  
Kvar generasjon har levd her og tenkt at dei var "sentrum i verda". Og slik er det. Dei dagane me har, er dei som er verkelege for oss. Alt anna blir historie. Eller draumar om framtida. Litt større perspektiv får me om me tar oss tid til å lesa, til dømes:  Historia om dei første me veit om som budde på Høines og kven som har overtatt husa dei bygde.


Slik såg det ut der leikeplassen på Høines, på Våjen, er no. Far hadde flott seglskute som han drog ut i verda med på våjen. Me fekk også prøva oss då det var storflo. Det var mykje moro. Og ofte våte føter.

Husa frå venstre er: Heimen til Klara Mjåset og huset der Kristen og Eli Naley budde. Så kjem huset og løa vår. Huset blir heldigvis tatt godt vare på av nye eigarar.  Løa er riven, men grunnmuren ligg under det nye huset som no er bygd oppå den. Til høgre er huset til Gina Haugset. Om du går forbi der no, ser du at berre eine veggen som heldt hagen borte frå trappa, står igjen. Og me kan berre lura på korleis det var plass til ein veg der. Så var det heller ikkje store plassen. På sine eldre dagar sat farfar, Jakob skomakar, ved det store stovevinduet (som ikkje er komme med på denne tida som maleriet er malt frå). Der sat han og sa ikkje stort. Men me høyrte eit sukk kvar gong han hadde sett ein bil som nesten hadde køyrt på ein syklist eller ein unge som prøvde å komma seg over krysset.

Ja. myke er endra rundt omkring, berre sidan eg var lita. Men mykje er også med det same:


Langs heile kysten finn me staselege sjøhus og buder som fortel om gammal storhetstid:

8.

Ei tid var havet sjølve livsgrunnlaget. Men det kunne også vera grådig og uforsonleg mot dei som ikkje hadde hjelpa nær nok når det røynte på:

9.
20x60 cm, kr 1200
*
9b
50x50cm, kr 3000
*
9c


50x50cm, kr 3000
*

*

Etter kvart har Skudenes fornya seg. Og båtane:

Men den gamle tida er likevel ein del av identitet vår. Og vil kanskje alltid vera det i og med at Søragadå er blitt tatt så godt vare på og mange byggjer i gammal stil også i dag.

Det er godt å rusla rundt i smau og gater. Me har nok alle våre minne: 

10.


Dessutan har me fortellingar som er blitt overleverte til oss. Eg var så heldig å ha foreldre som likte å fortelja. 
Far gjorde nok mest ut av det, både med ord og kostyme om han fekk anledning til det. Her har eg malt han utanfor huset vårt, klar til å køyra eit brurepar til kyrkja. Etterpå skulle han vera visevert på festen. Dokumentet han har i handa skulle overekkast brureparet som bevis på at alle rettar no var overdradd frå den eine til den andre.
(Maleriet er dårleg. Det var eit av dei aller første eg laga, men eg deler det med dykk likevel).


Tida går
år for år.
Har inga byrjing.
Har ingen ende.
Kan ikkje stoppe.
Kan ikkje vende.
Tida går som ein røyk og ein foss.
Men den er ikkje komen lenger enn oss.
Tida kan ingen menneske sjå.
Likevel er den her akkurat nå.
Einar Økland


Det er den kvite byen me i dag er så stolte av. Men husa har nok ikkje vore kvite alltid. Kvitmalinga var den dyraste du kunne få, og mange måtte nok klara seg med oker i ulike valører, om dei i det heile hadde råd til maling. I seinare periodar var det også mykje farge på dør- og vinduskarmar. Dette oppdaga eg då eg begynte mala, og her har eg slått meg laus med fargar på eit parti i Søragadå. Nokon meiner dette kan gi eit rett bilde av korleis det var. Andre vil ikkje gå med på at grønt blir brukt. 
Sjøhus og mindre bygg var nok lenge umalte og fekk den fargen vinden og sola gav dei:





Mange diktarar har latt seg inspirera av havet. Slik snakkar Kolbein Falkeid til storhavet:

Uten å blunke svelger du sola

som en rå eggeplomme til kvelds,

og mot demringen løfter du tunge skybanker opp,

stinne av regn og uvær, en våt klut

mot søvndrukne øyne og bankende tinninger.

Med horisonten som et diadem om pannen

skriver du dine salte brev til kysten

Kolbein Falkeid: Utdrag av diktet: Hjemkomst til havet.

11.

Eg er ein båt

utan vind.

Du var vinden.

Var det den leidi eg skulde?

Kven spør etter leidi

når ein har slik vind!

Olav H. Hauge

11b



Men me som har hatt havet som nabo, veit at det er meir gråvêr enn sol. Det kan bli så altfor mykje vêr, både på land og hav:

12.



Mykje vêr fekk folket ved Høinesjøen oppleva på 1860-talet. Då kom ei flodbølgje og skylde vekk det meste som var av sjøhus langs stranda. Arnt Nordnes undersøkte i gamle protokollar, og fann ut korleis husa stod før denne flodbølgja kom. På grunnlag av det laga han ei kolskisse av husrekkene. 

Eg har prøvd meg på å mala desse. (Takk til Oddbjørg som lot meg studera originalskissene). Første bildet viser sjøhusa under fjella opp mot Varden. Det andre viser korleis det såg ut når me ser andre vegen. Restene av den påbygde steinfyllinga over sundet, kan me framleis sjå.


Me trur det ikkje før me får se det, seier me gjerne når me høyrer om flodbølgjer og andre utrulege fenomen. Men her må me stola på kjeldene. Og Fylkesmannen i Rogaland skriv:

Det har gjennom tida gått ei rekke undersjøiske skred i Boknafjorden, Karmsundet og Skudenesfjorden. Ein kan framleis sjå fleire spor i landskapet etter flodbølgjene skreda skapte. Så seint som i 1865 blei fleire naust øydelagt i områda rundt Skudeneshavn då det kom tre flodbølgjer etter eit jordskjelv som målte 4 på Rossi-Forel sin skala [Skala som ble brukt før Richter. Anslagsvis mellom 3 og 4 på Richters skala.].

*

Havet har vore nabo. Og leveveg. Og ein sjøfartsby trengte skip. Ein kort periode hadde Skudenes sitt eige skipsbyggjeri, men det blei berre nokre få skip, så var det slutt. Andre bygder var betre eigna til slikt, mellom anna bygdene langs fjorden der eg bur no. Her var det trevirke nok og elvene dreiv sagbruka. Ganske mange av skutene som blei kjøpte inn til Skudenes på 1800-talet, var bygde her i Kvinnherad.

Her blir søsterskipet til Gjøa bygd på 1870-talet, på ein verv i Rosendal som også leverte skip til Karmøy.

13.

Og det trengtest mange ulike båtar den tida silda stod tett, jekter og notbåtar og større føringsfarstøy. Penselen min blir stadig fasinert av historia om den tida båtane låg så tett i hamna at ein kunne gå tørrskodd på tvers av sunda.

14.



Men visste du at fiskaren har sin eigen nasjonalsong? 
Den ligg godt gøymt midt i ein song me alle kan så godt :) 

Han såg ut på dei steinute strender

det var ruskut å leggja utpå.

Men der leikade fiks ned i kavet

og den leiken den ville han sjå.

Ivar Aasen

15.


Fiskeriene, utstyret og skipa har fornya seg;


Ved Grødemssjøen


Det er fint å bu i Kvinnherad, mellom fjell og fjord. Og det er idylliske vatn i fjellheimen. Her er Bondhusvatnet der eine armen av Folgefonna stekker seg nedover fjellsida.

16.




Men eit havmenneske, er eit havmenneske, og tankane går rett som det er ut til havet. Til havørna sitt rike. Her er ein som har funne seg middagsmat:

17.

Kystens folk har sine fuglar. Nokon har me heile året, andre fortel kva årstid me er inne i:

17 B 


17 c

Lenger nord kjem Lundefuglen tilbake på same dag kvart år. Her kjem ein og spør om det er ein aldri så liten plass ledig på fjellhylla:

18.

Me nøyer oss med - og held ut med: måken.

19.

Mellom holmar og skjer må ein passe på. Det er grei landingsplass for måken, men skipa må halda seg unna;

20.

I fint vêr ser det ut som ein enkel jobb å navigera lands kysten vår. Men så kjem skodda. Her ligg ho tett i Naley:


Ein stolt Colin Archer har funne vegen inn Nesagabet i tide.


Mektige seglingsmerke langs leia fortel om ureint farvatn.

21.


*
21b

Ved innseglinga til Skudenes må ein sanneleg halda tunga rett i munne. Og ein må kjenna til fyra og sektorane så ein kan komma seg trygt i hamn:
22.

Med godt sjømannskap kan ein også komma seg velberga fram der ein ikkje er kjend. Her trur er eg det er Solstadskip som nærmer seg land ein eller annan stad.

23.

No tar me gode kart og fyrlys som noko sjølvsagt. Då Karmøyfolk drog på det første Islandsfisket på 1880-talte, var det ingen fyrlys som viste dei veg inn i fjordane på aust- og nordkysten. Avisene skreiv då at skodda hadde letta og dei norske skipa hadde komme dettande inn fjorden: 

24.

Då eg skreiv romanen Alt vel som fortel om den store stormen som herja i 1884, måtte eg ein tur for å sjå den islandske fjorden der det hendte. Naturen gjorde inntrykk: Særleg det karakteristiske landskapet på sørsida.

25.


Då nordmennene var der, budde dei gjerne i skipa sine. Nokon bygde sine eigne hus med trelast dei hadde med seg. Men islendingen budde i hus som var skapte til å tola klimaet; halvvegs inne i bakken. Denne kyrkja, som framleis er i bruk, er av det slaget:

26.

Men nye tider, og nye yrker, er det mest fiske i liten skala for dei fleste av oss:




Og havet blir brukt til fritid og sport:




Allereie på 1860-talet gjekk den første regattaen av stabelen. Det var i byfjorden i Stavanger, og Bjørson skreiv:

Vår ære og vår makt, 

har hvite seil oss brakt

Men det var mykje meir enn kvite segl som gav landet framgang:


*

27 c



Språket vårt er fullt av maritime uttrykk. Me tenkjer ikkje så mykje over det når me snakkar om:

å halda stø kurs

alle mann på dekk

å leggja inn årene

det er von i hengande snøre

å driva for ver og vind

å gå ned med flagget til topps

å stå til rors

Kanskje du kjem på fleire? 

I dei kjente og kjære songane er også bilda henta frå den maritime kvardagen. Og eitt av dei finaste dikta eg veit om, speler på dette:

28.


Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje -

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa -

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge



*
Havet er det same, frå år til år. 
Når eg høyrer brenningene brusa, tenkjer eg at slik stod mine forfedre og formødre. 
Såg utover havet, tenkte. Lengta.
 Og levde sine liv. 
Sol gjekk ned. Månen kika fram. Og forsvann. Sola stod opp att. 
Alt i sin faste rytme. 
Brydde seg ikkje så mykje om kva dei tenkte dei som stod på haugen å skoda utover.

Diktet ditt

har gjemt seg på baksida av månen.

Og månen, vet du,

har bunden rotasjon.

snur ikke ryggen til noen.

Kjekk kar sånn.

Kolbein Falkeid

*

29.


Også det lange perspektivet blir fanga inn av bildet med havet:
Eg høyrer enda far sin tenor ljoma frå kjøkenet då han vaska opp på søndagane:

Jeg er en seiler på livets hav
på tidens skiftende bølge
Den Herre Jesus meg kursen gav 
og denne kurs vil jeg følge.
Jeg stevner frem mot de lyse lande
med livsens trær på de skjønne strande
hvor evig sol og sommer er.
Henry Albert Tandberg

og:

Han fører deg frelst over fjorden
Heilt fram til den himmelske strand 
Når døden sin brottsjø du møter
vil Jesus dra båren i land.
Trygve Bjerkrheim

*
Då takkar eg for vandringa, eller seilasen, for denne gong!

Dei andre vandringane i ord og bilde finn du her:

1. Haust

*

Om det var maleri her som du kunne ha lyst på, finn du pris og størrelse nedst på sida her. 
Ta kontakt på sms 98060938 om du finn noko av interesse.
Flere av maleria mine er samla her: Galleri Nauthydlaren

Kokeboka til Anders, kr 99


Pris og størrelse på maleria:
1. seld
2. 50x60 cm, kr 2000
3. 40x40 cm, kr 2000
4. 30x30cm, kr 1500
5. seld
6. 50x60 cm, kr 1800
7. 70x80 cm, kr 2000
8. 40x40x4 cm, kr 2000
10. 40x40x4cm ,kr 1500
11. seld
11 seld
12. 50x60 cm, kr 2000
14. seld
15. 70x80X4 cm, kr 3000
16. 40x40cm, kr 2000
17. seld
17 B 40x40 cm, kr 2000
17 seld
18. 40x40 cm, kr 2000
19. seld
20. seld
21. 30x40 cm, kr 1200
21 B. 50x60 cm, kr 1800
22. 50x50 cm, kr 1800
25. 30x30x4 cm, kr 900
26. 30x30x4 cm, kr 900
27, 30x40 cm, kr 1200
27b. 30x40 cm, seld
27c 50x60cm, kr 1500
28. seld
29. seld

Porto kr 150