Revidert og fornya oktober 2021
Det er svart november, syng Vamp.
Snart er november her…
Naturen kan likevel gi oss gode opplevingar,
også i november.
1
2
Me tenkjer ofte på storm når hausten kjem. Eg hugsar dropane frå taket utfor soverommet som laga jamne plaskelydar som dyssa meg i søvn.
Og for mange her vest har nok tankane gått til dei som er på sjøen når stormene herja.
3
Men det kjem også fine, klare kveldar:
4
Og kvart år overraskar hausten. Alt som veks er i ferd med å førebu vinteren.
Men først får me eit fyrverkeri av fargar.
Og fuglane minnar oss på kva årstid me har
Om me skulle ha gløymt det.
5
Når lauvet er i ferd med å gi tapt,
blir synet av skogen litt på avstand nesten enda sterkare.
8
Men fargane kor sterke dei enn er,
så veit me at dei eigentleg held avskjedsselskap for oss.
For no kjem hausten, den ærlege hausten,
kallar Henrik Straumsheim (1893-1975) han:
(Fleire bilde under diktet)
Eg helsar deg haust, du ærlege haust,
du lovar meg aldri det slag.
Broren din, våren, han lovar så raust,
han lovar kvar einaste dag,
men lovnaden gløymer han ofte så fort,
han held ikkje meir enn han vil,
og var det eit vonbrot han ikkje fekk gjort,
så hjelpte nok sommaren til.
Eg helsar deg haust, du ærlege haust,
du lovar meg aldri det slag,
Men open og ærleg og trugen og traust
det er du frå dag og til dag.
Du seier så sant er og slær ikkje av,
eg stormar, eg ruskar, eg riv,
eg møter med kulde, med død og med grav
det fallande, folnande liv.
Eg helsar deg haust, av heile mi sjel,
eg helsar deg, herlege haust.
Du lovar meg injke, men kjem likevel
med gåver så rikt og så raust.
Ja, ofte kom du med ein soldaga attpå
som ikkje var ventan eingong,
og lia var gullgul, og fjella blå,
og livet var solskin og song.
Eg helsar deg haust, du ærlege haust,
og takkar for alt som du gav,
for stormen frå nordvest og græl frå aust
og båra som braut over hav,
for sola som lyste så lognt over land
når bya frå nord spakna av,
for livet som loga i bål og brann
den stunda det sig i hav.
Om lauvet er aldri så fint, må eg som Skudenesbu innrømma at lynghausten er min favoritt;
røsslyng over knauser og langs stiar:
9
No bur eg i Kvinnherad der hausten kan vera slik:
10
På Valen kan eg nyta denne utsikta frå kjøkken vinduet:
11
Og i båthamna senkar freden seg.
12
13
Litt glede har me av dei mørke haustdagane,
om me veit å setja pris på variasjon.
Hugsar du då du leika i regnet?
Får du ikkje lyst å gjera det igjen?
14
15
16
17
Det er fint å vassa i bølgjene langs stranda ein sommardag.
Men å vassa i lauv er heller ikkje å forakta.
18
Men korleis me snur og vender oss,
kjem me ikkje utanom at hausten også bringer vemod,
slik det stod i diktet:
... livet som loga i bål og i brann
den stunda det sig i hav
19
Håpet høyrer hausten til. I 2009, då eg var heilt ny ved staffeliet, malte eg dette. Mor hadde sine siste dagar. Eg sat og såg ut vinduet, og såg at treet gjorde seg klar til ein ny vår - akkurat i det hausten bles rundt hushjørna og varsla mørkare tider. For om ikkje lenge var det ein ny vår som sende varme til knoppane og fekk dei til å springa ut som nytt, friskt lauv:
20
Håpet ligg på lur i hausten. Slik er det også fint å ha eit håp i livet, ja, eit som går ut over livet. Sommarfuglen har vore eit symbol for det kristne håpet sidan 1800-talet her i landet. Det kan du lesa meir om i den vesle boka
Håp om larvane Den eine og Den andre.
Heile boka er lagt ut her21
Abstrakte bilde kan hjelpe tanken til å vera fri. Slik kan me også leggja kvar vår tolking i det me ser.
22
23
24
Etter haust og vinter, kjem ny vår. som dag kjem etter natt
Tre gamle vener opplever haust
Hausten byr også på ein siste dans;
Dei siste rosene som til og med overlever den første frosten:
28
29
Takk for følge gjennom hausten!
I det siste har eg malt alle årstidene. Dei finn du her:
ÅrstideneHer finn du dei andre utstillingane i denne serien;
***
Ein del av maleria du har sett no er for sal. Her er info om dei:
1. Haust, seld
2. Trekkfuglar, 40x40 cm, kr 1500,-
3. Storm på havet, 50x60 cm, kr 1800,-
4. seld
5. Lauv, 30x40 cm, kr 900,-
6. seld
7. Løn, 50x50x4 cm, kr 2000,-
8. Haust ved fjorden, seld
9. Røsslyng, 50x60 cm, kr 1400,-
12. Seld-
13.,Ekely på Valen, 20x20x4 cm, kr 300,-
15. I regnet, seld
16. Leik i sølepytten, 30x30 cm, seld
17. Seld
18. Haustlauv, 40x50 cm, kr 1200,-
19. Seld
20. Nye skot varslar ny vår, 30x40cm, olje på lerretsplate, kr 900,-
21. Håp, 20x20 cm, kr 500,-
22. Håp, 30x40, kr 800,-
23. Lys der framme, 30x40 cm, kr 800,-
24. Mot haust, 30x40 cm, kr 800,-
26. Seld
27. Tre gamle vener går mot haust, 30x30 cm, kr 600,-
28, Rose, 30x30 cm, kr 800,-
29. Rose, 30x30 cm, kr 800,-
Om du kunne ha ønskt eit av bileta her på veggen din,
kan du ta kontakt på post@marittotland.no
DM på Twitter, Instagram, messenger eller send sms til 98060938.
Det går fint å senda maleri i posten.
Då kjem ca 150 i porto.
Fleire av maleria mine er samla
her
Sonen, Anders, ryddar også. No er kokeboka hans, Digg - å få kjøpt hos meg for kr 99 + porto .
(På sms 98060938)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no