lørdag 5. september 2020

Gullbrevet

 Kva hadde du tenkt om dette brevet låg i postkassa di?

Kva kunne vera så verdifullt at det blei forsegla med ein sommarfugl?



Då eg la brevet på Facebook og spurte kva andre trudde stod i dette brevet, fekk eg eit svar frå Solveig Hamre Johannessen. Ho viste meg diktet Brevet av Jan-Magnus Bruheim. Det var ukjent for meg, men eg kjem ikkje til å leggja det vekk. Sjå kor flott det er:

Eg sit i kveld og skriv til deg
og kjenner orda spire
Men enno står det berre eitt 
og lyser på papiret.

Eit "kjære" berre, står det her.
Eg må vel finne fleire?
Men vide flakkar tankane,
som fuglar kringom reiret.

Det er så mangt eg skulle sagt -
Fortenkt eg sit ved bordet
og tenkjer: Kanskje er det nok
med dette eine ordet?

Eg ynskjer deg - kvarhelst du bur
langt borte, eller nære,
at du kan kjenne varmen frå
det vesle ordet: Kjære.

Diktet er også tonesett av av Sigrid Moldestad. 
Eg må leita opp den og lytta!

*

Bildet er malt med akryl på lerret, 30x30 cm, kr 1200

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no