torsdag 30. juli 2020

onsdag 29. juli 2020

Fleire abstraksjonar

Tankane flyg langt av garde når eg lagar bilete som dette. Men like interessant som mine tankar, er det kva tankar dei gjer seg som ser bileta. Legg gjerne gode framlegg til titlar i kommentarfeltet.
Alle bileta er i akryl på lerret.

Alle dei abstrakte maleria er samla her


30x40 cm, seld

seld

20x50 cm, kr 1000

tirsdag 14. juli 2020

Kvardagsvêr

Dei fleste dagane klarer me oss utan sol her på Vestlandet. Me set pris på sola, men kunsten er å sjå at også dagar utan sol kan gi lys og varme, på sitt vis.
Her er eit utval maleri som vitnar om at impuls og inspirasjon også kjem når sola er vekkreist. Ho er ikkje alltid like langt vekke, sjølv om du trur det. - I livet ditt, altså.
30x30 cm, seld
*

Seld
*


40x40 cm, kr 1000
*


Vest for Borgundøy med Siggjo i bakgrunnen ein sommardag med mykje sol. 
Og plutseleg blei himmelen mørk og regnet fossa ned.
olje, 30vx40 cm, kr 900,-


Av og til tru med vêret er fint. Men ute i havet stormar det. Då blei det landligge.
70x90 cm. kr 4000.


Når måken flyg lågt, blir det regn og vind, sa dei gamle. Ja, dei som var gamle før, altså.



Heldigvis er ikkje sola alltid så langt vekke.
30x30 cm, seld

Når stormen kjem, søkjer keisarpingvinane saman. Det skifter på å stå ytst, og hjelper kvarandre til å overleva stormen. Dei er kloke, pingvinane!
40x40 cm, kr 1400,-

Å vera lærar her i fjorden på 1800-talet var ingen spøk. 
Her er han på veg inn mot fjæra med skulekista.
30x40 cm, kr 1400,-

Også over Fjelberg senker skyene seg tett ned mot land av og til. Men lyset er ikkje heilt vekke.
30x40 cm, kr 1500,-

Liten eg? 20x20x3 cm, seld

Her er det på tide med Mayday-signal.
50x60 cm, kr 1900,-

Inn mot Fjæra, 50x60 cm, kr 2000,- oljemaleri

Regn kan vera kjekt, særleg når ein er liten. Seld

Håp, 30x30x3, kr 150

"Måken det er bølgeslaget som har gjort seg om til fugl."'
Finn Kalvik
40x40x3 cm, kr 1200,

av og til er gråvêret mest i tanken, seld 


Skoddehav, 30x 24 cm, kr 600


30x30 cm, kr 600
*


Håper du får mange fine solskinsdagar framover. Og nokre gode dagar elles. :)
Maleri kan kjøpast ved kontakt:marit.totland@knett.no