lørdag 8. februar 2014

Livet under sørlyset - ingen dans på isroser

Oppdatert september 2022

Keisarpingvinane er flotte. Flotte å sjå på, om ikkje så elegante i ganglaget.

Dei lever eit liv i stadig kamp for å overleva. Bli med gjennom dei skiftande tidene i eit pingvinliv:

70x80x4 cm, kr 3000

Under sørlyset

Også ved sørpolen er det dansande lys, sørlys, slik me kjenner det på våre kantar som nordlyset.

40x40cm, kr 1800

40x40x4 cm, kr 1400,-

 

























Når det nærmar seg tid for å tenkja på paring og nytt liv, forlet dei vaksne keisarpingvinane kysten der det er nok av mat i havet, og tar fatt på ei lang vandring.









Den lange vandringa innover isen for å finna ein stad der dei kan ha egg og ungar i fred for rovdyr startar. I flokk å følgje kjem dei frå alle kantar, alle mot same mål.



Vegen er lang, om lag 10 mil, så det kjem godt med at ein kan kvile beina og aka på buken av og til


Sekund om å gjera

Vel framme finn dei seg ein partnar. Pingvinane er seriemonogame; paret held saman i ein sesong, til ungen deira kan fø seg sjølv.

Frå dei møtest til dei kan la neste generasjon leva sitt eige liv, er dei heilt avhengige av kvarandre. I snøstormane held heile flokken saman. Dei skiftest på å stå ytst, slik at alle får varma seg på skift.


Eit par må bli godt kjende med kvarandre, slik at dei finn kvarandre att etter at dei kvar sin gong har vore ein tur til havet for å få seg mat. Lydane dei lagar er det særs viktig å kjenna att.


Når egget er lagd, gir mora det over til faren. Han må få det inn i rugepungen sin i løpet av få sekund.


Tar det for lang tid, vil egget frysa...


Går alt bra, ser ein liten unge dagens lys, og får krefter i beina når far luffar av garde med han.


På innlandsisen er det ikkje så mange som er ute etter dei små pingvinungane. Men albatrossen, med vingespenn på opp til 3 meter, kan fort plukka med seg eit måltid.


Når ungane er store nok, startar vandringa tilbake til kysten. Det er langt for små pingvinføter, sjølv om dei aker på buken for å spara føtene i nedoverbakkane.

 
Det blir ei ny vandring, no for knøttsmå bein.

- Er me ikkje framme snart?
spør dei nok rett som det er.



 

Framme ved havet byksar dei i sjøen.
Ikkje fordi dei vil ha ein dukkert, men fordi det er der maten er.

24x30 cm, kr 700,-

No kan dei leva det gode livet ved kysten til det igjen er på tide å ta farvel med matfatet, isfjella og det "varme" vatnet.



Men her ute ved kysten er det mange farer som lurer:

Spekkhoggaren er ute etter pingvinane


Om pingvinungane klarer seg og blir vaksne 4 - 5 år, er det deira tur til å leggja i veg til innlandsisen for å hekka.

Og då startar ei ny vandring...


30x40 cm. kr 900

Pingvinlivet minner på mange vis om våre liv. Her er  kampen om trona: Kven vinn, keisaren eller kongen på haugen?

30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1200,-


Kongepingvinane held også saman i flokkar. Når foreldra skal henta mat til ungane, blir nokon av dei att på samlingsplassen for å passa ungane. Dei samlar dei i flokkar og omkransar dei. Slik vernar dei ungane ikkje berre mot fiendar, men også mot kulda.


Og tøffe dagar er det også:
Etter festen








mandag 13. januar 2014

Bilete 2014

Visst skal våren komme, seld
Slåtterøy, 30x40 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, seld

Ut mot havet, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 60X80 cm, seld

Ryvarden, akryl på lerret, 50X50 cm i sveveramme i sølv, kr 1400,-
Seld




Damer i båt, motiv frå Skudenes, 30x40cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1500,-
Akryl på lerret, 3x30x90 cm i svevewamme i sølv, kr 1000,-



På tide å dra heim, akryl på lerret, 30X90 cm i sveveramme i sølv, seld




Arbeidskone, akryl på lerret, 30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1000,-
Svale Våge har vore kyrkjetenar på Varaldsøy i 50 år.
Eg fekk i oppdrag å laga eit bilde til han i samband med ei markering av dette, laurdag 15. februar. Utfordringa var å finna eit motiv som ikkje var som eit foto av kyrkjebygget.
 Med eit så flott namn som Svale, var løysinga gitt.

Kvinnene oganiserer seg, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30X90 cm, seld,-


Geitungen fyr, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30X90 cm, seld

Ganejente får silda i tunnene, akryl på lerret, 3X50x50 cm, kr 1500
Byfrøkna og bondekona, 30X40 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1000,-
Kalde dagar, med sludd får nordvest. 50x50x3 cm, akryl p lerret, seld
Facebook, anno 1814 og 2014, akryl på lerret, 3x40x40 cm, kr 1000,-



"Kraft" - akryl på lerret, 3x30x30 cm, seld


"Løftet" - akryl på lerret, 50X50X3 cm, seld

Kristus er oppstått! Akryl på lerret, 40x40x3cm, seld

Vaktskifte, akryl på lerret, 30X30cm i sveveramme i sølv, seld
seld

"Etter festen", akryl på lerret, 30X30 cm i sveveramme i sølv, kr 800,-

Det blei mange pingvinbilete på nyåret. Du finn dei på eiga bloggside her 

og her  

 


"Er det denne du ser etter?" 40x40 cmx5cm, akryl på lerret med sveveramme i sølv, seld
Måkeskrik, seld
Totland, med lysthuset frå 1926, 60x60 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 2500,-

Buda på Totland, 40x60 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, seld

torsdag 9. januar 2014

"Va' det denne du såg itte?"


Krabbefiskaren: Eg må ut å sjå etter teinene mine.
Krabben: E' det denne du ser itte?

Det er mange historier om storfiskaren som ikkje får armane til å strekka til når han fortel om den store fisken han mista. Kanskje det er like mange historier om krabbefiskaren, for ikkje å snakka om hummarfiskaren? Nokon som har ei god historie på lager? Skriv den gjerne i kommentarfeltet.

onsdag 1. januar 2014

Måtte du møta dei begge i året som kjem:


Somarfuglen
 -
som synest så grå og livlaus
i sine første levedagar,
men som breier seg ut med fargerike, 
tynne, 
men berekaftige venger
- når tida er der, 
og ber bod
om liv etter liv.

"Love"
som synest så oppbrukt,
misbrukt,
men som ber deg på sterkare venger
enn noko ørn
- når det trengst.

Kan det finnast betre ynskje for det nye året enn at du må møta dei begge

 også i vinterland:




Pris og storleik på tre av bileta finn du her
og Galleri Nauthydlaren i Eplehagen 48, Valen, er ope "nesten alltid.


lørdag 16. november 2013

Kveldsstemning ved Grunnavåg

Kveldsstemning, 20X60X5 cm, akryl på lerret, seld






Kjekt å mala fine stemningsbilete. Denne gongen blei eg inspirert av foto som Ruben Medhus la ut på Facebook. Med litt flytting av lys og brygge, blei dette resultatet. Takk til Ruben for inspirasjonsbilete.

lørdag 14. september 2013

Pingvinen og oss andre

Det er greitt å vera åleine,
av og til.
Det er 
nesten greitt 
å få ei lita kjensle av å vera einsam,
om det er forbigåande.

Men:
Om det blir kvardagen,
er det ikkje greitt
for pingvinen
og oss!


Haust


Når fargane spraker så det høyrest!
Postvegen, akryl på lerret 40X40 cm,i sveveramme i

sølv, seld,  og
 Ekely/Valen, akryl på lerret, 3x20x20 cm,
kr 400,-



Haust på Valen (1), 50x20x5 cm, akry på lerret, seld





Haust på Valen, utsikt mot Siggjo, seld


Haust på terassen, akryl på lerreti 30X30X3 cm, seld

Haust på Valen, 30X40 cm, akryl på lerretsplate, i gullramme, seld.

Haust på Valen 2, 30x40 cm, akryl på lerretsplate i gullramme, seld

tirsdag 3. september 2013

Mathilde

Mathilde,
bygd i 1884 i Hardanger. Det tok nokre timar å mala den flotte jakta. Fleire timar tok det likevel for gjengen som restaurerte den i 1989. No er den å sjå langs kysten, og eg plasserte den utanfor kuauget "då me passerte".
Tittel: "Møte i rom sjø"
 
akryl på lerret, 50X60 cm med sveveramme i sølv, kr 1200,-
 
Kveldsstemning, 3x20x50 cm, akryl på lerret, kr 900,-
 

onsdag 8. mai 2013

I'll do my crying in the rain



"I'll do my crying in the rain".
Strofa kjem luskande, lurande, inn i tanken min kvar gong regnet pøser ned.
Og det gjer det jo av og til.

Sidan eg begynte å mala, har eg hatt lyst å laga eit bilete av desse orda.
 I dag tok eg mot til meg og gjorde det.

Fordelen med å ikkje ha lært å mala, men prøva og feila sjølv, er at det er lov både å prøva og å feila. Eg hadde ein plan for dette biletet, men var redd det ikkje kom til å lykkast.
 Masse vatn, akryl og fleire lag.
Det blei ikkje heilt slik eg hadde sett det føre meg, men det fortel det eg vil fortelja.

 På Twitter kom desse orda som passa fint til biletet:


Hjartet skravla i veg,
men munnen tagde.
Eg håper du
las augo mine.

 Og kommentar fra

 Dråper stilnet i dans.
Noe ekspressivt over bildet her. Likte «dammen» også. Fint ordfølge også!
...
Takk for orda Magne og Jan! Av og til blir heilskapen meir enn delane.

..
Barnebarn, 4 år, tolka biletet. Han såg fengsel, tårer, sjø, regn, damemunn, "lei seg" og smilefjes.
Kanskje augo er for blide?
Kva ser du?

..
Ps: Biletet har no funne vegen til ein ny vegg.

fredag 18. januar 2013

Eit minne frå krabbefisketida

Seinsommar - sol - krabbefiske
og så: 
Koking i krabbeboden til far
og krabbefest.
Slik var sommardagane før.

Sommardagar kan koma,
krabben kryp i teina,
men far er der ikkje til å koka og invitera til fest.

Dagen før gravferda hans
sette eg meg ned for å måla eit av mange tydelege minne.
Det blei dette, av lykkeboden.
Og det blei i akryl, sidan det skulle vera ryddig på bordet når gjestene kom.
Og godt var det, at det var akryl og turka fort,
for gjestene frå sørsida av Boknafjorden tok biletet med seg.

Trur nok eg må laga ein variant til 
av same motivet,
så eg kan dvela ved minnet og kjenna krabbelukta
- ein gong til.

Ps.
Det er mai 2015 og eit nytt bilete er klart. Du finn det her: Krabbelukke