lørdag 8. februar 2014

Livet under sørlyset - ingen dans på isroser

Oppdatert september 2022

Keisarpingvinane er flotte. Flotte å sjå på, om ikkje så elegante i ganglaget.

Dei lever eit liv i stadig kamp for å overleva. Bli med gjennom dei skiftande tidene i eit pingvinliv:

70x80x4 cm, kr 3000

Under sørlyset

Også ved sørpolen er det dansande lys, sørlys, slik me kjenner det på våre kantar som nordlyset.

40x40cm, kr 1800

40x40x4 cm, kr 1400,-

 

























Når det nærmar seg tid for å tenkja på paring og nytt liv, forlet dei vaksne keisarpingvinane kysten der det er nok av mat i havet, og tar fatt på ei lang vandring.









Den lange vandringa innover isen for å finna ein stad der dei kan ha egg og ungar i fred for rovdyr startar. I flokk å følgje kjem dei frå alle kantar, alle mot same mål.



Vegen er lang, om lag 10 mil, så det kjem godt med at ein kan kvile beina og aka på buken av og til


Sekund om å gjera

Vel framme finn dei seg ein partnar. Pingvinane er seriemonogame; paret held saman i ein sesong, til ungen deira kan fø seg sjølv.

Frå dei møtest til dei kan la neste generasjon leva sitt eige liv, er dei heilt avhengige av kvarandre. I snøstormane held heile flokken saman. Dei skiftest på å stå ytst, slik at alle får varma seg på skift.


Eit par må bli godt kjende med kvarandre, slik at dei finn kvarandre att etter at dei kvar sin gong har vore ein tur til havet for å få seg mat. Lydane dei lagar er det særs viktig å kjenna att.


Når egget er lagd, gir mora det over til faren. Han må få det inn i rugepungen sin i løpet av få sekund.


Tar det for lang tid, vil egget frysa...


Går alt bra, ser ein liten unge dagens lys, og får krefter i beina når far luffar av garde med han.


På innlandsisen er det ikkje så mange som er ute etter dei små pingvinungane. Men albatrossen, med vingespenn på opp til 3 meter, kan fort plukka med seg eit måltid.


Når ungane er store nok, startar vandringa tilbake til kysten. Det er langt for små pingvinføter, sjølv om dei aker på buken for å spara føtene i nedoverbakkane.

 
Det blir ei ny vandring, no for knøttsmå bein.

- Er me ikkje framme snart?
spør dei nok rett som det er.



 

Framme ved havet byksar dei i sjøen.
Ikkje fordi dei vil ha ein dukkert, men fordi det er der maten er.

24x30 cm, kr 700,-

No kan dei leva det gode livet ved kysten til det igjen er på tide å ta farvel med matfatet, isfjella og det "varme" vatnet.



Men her ute ved kysten er det mange farer som lurer:

Spekkhoggaren er ute etter pingvinane


Om pingvinungane klarer seg og blir vaksne 4 - 5 år, er det deira tur til å leggja i veg til innlandsisen for å hekka.

Og då startar ei ny vandring...


30x40 cm. kr 900

Pingvinlivet minner på mange vis om våre liv. Her er  kampen om trona: Kven vinn, keisaren eller kongen på haugen?

30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1200,-


Kongepingvinane held også saman i flokkar. Når foreldra skal henta mat til ungane, blir nokon av dei att på samlingsplassen for å passa ungane. Dei samlar dei i flokkar og omkransar dei. Slik vernar dei ungane ikkje berre mot fiendar, men også mot kulda.


Og tøffe dagar er det også:
Etter festen








6 kommentarer:

  1. WOW!! Så flott! Har du malt disse bildene!
    Superflott! -Margit-

    SvarSlett
    Svar
    1. Så fint at du likte bileta mine. Ja, eg har malt dei no dei siste vekene. Akryl på lerret.
      Eg har kost meg med desse, og synest eg kjenner pingvinane no.

      Slett
  2. Selger du vegger?
    I så fall vil jeg ha ... pingviner og vegg :)
    Herlige bilder.
    Særlig det med "friserte" pingviner i rosa lysskjær :)
    Mormorklem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser du har same problem som dei fleste av oss som har levd ei stund: fulle vegger. som mor sa då ho fekk dørseljarar som ikkje snakka norsk: Nix mer wall. Hadde det berre vore veggseljarar..

      Slett
    2. Blei ganske så mange skrivefeil i svaret til mormor, ser eg. Konstanterer igjen at lesebrett ikkje er skrivebrett. Og så tar eg litt av skulda sjøl i også..

      Slett
    3. Samme problemet som meg altså. Bretti er grei for lesing og slikt, men bevare mine fingre for å poste noe særlig :)
      Søndagsklem :) på morsdag :)

      Slett

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no