lørdag 19. desember 2020

Å mala juletreskogen, steg for steg

Har du lyst å vera med å mala juletreskogen?

Her er mitt arbeid, steg for steg: 

Eg har brukt lerret: 30x40 cm,

Akrylmaling: sapgrøn, turkis, svart, kvitt, kronosydgrøn, brent sienna.

Bruk dei grønfargane du har.



Eg hadde eit lerret som eg hadde tørka kostar på. Tidlegare i veka hadde eg prøvd på eit strukturbilde med tjukk maling som eg drog ein spattel gjennom i mørkt blått og grønt. Det blei mislukka.
No la eg eit tjukt lag kvitt på. Blanda litt svart og blått i. La blått der eg ville antyda fjord eller starten på himmelen, alt etter korleis du ser det. Drog ein brei pensel vassrett og loddrett over lerretet. men utan at penselen nådde heilt nedi lerretet.
Så la eg eit silkepapir over, strauk forsiktig over før eg drog det av. No var bilde i fase nr 1 klar. Lot det tørka ca 10 min.

2


Markerte stammar til tre. Her må du velja kva som skal vera blikkfanget. Hos meg er det grana til høgre som får nokre greiner. No planlegg eg også kor høge trea skal bli. 
La litt grått (blanda kvitt/blått/svart) som skugge frå trea. Bestemte at lyset skulke komma på skrå frå øverst til høgre.


3. 
La på fleire greiner og tenkte gjennom kor stor plass hovudtreet skulle få.

Malte fleire greiner vassrett, dei nederste bøyer seg litt nedover. Begynte å leggja på snø til høgre, fann ut at eg ville venta med det. 

La på meir granbar. La lysare grønt på høgresida og dei trea som er lengst vekke. Lurte bittelitt gult inn i høgresida på dei små trea som liksom stor i ei opning i skogen. (Trur eit av dei blir mitt juletre).

Her kunne eg ha valt å stoppa. Men eg vil ha nysnø på greinene. Om me ikkje har det så ofte her vest, vil eg i alle fall ha det på maleriet.

4.


No begynner det å snø. Eg la lys blått på høgresida av stammane. Lysare blått på skuggesida. Dekker mykje av det grøne. 

5.

Det blei kanskje litt mykje på tre nr to frå venstre. Får retta det opp.

Eg ser at dei to trea til høgre flyt saman, så eg gjer stammane meir tydelege:



6.

No er det tid for nysnøen: kvitt med bittelitt blått og svart. Lysast på venstresida.

Så tørka det 5 minutt.


7. Synest trea til høgre blei for dominerande, så eg prøvde meg fram med ulik mengde snø på skuggesida.

Prøvde med fram.

Når ein skal stoppa, er vanskeleg å vita. Eg heldt på til eg fekk hovudtreet mitt til å bli blikkfanget. Dette er ei smaksak.




Kjekt at du følgte meg til endes på dette lynkurset. Håper eg har gitt litt inspirasjon. Og samstundes har eg skapt ein verdi på kr 1000, for det er prisen eg kjem til å selja dette maleriet for 😊

lørdag 12. desember 2020

søndag 6. desember 2020

Kor er isen som var her i fjor?

På leit etter isen. - Har ikkje du heller sett isen?



40x40 cm, kr 1500

*


Denne karen gret ikkje over snøen som fall i fjor, han brøler ut: Kor er isen som var her i fjor?

40x40 cm, akryl på lettet, kr 3000

*

Denne binna blei ikkje sint. Berre frykteleg skuffa over at menneska har latt isen smelta:


30x40 cm, kr 2500

Denne karen prydar framsida på kort, 14x14 cm, 

doble m konvolutt, kr 30:



torsdag 3. desember 2020

Seglskip ut av det blå

 


Desse båtane kom ut av det blå mens eg sloss med lerretet. 40x40 cm, kr 1800,-  akryl på lerret med struktur i underlaget.