fredag 28. august 2020

Det var den draumen ...


Ja, det var den draumen Olav H Hauge skreiv om. Eg har alltid tenkt at den vågen han skriv om var ein lun våg, skjerma for stormen utafor.

Men ein sliten båt kan vel kanskje også drøyma om ein slik våg om havet ligg aldri så stille «der ute».

Kvar periode i livet har sine draumar. 

Maleriet byggjer på eit gamalt solnedgangsbilde. Eg lot båt og bakgrunn vera urørte fordi eg syntest det høvde med litt forsiktig farge på «det som var», mens det nye har sterke fargar.

Årsaken til at eg malte eit nytt lag på det gamle maleriet var at me kjøpte nytt kjøleskap i går. Og bildet på veggen bak døra på det nye kjøleskapet kom i klem og måtte flyttast. Dermed starta vurderinga av dei store maleria. Og dette fekk altså nytt liv.

Maleriet er større enn det eg til vanleg putlar med: 70x80 cm, akryl på lerret. Skal eg selja det, er eg kommen til at prisen er 4000,/ 

Maleriet er komme på kort, 15x15  cm son  finnest 

her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no