torsdag 28. august 2014

Ei utruleg fortelling

I det siste har eg laga illustrasjonar til boka mi, "Garborg og Skou - forskjell på folk" som kjem ut i oktober. På skulen fekk me av og til som oppgåve å teikna det me såg på nokre bilete. Eg set opp illustrasjonane her, men trur ikkje det er mange som utifrå dei ville klara å fortelja om hovudpersonen: Martin Johan Mathiassen Skou. Eg visste det var ein fargerik person då eg starta arbeidet, men blei overraska gong på gong likevel.
Meir om boka og prosessen fram til ferdig bok i midten av oktober,
kan du lesa her




onsdag 20. august 2014

Der det nye livet lever

Sundag, 24.august kl 16 blir det utstilling på Rødtunet i Uskedalen i Kvinnherad. Eg er beden om å ha med bilder med kristne motiv, og det gjer eg så gjerne.

Under overskrifta: Der det nye livet lever blir det mange bilde der somarfuglen er motiv. Somarfugen er eit altfor lite kjend og altfor lite brukt symbol for håpet, oppstoda og nytt liv.

Dua er også brukande til så mangt. I kveld laga eg siste bildet til utstillinga: Elsk dine fiendar! Den utfordringa høyrest ut til å vera over evne. Bildet fortel om ei anna kraft, ein annan motivasjon enn den personlege: Kjærleiken som trassar alt og som har si eiga kjelde.

I samband med utstillinga har Uskedalen.no skrive:

Marit Elisebet med symbol på oppstoda

Klikk på bilete for full storleik
- Det måtte bli somarfuglar..
- Eg tør ikkje kalla meg kunstnar, men eg driv og malar og førebels er det til saman blitt rundt 400 bilete.
Det seier Marit Elisebet Totland, som har utstilling på Rød under  museumsdagen sundag ettermiddag og som også er 30-årsjubileum for bygdetunet.
Marit Elisebet kjenner vi mest som politikar for Kristeleg Folkeparti, ho har vore både
ordførar i Bømlo og statssekretær og er no medlem av kommunestyret.
Klikk på bilete for full storleik

Marit Elisebet fortel at i 2006 var helsa slik at det einaste ho kunne
halda i handa over litt tid var ein pensel. Då starta ho og mala, noko ho
aldri hadde gjort før. Ho starta med oljemaling, men har også brukt
akryl det siste året.
- Kvar hentar du motiva frå?
- Frå dei stadane eg kjenner best. Difor er det blitt endel motiv frå frå Skudesneshavn og Kvinnherad. I vinter hadde eg ei pingvinutstilling som eg kalla Livet under sørlyset - ingen dans på isroser. Og i samband med 1814-jubileet malte eg Kvardagskvinnene.
- Korleis vart det utstilling i Uskedalen?
- Kristian Bringedal utfordra meg til å ta med bilete med kristne motiv til til Rødtunet. Då måtte det bli somarfuglar. Somarfuglen er eit symbol på oppstoda, eit symbol som etter mi meining er altfor lite brukt. Ei åme tullar seg inn som ei puppe og ser heilt livlaus ut før ho sprengjer seg ut av skalet som ein somarfugl. Så har eg også kalla den vesle utstillinga mi Der det nye livet lever.
- Så har du eit eige galleri??
- I kjellaren her i Eplehagen 48 på Valen har eg Galleri Nauthydlaren. Der sit eg og malar og der er folk velkomne til å stikka innom. For tida heng det 70 bilete der. Mange bilete heng også på den
digitale utstillinga http://Gallerinauthydlaren.blogspot.com
Det siste eg har laga er nokre bilete til ei bok eg har arbeidd med i mange år som kjem ut i haust: Garborg og Skou - forskjell på folk? Ho kjem på Commentum forlag.
Tekst, foto og nett: Ola Matti Mathisen