søndag 15. november 2020

Nostalgi - i ord og bilde

 Utstilling nr. 3.  

1


- Bestemor, levde du i gamle dagar?

Ja, etter ein tenkepause måtte eg svara ja. Vel og merka så levde eg ikkje saman med dinosaurane eller vikingane, men når ein femåring spør, må eg innrømma at eg levde i gamle dagar. Då mykje var annleis. Og tar eg med det foreldra og besteforeldra mine fortalte om, så har eg absolutt kjennskap til ei tid som barnebarna mine vil sjå på som gamle dagar.

2

Og i gamle dagar gjekk arbeidet føre seg med handemakt og hestekraft.

Ljåen

Eg er so gamal

at eg held meg til ljå.

Stilt syng han i graset,

og tanken kan gå.

Det gjer ikkje vondt heller,

segjer graset,

å falla for ljå.

Olav H. Hauge

3


Slipesteinen var kjekk å leika med for oss ungane. Og den var berre i bruk ein gong i blant i mi tid. Men då markene skulle slåast for hand og kniven var i bruk til så mangt, var det nok annleis. Ikkje alle hadde berre gode opplevingar ved sveiva. 

Mot sør i sola ved eldhusveggen,
der var vel heitt, san, ein sommarsdag,
og reint ein triveleg stad for kleggen,
og fly og fuglar av mange slag.
Og midt i surrande flugeflokkar
stod slipesteinen vår, traust og stor,
der rei han stødt på to digre stikkar,
og aksen gjekk i ein fleskesvor.
..,
Ein diger klegg seg på steinen sette,
- han var vel møtt, så han trengte fred.
Han sat so hoggande godt til rette
med sjølve storslegga like ved.
Og før eg sansa meg rett, eg treiv ho,
treiv sjølve storslegga, tung og stor,
og kvinande gjennom lufta dreiv ho
så steinen klovna, men kleggen for. 
Jakob Sande (utdrag)
*
 
Det låg ikkje til rette for store gardar på sørspissen av øya vår. Og når det var gode år med fiske, blei det lite stell av marka. Det var så ille at amtmannen skreiv i årsmeldinga si at det var greitt at det blei mindre fisk eit år, sjølv om det gav magre kår på Karmøy, for då ville bøndene der leggja meir flid i jordbruket og få meir jamn inntekt frå år til år. 
For det var bønder her. Og kyr. Midt i Havn:
Det den store løa står, er det nå paviljongen samlar folk når noko skal skje i Havn.

4

5

Naturen blei utnytta maksimalt av dei som gjekk føre oss. Tang og tare blei brukt til gjødsel på markene. Men det var ikkje berre å forsyna seg. Godene i havet var regulerte. Den vesle garden vår på Høines hadde både tarerett og lakserett. Om desse rettane fortel at dei hadde sansen for at ressursene måtte forvaltast klokt, eller om det var for å hindra krangel og slosskamp, fortel ikkje denne historia noko om. Men eg veit at første gong det blei innført fiskekvotar, var det mellom anna for å unngå slossing.

Lauv blei til dyrefôr. No var det vel ikkje all verdas lauv å bera i hus på denne «ytterste nøkne ø», Men det blei rive lyng. Og den blei boren heim på ryggen om ein ikkje hadde hest å hjelpa seg med til slikt. Eller kanskje mannen i huset brukte hesten til noko anna den dagen. I alle fall var det nok slik at både kone og mann var i fullt arbeid frå morgon til kveld, både ute og inne. 

Dei slit som folk gjer flest

med småbruk oppi Åsmarken

der kjerringa er hest.

Alf Prøysen tar vel litt hardt i her, men fortel likevel litt om felles innsats for å klara seg. For slik var det nok. Og på museet er det faktisk ein koneplog, ein liten plog som ein kunne bruka for å komma til der den store ville setja seg fast.

6

 
Gamle Lena som budde på Høines, steikte potetkaker på gruva og fyrte med lyng. Far fortalte at dei fekk stå å sjå på når potetkakene løfta seg på plata, før Lena letta dei over på eit trebrett. Så var det varme potetkaker med smør og sukker på å få for ein liten gut. Smør som rant ut av potetkaka og inn mellom fingrane.

Eg hugsar også Lena, enda ho var fødd i 1874. Ho hadde kamferdrops i kråskåpet, og me måtte snakka inn i eit horn for at ho skulle høyra oss. Då ungdomsskolen blei bygd, såg ho huset reisa seg frå stoveglaset sitt. Det var "eit glasshus" meinte ho og kunne ikkje forstå kvifor dei skulle ha så store gluggar ut mot vestavinden.

7

Kvardagane blei fylte av arbeid og leik for ungane, heilt utan digitale dibbeduttar. På melkekrakken kunne vener møtast og på vegen blei det streka opp trippelek. Eller paradis som andre kalte det. 

Men nostalgien må ikkje få oss til å tru at det var berre paradis før vår tid. For det var mykje slit. Ordet "tenår" var ikkje funne opp. Enten var du barn eller så var du vaksen. Og dei vaksne skulle arbeida.



Og når ein arbeidde, var det oftast med hendene. Ikkje så mange sat inne på eit varmt kontor.

8


- Kva vil du bli når du blir stor? spør me. Og ungane trur at dei kan leggja verda under sine føter og velja og vraka. Til og med dra til månen, om dei arbeider hardt nok. Eg spurte farfar kvifor han blei skomakar. Læraren gav oss i leksa å finna det ut, og farfar svarte at han ville dra til sjøss, men ingen ville ha ein hoftehalt gut ombord. Så han sette seg på skomakarkrakken 
og blei sitjande der.
Og me ungane fekk i oppgåve å gå med sko. Ikkje å ha sko på føtene, men å levera tilbake sko som hadde blitt heilsåla eller flikka på eller sette jernhæl på, 

Mange bygningar står no og fortel om farne tider. Og dei kunne ha fortalt mykje dersom dei kunne snakka.

9


10


I hagen på Høines blei vannpumpa ståande. Det var aldri nokon brønn akkurat der. Men far sette henne opp. Og dermed fekk to generasjonar læra om brønn og pumpekranar. To generasjonar som elles kunne ha trudd at vatnet hadde komme ut av ein spring frå skapelsen av.

Men ein ting gjorde unge gutar som dei som veks opp i dag kan misunna dei. Dei drog ut i verda. Med store skip. Nokon hadde utferdstrong. Andre kjende seg nokså små då reisekista blei pakka;



Vesle Daniel skal ut i verda
og gjer kista klar i denne stund
Over store hav mot sør går ferda
Med San Salvador av Haugesund,

Der kjem far hans, gamle Dave Myra 
Med ein låspung, messinggul og blank
Og slår fast at her ligg månadshyra
Like trygt og sikkert som ein bank.

Men på kne ved leddiken ligg mor hans
Og legg plagg for plagg i kista ned
Median Knute-Sivert, yngste bror hans
Står og tryglar om å få bli med.
..
Under lokket ruvar reisenista
Reine julekosten er det plent
Og på heiderslplassen øvst i kista
Lyser salmebok og testament.
.. 
Jakob Sande 
12

Ut i verda kom dei. Og fekk oppleva mangt. Korleis var det ikkje for ein ung gut å gå i land i Gdansk og sjå dei mektige bygningane langs bryggekanten? Sånn var det ikkje heime, om dei kom frå Søragadå eller Snørteland.

Men Jakob Sande skriv også om avskjeden og om lengt og sakn som skal komma. Det var ikkje berre mora som kom til å sakna han:

Men frå leddiken i løynd det glimtar

I eit lite flekk ut skilderi,

Der med blomstret barneskrift ein skimtar

«Di til døden trugaste Mari».

26


Har din glade lått med gråt seg blanda?

No er timen komen, Daniel!

Havet kallar på deg, kom med handa,

Vesle Daniel, farvel, farvel!

Men før dei drog ut, fekk dei nokre år på skolebenken. Før skolen var i eit eige hus, frå ca 1860, vandra skolen rundt i heimane og var omgangsskole. Og skolen var synonymt med læraren.

Her er Skole-Eirik på veg til elevane sine i Åkra i Kvinnherad. Til fots i bratte bakkar.


Og for å nå elevane i Fjæra, måtte han ro. I all slags ver. Og med alt han trengte av utstyr i kista si.

13


Konene hadde sitt å stri med. Og då silda kom, blei det endå travlegare. Og det blei pengar å tena. Men ikkje lett-tente pengar. Mange stod inne, eller i alle fall under tak då dei gana sild; gjorde silda klar til å bli lagd i tønner. Men det hende også at dei stod under open himmel. Og det var i febuar, mars. Tenk på den nordavinden som bles frå alle kantar her på den tida av året?




Men det var også jenter og damer som fekk dra til byen og handla på torjå:

15


Og om kvinene arbeidde mykje, hadde dei fri inni mellom. For dei hadde søndagar. Og om det ikkje var gudstenese å gå på, kunne dei ta ein tur i rein forlystelse.


Men det var også alvor dei stundene dei tok fri frå arbeidet i heimen. Dei starta kvinneforeiningar. Og på den måten skreiv dei eit kapitel i landet si demokratihistorie som har vore kraftig undervurdert. I tillegg blei dei kjende med den store verda, Lærte om Madagaskar og India. Og dei lærte å dela. Og spreia Guds ord.
Ein gong skreiv eg litt meir om dette: Misjonskvinnene i historia


Litt hagearbeid fekk dei tid til. Dei fleste hadde bærbusker til matauk. Og innimellom var det ei rose å sjå:
16

 
Den vesle snøklokka var nok vanlegare i hagane.
17.

Det e pitlemenn utroligt, men me ser jo at di kan:
ud av kalde, harda jordå komme snøklokkene fram!

Det e det fina med våren, og det e et klart bevis:
nytt håb kan spira onna møje snø og is.

Men mange mysse håbe når samfunnet blir kaldt,
og kjærligheden drebes i konkurransen øve alt.

Se: Snøklokker i hagen,vokse alltid flerr i lag,
di vett å holda samenn år di strekke seg mod dag.
Gunnar Roalkvam

Mennene som drog ut hadde også behov for å møtast til samling om Guds ord. Dei var langt vekke frå kyrkjer og samlingar i heimane. Og korleis kunne dei vita om det var menn på andre skip som låg ved same kai som dei, som kjende på det same behovet? Dei kunne ikkje spørja på Facebook. Men dei hadde sin eigen kommunikasjon. Ein del skiprar heiste dueflagget då dei kom til nye hamnar. Slik kunne andre sjå at det var folk ombord som ønskte eit kristent fellesskap. Dermed møttes dei. Dette har eg fortalt litt om før: Dueflagget, og eit slikt flagg heng på museet.
18

På samlingane hadde dei sin eigen song.

La vaie høyt vårt dueflagg
bli sett vidt over hav
og samle flere for hver dag
om ordet Gud oss gav!

Du Åndenes rene lyse tegn
fly over havet ut
og samle til vår Frelsers hegn
og vinke opp til Gud

Ikkje alle mennene som hadde arbeidsdagen på sjøen, drog så langt vekk. Det var arbeid nok langs strendene og svaberga våre. Og periodevis kom silda. Som snudde det mest på hovudet. Fylte sund og hamn og gater som elles låg ganske så tomme.


19

20

Skomakar Georg Rolfsen kunne meir enn å såla sko. Han var en flink revyartist og ikkje minst en dyktig revyforfatter. Og silda var eit sjølvsagt tema under revyen. Visa kunne gått inn i den aktuelle debatten om kvinnesyn, men her tar me visa med utan debatt, berre grunna "historisk interesse":

Når silda kommer til oss på ny,
da er det fiske, da er det fiske!
Og når vi spiller en lett revy,
da er det fiske, da er det fiske!
Når fiskefolket går i gatene
og silden ligger brun på fatene,
da er det fiske, da er det fiske.

Når byen fylles av støi og damp,
da er det fiske, da er det fiske,
og hele luften av treskodamp,
da er det fiske, da er det fiske!
Når strilen kjennes på mavene
og kvinnehæren kommer travende,
 da er det fiske, da er det fiske!

Når byens damer tar permanent,
da er det fiske, da er det fiske!
og elskovstrang i sitt hjerte kjent,
da er det fiske, da er det fiske.
Og når de tripper der ilende
og Boknabuen kommer smilende,
da er det fiske, da er det fiske!

Når jomfruen bliver rar og ør,
da er det fiske, da er det fiske,
og når hun smiler til hver sjarmør,
da er det fiske, da er det fiske.
Og når hun vrinsker litt eggende
og Kvitsøybuen glor på leggene,
da er det fiske, da er det fiske.

Når kvinnen atter blir lei og sur
er fiske omme, er fiske omme,
og glemmer ganske å gå en tur,
er fiske omme, er fiske omme.
Når jordmoren setter opp skiltene
og ungene de kommer trillende
er fiske omme, er fiske omme.

Også etter at silda forsvann og dei store seglskipa la til kai for siste gong, har Skudeneskarar dradd på havet.
21



Dei var ofte uten lenge om gongen. Og dei som gjekk heime har venta.


Til alle tider, har det vore ei stor oppgåve for mødre å oppdra barn åleine store deler av tida. Og det kan nok henda dei sa som Josef G. Larsen seier det i visa: Det skal bli andre boller når Paben kjem heim. Og det handla ikkje om skoleboller, nei:

Han Papen vår e styreman ombord på Lavik Lyst

og driv so jamt med torskefiskje aust av Grønlands kyst,

Her heime styrer Mammå, og da går no så som so

og går da altfor gale, syng ho ut, da ho e go:

Det skal bli andre boller når Paben kjem heim, 

når Paben kjem heim til jul.

Ein anna dag bakar mammo brød og ungane hiv i fire kilo gjær. Og dei deler ein kandisklump i to med Pabens barberkniv. Og:

I går så klypte Mamma oss, og da gjekk i ein snubb,

og alle fekk me hårfasong på lag som åkerstubb,.

Og etterpå så klypte me han Passop og han Pus,

men då bles Mammå opp til storm og heldt eit himla hus. 

Det ska bli andre boller når Paben kjem heime, Paben kjem heim til jul!





22


Rundt heile kysten ruva etter kvart Bjellandspipene og fortalte om gode år. Denne står på Sunde. Naboar var redde for rasfaren, så for nokre år sidan blei fire ringar tatt av høgda. Eg var på Sunde. La meg strak ut på asfalten og fann ut kor høg ho hadde vore. Så malte eg det slik. Nå veit alle kor høg Bjellandspipa har vore, Og nokon på Sunde veit kor rar prestefrua er. 

*

Noko går i gløymeboka. 

23


Noko blir fortalt vidare. Og noko kjem på museum. Heldigvis. Og Derekhuset står framleis og fortel si historie frå ei anna tid.

24


*
Då takkar eg for følgje for denne gongen.
Om det var maleri her som du kunne ha lyst på, finn du pris og størrelse nedst på sida her. 
Det er berre dei med nummer på som er til sals. 
Fleire av maleria mine er samla her.
Ta kontakt på sms 98060938 om du finn noko av interesse.
Det er fare for at det dukkar opp fleire vandringar framover. Dei som har vore til no, finn du her:

25




1. seld
2. 30x90 cm kr 3000
3. 24x30 cm kr 900
4. seld
5. seld
6, seld
7. 50x60 cm kr 2000
8. 50x60 cm kr 2000
9. 30x30 cm kr 1000
10. 40x50 cm kr 1500
11.seld
12. 50x60 cm kr 2000
13.seld
14. seld
15. seld
16. seld
17.24x30 cm kr 700
18. 30x30 cm kr 900
19. 30x40 cm kr 900
20. seld
21. 30x40 cm kr 1000
22. 30x90 cm kr 2000
23. 30x40 cm kr 700
24. 30x40 cm kr 1200
25. 40x40cm kr 1500
26. 40x40 cm seld

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no