søndag 31. januar 2016

Nokre av dei første bilda har fått eit nytt strok

Det er snart ti år sidan eg første gong tok i en pensel. 500 bilde er det blitt. Dei fleste av dei har funne sine veggar å henga på. Nokre oljemaleri har eg tatt fram att og sett på med nye auge, - og ny maling. Slik blei resultatet:
Ved høgskolen på Rommetveit, olje på lerretsplate i brun ramme, 30X40cm, kr 1000,-

Kroppsøvingsbygget på Rommetveit, HSH, olje på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-

Olje på lerretsplate, 30x40cm i brun ramme, kr 1000,-

Skudeneshavn, Søragadå, olje på lerret i sølvfarga sveveramme, 30x40cm, kr 1000,-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, evt ynskje om å sjå nærare på dei, er kommentarfeltet også brukande til nærare kontakt.