fredag 18. januar 2013

Eit minne frå krabbefisketida

Seinsommar - sol - krabbefiske
og så: 
Koking i krabbeboden til far
og krabbefest.
Slik var sommardagane før.

Sommardagar kan koma,
krabben kryp i teina,
men far er der ikkje til å koka og invitera til fest.

Dagen før gravferda hans
sette eg meg ned for å måla eit av mange tydelege minne.
Det blei dette, av lykkeboden.
Og det blei i akryl, sidan det skulle vera ryddig på bordet når gjestene kom.
Og godt var det, at det var akryl og turka fort,
for gjestene frå sørsida av Boknafjorden tok biletet med seg.

Trur nok eg må laga ein variant til 
av same motivet,
så eg kan dvela ved minnet og kjenna krabbelukta
- ein gong til.

Ps.
Det er mai 2015 og eit nytt bilete er klart. Du finn det her: Krabbelukke