Lyset vinn over mørkret - om det slepp til.
Galleri Nauthydlaren har ny heimeside: marittotland.no. Denne sida vil i starten vera lenka dit. Siste nytt frå bokfronten: TAP, historisk roman, kr 150,-.
onsdag 1. desember 2021
tirsdag 30. november 2021
onsdag 15. september 2021
Det brenn - i isødet.
Kor er det blitt av isen som var her i fjor?
Isødet: 40x40 cm, kr 1800,-
Isbjørnen: 40x40 cm, kr 4000
Fleire isbjørnar på leit etter is, ligg her.
Problemet med minkande is kan ikkje løysast av pingvintinget.
Men Stortinget kan gjera litt.
Og du og eg kan gjera litt.
Pingvintinget og
Svalbard er selde.
fredag 2. juli 2021
Kolbein Falkeid: Utakt
Kolbein Falkeid - det næraste eg kom eit møte med han var då eg måtte steppa inn for han for å halda ein tale han akkurat då ikkje var frisk nok til å halda. Det er tiår sidan. Og det er også eit slags fellesskap, å avløysa kvarandre i så kvardagslege ting som å halda ein festtale.
For kva er eit fellesskap? Ingen har som Kolbein Falkeid skrive om lengten til fellesskapet, eit fellesskap som kanskje ikkje finnest.
Slik startar han diktet "Utakt":
Jeg har lengtet etter store forsamlinger
å gli fint og selvfølgelig inn i
lik den ene umistelige pappbiten som må til
for at puslespillet skal gå opp.
.....
Ja, hele livet mitt
lengtet etter dette som kanskje ikke er: den trygge
tversstokken mellom hjertene
som mine og andres tanker kan vagle seg på
uten å flakse med vingene.
...
Heile diktet finn du i samlinga " Vagabondering" og i "Samlede dikt". Begge er verd å investera sommartid i.
Orda til Falkeid har fulgt meg i 30 år. Eg brukte dei i undervisninga og eg hadde små dikt i lommane då eg var heiltidspolitikar i tilfelle eg blei utfordra til å seia nokre bevega ord utan å ha høve til førebuing. Falkeid sine ord heldt!
Men først og fremst har orda hans gitt ettertanke i ulike livssituasjonar. Det er heller ikkje fritt for at dei har styrt penselen min:
1
2
3
4
Maleria er for sal.
1. 5x40x40 cm, kr 1600,-
2. 30x30 cm, seld
3. 70x85x5 cm. seld
4. 15x15 cm, kr 300, inkl porto
fredag 23. april 2021
Kolsøy, då det var stor aktivitet der.
tirsdag 13. april 2021
Søragadå år 1900
søndag 28. mars 2021
fredag 15. januar 2021
Har du fyr? Har du løkte langs di lei?
Når ein er oppvaksen i Skudeneshavn, er det kort veg til å få fyrlys på lerretet. Her har eg samla nokre av dei. Mange er selde. Om det er eit fyr du ønskjer å ha maleri av, må du gjerne ta kontakt, så avtaler me pris, størrelse m m.
Det er blitt mange maleri av Vigeholmen, eit motiv som aldri blir oppbrukt:
seld
*













































