onsdag 26. mars 2014

Privat huskeregel


Akryl på lerret, i sveveramme i sølv, 50x50 cm, seld,-

Kloke ord frå Kolbein Falkeid.

tirsdag 25. mars 2014

Korleis kommuniserer måkane?

I dag har eg fanga  måkane som stadig kjem til båten når me sløyer fisk. No er dei festa til lerretet.

Men eg har aldri fått noko godt svar på kor dei kjem frå, alle desse måkane. Det er jo ikkje ein måke å sjå utover det opne havet. Så kastar eg ein neve med fiskeslo, og vips, så er den første der. Og før neste lyr er sløgd, er det ei heil horv.

Korleis kommuniserer dei, desse flaksande kystvenene? SMS? (Så Mykje Slo - kom!)



lørdag 15. mars 2014

Visst skal våren komme..



Hustavle? 
Det er vel der ein skriv det aller viktigaste?


Biletet er 30X90 cm, akryl på lerret, i sveveramme i sølv, kr 1000,-

tirsdag 11. mars 2014

Facebook, anno 1814 og 2014

Har du høyrt det?

Spørsmålet er ikkje nytt. Det har vore kviskra og ropt ut til alle tider. Og svara har vore kviskra og ropt tilbake.

Frå munn til munn, frå ansikt til ansikt, frå Facebookside til Facebookside.
Skilnaden er ikkje så stor.

Auge til auge kunne ein høyra orda, men også sjå uttrykket, kjenna pulsen til den som snakka, - til den som høyrte. Ropeteikn eller smilefjes på Facebook kan ikkje erstatta det. Derfor krev Facebook anno 2014 at ein tenkjer når ein tastar. Særleg før ein trykker "send".

Informasjon om biletet, pris m m, finnest her

lørdag 8. mars 2014

Byfrøkna og bondekona





I serien "kvardagskvinner" har eg i dag vore på torget. Der møtte eg byfrøkna som skulle handla hjå bondekona. Me får tru ho fekk godt betalt for gulrøtene.
Kontrastar har det vore i kvinnene sine kvardagar. Og slik er det framleis.

 No når biletet er ferdig, ser eg at det kan minna om torghandel i Stavanger. Det var ikkje planen, men tanken har vel dukka opp ein plass ifrå, frå dei gamle minnene om byturane med ferga.

Opplysningar om pris m m, finnest  her

torsdag 6. mars 2014

På tide å dra heim



Vel heime etter formannskapsmøtet finn eg fram malingsakene.
Dei kom saman før også, - for å få ting gjort. Og kvinnene var med, lenge før dei fekk dei formelle rettane, mellom anna til å røysta.
Rorkar trengte dei ikkje.

Foredraget eg skal halda om kva kvinnene har hatt å seia for historia som det til no ikkje er lagt stor vekt på i historiebøkene, begynner å ta form.
Har du tankar om dette?

Bilete er mala etter eit foto Olav Kristian Falnes la ut på Facebooksida "Du vett du e fra Skuddnes.." Han lånte velvillig ut motivet som er frå Skudeneshavn.

Biletet er seld