lørdag 26. september 2020

Når ein får så hatten fyk

 Det er mykje debatt i politikken. Og oftast går det roleg føre seg. Det kan likevel opplevast som om ein får så hatten fyk:


50x60 cm, kr 2000,-

Haust i ord og bilde

Revidert og fornya 6.november. 
Utstilling nr 1.

 Det er svart november, syng Vamp. 
Og dette året kan november 
opplevast ekstra mørk, 
I ei unntakstid der me ikkje kan møtast så ofte for å vera til oppmuntring for kvarandre.
 
Naturen kan likevel gi oss gode opplevingar, 
også i november.
1

2


Me tenkjer ofte på storm når hausten kjem. Eg hugsar dropane frå taket utfor soverommet som laga jamne plaskelydar som dyssa meg i søvn.
Og for mange her vest har nok tankane gått til dei som er på sjøen når stormene herja.

3



Men det kjem også fine, klare kveldar:

4




Og kvart år overraskar hausten. 
Alt som veks er i ferd med å førebu vinteren. 
Men først får me eit fyrverkeri av fargar. 
Og fuglane minnar oss på kva årstid me har
Om me skulle ha gløymt det.

5

6


7



Når lauvet er i ferd med å gi tapt, 
blir synet av skogen litt på avstand nesten enda sterkare.

8


Men fargane kor sterke dei enn er, 

så veit me at dei eigentleg held avskjedsselskap for oss. 

For no kjem hausten, den ærlege hausten, 

kallar Henrik Straumsheim (1893-1975)  han:

(Fleire bilde under diktet)


Eg helsar seg haust, du ærlege haust,

du lovar meg aldri det slag.

Broren din, våren, han lovar så raust,

han lovar kvar einaste dag,

men  lovnaden gløymer han ofte så fort,

han held ikkje meir enn han vil,

og var det eit vonbrot han ikkje fekk gjort,

så hjepte nok sommaren til.


Eg helsar deg haust , du ærlege haust,

du lovar meg aldri det slag,

Men open og ærleg og trugen og traust

det er du frå dag og til dag.

Du seier så sant er og slær ikkje av,

eg stormar, eg ruskar, eg riv,

eg møter med kulde, med død og med grav 

det fallande, folnande liv.


Eg helsar deg haust, av heile mi sjel,

eg helsar deg, herlege haust.

Du lovar meg injke, men kjem likevel 

med gåver så rikt og så raust.

Ja, ofte kom du med ein soldaga attpå

som ikkje var ventan eingong,

og lia var gullgul, og fjella blå,

og livet var solskin og song.


Eg helsar deg haust, du ærlege haust,

og takkar for alt som du gav,

for stormen frå nordvest og græl frå aust

og båra som braut over hav,

for sola som lyste så lognt over land

når bya frå nord spakna av,

for livet som loga i bål og brann 

den stunda det sig i hav.

           

Om lauvet er aldri så fint, må eg som Skudenesbu innrømma at lynghausten er min favoritt; 
røsslyng over knauser og langs stiar:
9
                              



No bur eg i Kvinnherad der hausten kan vera slik:

10




På Valen kan eg nyta denne utsikta frå kjøkken vinduet:

11




  Og i båthamna senkar freden seg.
12




13

            

Litt glede har me av dei mørke haustdagane, 
om me veit å setja pris på variasjon. 
Hugsar du då du leika i regnet? 
Får du ikkje lyst å gjera det igjen? 

14




15



16


17


Det er fint å vassa i bølgjene langs stranda ein sommardag. 
Men å vassa i lauv er heller ikkje å forakta.

18


Men korleis me snur og vender oss, 
kjem me ikkje utanom at hausten også bringer vemod, 
slik det stod i diktet:

... livet som loga i bål og i brann 
den stunda det sig i hav

19

       


Håpet høyrer hausten til. I 2009, då eg var heilt ny ved staffeliet, malte eg dette. Mor hadde sine siste dagar. Eg sat og såg ut vinduet, og såg at treet gjorde seg klar til ein ny vår - akkurat i det hausten bles rundt hushjørna og varsla mørkare tider. For om ikkje lenge var det ein ny vår som sende varme til knoppane og fekk dei til å springa ut som nytt, friskt lauv:

20



Håpet ligg på lur i hausten. Slik er det også fint å ha eit håp i livet, ja, eit som går ut over livet. Sommarfuglen har vore eit symbol for det kristne håpet sidan 1800-talet her i landet. Det kan du lesa meir om i den vesle boka Håp om larvane Den eine og Den andre. Heile boka er lagt ut her
21




Abstrakte bilde kan hjelpe tanken til å vera fri. Slik kan me også leggja kvar vår tolking i det me ser.

22



23



24



Etter haust og vinter, kjem ny vår. som dag kjem etter natt

25



26


27

Tre gamle vener opplever haust


Hausten byr også på ein siste dans; 
Dei siste rosene som til og med overlever den første frosten:

28



29




Takk for følge gjennom hausten! 
Her finn du dei andre utstillingane i denne serien;

***

Ein del av maleria du har sett no er for sal. Her er info om dei:

2. Trekkfuglar, 40x40 cm, kr 1500,-
3. Storm på havet, 50x60 cm, kr 1800,-
4. Kvile, 50x60 cm, kr 4000
5. Lauv, 30x40 cm, kr 900,-
6. Løn, 50x60 cm, kr 3500,-
7. Løn, 50x50x4 cm, kr 2000,-
8. Haust ved fjorden, 50x60 cm, kr 2500,-
9. Røsslyng, 50x60 cm, kr 1400,-
12. I båthamn på Valen, 40x40x4 cm, kr 1200,-
13.,Ekely på Valen, 20x20x4 cm, kr 300,-
15. I regnet, seld
16. Leik i sølepytten, 30x30 cm, seld
17. Seld
18. Haustlauv, 40x50 cm, kr 1200,-
19. Avskjed, 40x40 cm, kr 800,-
20. Nye skot varslar ny vår, 30x40cm, olje på lerretsplate, kr 900,-
21. Håp, 20x20 cm, kr 500,-
22. Håp, 30x40, kr 800,-
23. Lys der framme, 30x40 cm, kr 800,-
24. Mot haust, 30x40 cm, kr 800,-
26. Mot kveld med Siggjo i vest, 30x30 cm, kr 600,-
27. Tre gamle vener går mot haust, 30x30 cm, kr 600,-
28, Rose, 30x30 cm, kr 800,-
29. Rose, 30x30 cm, kr 800,-


Om du kunne ha ønskt eit av bileta her på veggen din,
 kan du ta kontakt på marit.totland@knett.no, 
DM på Twitter, Instagram, messenger eller  send sms til 98060938.
Det går fint å senda maleri i posten. 
Då kjem ca 150 i porto.
Fleire av maleria mine er samla her

Sonen, Anders, ryddar også. No er kokeboka hans, Digg - å få kjøpt hos meg for kr 99 + porto .
 (På sms 98060938)


fredag 25. september 2020

Redning

 Eg begynte med to sirklar på rustikk bakgrunn. Enda her. Å mala er fint.


Bildet er 30x30 cm, akryl på lerret, kr 1000,-

torsdag 24. september 2020

Ikkje berre kvite segl

Vår ære og vår magt

har hvite seil oss bragt.

Det var Bjørnson sine ord i 1868. Men det er ikkje berre kvite segl som skal ha æra. Råsegl, brune og herja, gjorde ein stor jobb for landet. Og mannskapet ombord hadde mang ein tøff turn.


50x60 cm, kr 1800,-

*


30x30 cm, kr 900,-

*


50x60 cm, kr 2000,-

*


     60x80 cm i sølvfarga sveveramme, kr 2500,-


søndag 20. september 2020

Ei stille stund

 


Av og til er det ei songstrofe som inspirerer til utforming av maleri. Her tenkte eg først på «Ved Jesu føter ei stille stund». Men det blei jo ikkje berre stille rundt omkring her. Kanskje det passar betre med «Høyr kor det stormar der ute. Her er det fredfullt og tyst.» Og kanskje ser du noko heilt anna?

Fleire abstrakte maleri finnest her

Maleriet er seld

torsdag 10. september 2020

Endeleg utafor leiren?

 



Mange er endeleg utafor det store gjerdet rundt flyktningleiren. Mange barn.


Twitteriats Inger E. Solem har desse orda til bildet:

Hald om meg,

eg skaka i avmakt. 

Ropa mine når ikkje fram

åt maktmenneska.

Flammane stig opp mot

en taus Gud.

Eg skaka.


****


(Bildet er 30x40 cm, kr 1500,-)

onsdag 9. september 2020

Sorry, Moria!

No kan me tenkja: Sorry, Moria! Me blei litt seine. Og me tenkte litt smått! 

Eller me kan seia: Det blir ikkje noko Soria Moria for dei 13 000. Draumane er vel for lengst lagde i grus hos dei fleste. 

Me har vårt Soria Moria som fleire kan få del i. No kjem dei med tyngre baggasje enn om dei hadde komme før. Det må me kunne takla. Kva anna land vil kunne gjera det like bra?

I dag bankar hjartet. Politikarar skal også tenkja, ikkje berre høyra på hjartet. Det må kunne gå an å gjera begge deler. Slik at me ikkje om nokre år enda ein gong må seia: Sorry, Moria!

Slik malte hjartet mitt Moria i dag.

1



Dagane går og det brenn framleis i meg;
2

For verda står på hovudet og det kjennest som alt av solidaritet heng i ein tynn tråd: 
3


Twitteriatets Inger E. Solem set ord på situasjonen:

Når alt du har er eit telt,
nokre få klesplagg.
Ei fattigdom større enn livet sjølv.
Redsla sit i sekken du bær.

Når alt du eig,
og flammane tar det det meste.
Berre redsla og tårene får du att.

Moria

@ingersolem 9.september 2020.

Bilde nr 2 er for sal, kr 1400, 40x40x4 cm
Bilde nr 4, kr 1000, 30x40 cm
4


lørdag 5. september 2020

Gullbrevet

 Kva hadde du tenkt om dette brevet låg i postkassa di?

Kva kunne vera så verdifullt at det blei forsegla med ein sommarfugl?



Då eg la brevet på Facebook og spurte kva andre trudde stod i dette brevet, fekk eg eit svar frå Solveig Hamre Johannessen. Ho viste meg diktet Brevet av Jan-Magnus Bruheim. Det var ukjent for meg, men eg kjem ikkje til å leggja det vekk. Sjå kor flott det er:

Eg sit i kveld og skriv til deg
og kjenner orda spire
Men enno står det berre eitt 
og lyser på papiret.

Eit "kjære" berre, står det her.
Eg må vel finne fleire?
Men vide flakkar tankane,
som fuglar kringom reiret.

Det er så mangt eg skulle sagt -
Fortenkt eg sit ved bordet
og tenkjer: Kanskje er det nok
med dette eine ordet?

Eg ynskjer deg - kvarhelst du bur
langt borte, eller nære,
at du kan kjenne varmen frå
det vesle ordet: Kjære.

Diktet er også tonesett av av Sigrid Moldestad. 
Eg må leita opp den og lytta!

*

Bildet er malt med akryl på lerret, 30x30 cm, kr 1200

fredag 4. september 2020

Skip kjem seglande

 

Prøver nye fargar og bakgrunner til seglbåtane for tida

30x40 cm, det blir for tida seld lodd på dette bildet. 
Kontakt Aslaug Hellesøy om du vil ta lodd.
*


30x40 cm, seld


 30x40 cm, seld


30x40 cm, kr 900,-


Het har eg prøvd å mala utan stålkontroll. Brukte eit gamalt forkasta maleri. Trur sanneleg dette har livets rett. (Seld).
                                    *

       50x60 cm, kr 2500,-