| 50x50 cm, akryl på lerret, i sølvfarga sveveramme, seld |
Galleri Nauthydlaren har ny heimeside: marittotland.no. Denne sida vil i starten vera lenka dit. Siste nytt frå bokfronten: TAP, historisk roman, kr 150,-.
søndag 3. november 2019
torsdag 31. oktober 2019
torsdag 17. oktober 2019
Livet er godt - ute.
Fredtun
Dette blir framsidebilde på Fredtunkalenderen som er i salg framover.
Originalen blir loddet ut til inntekt for Fredtun til våren.
fredag 3. mai 2019
Inspirert av Skudeneshavn
mandag 25. mars 2019
Kveldsstund i marka
søndag 17. februar 2019
Glade fargar - snøklokker og valmuer.
Eg har lenge hatt lyst å mala valmuer. Og no er det gjort. Med breid pensel og sterke fargar var dei ein fryd å arbeida med. Og dei gir snøklokkene selskap.
seld
seld
onsdag 6. februar 2019
Skip
mandag 4. februar 2019
Regnvær - Jippi!
Nye paraplymaleri ligg her
Akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, 30x030 cm, seld
Akryl på lerret, seld
mandag 28. januar 2019
Det avgjerande fellesskapet
To gamle oljemaleri
Fremad marsj, 30x40 cm, seld
Vest av Borgundøy, olje på lerret, 40x50 cm i sølvfarga sveveramme, kr 600,-
torsdag 8. november 2018
Meir enn ord - ei bittelita bok
Me omgir oss me symbol. Ofte tenkjer me ikkje så mykje over kva dei kan fortelja oss. I denne vesle boka har eg samla nokre av maleria mine med symbol. Det er ein liten tekst til kvart bilde. Nokon av dei har berre fått eit einaste ord. Fordi det handlar om så mykje meir enn ord.
Framsida viser keramikk som er reparert med den japanske kunstforma kintsukori. Det kan du lesa meir om her: Også når livet går i knas, er det håp
Boka er innbunden, 14x14 cm. Det er ikkje ei bokutgjeving i vanleg forstand. Berre ei samling maleri i ei fotobok frå Foto Knudsen. Boka kan derfor ikkje kjøpast i bokhandel, men kan tingast hos meg (sms 98060938). Prisen er kr 150,- + evt porto.
Gåveboka Håp frå i fjor kostar no kr 100. Kr 200 for tre.
tirsdag 6. november 2018
Lofotfiske ved Ballstad
For snart 40 år sidan fekk eg oppleva 1-ein- dag på Lofotfiske ved Ballstad.
Hugsar då radiosignalet varsla at klokka var 06.00,
og me kunne gå ut på feltet.
No har eg festa minnet til lerretet.
Bildet er seld.
søndag 21. oktober 2018
Symbol - når orda ikkje strekk til
Sommarfuglen som symbol på oppstandelsen gir meg stadig nye tankar. Tankar som elles ikkje kan fangast i ord. Slik blei tankane fanga på lerretet i dag.
torsdag 18. oktober 2018
Får ikkje ro
Ikkje ein gong denne får ro. Men ei viss ro var det nede ved stranda på Valen i dag,
både til båten og meg.
Seld
torsdag 11. oktober 2018
Landligge
mandag 8. oktober 2018
Bærekraft
Bærekraft
30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld.
Doble kort med maleriet på framsida, 14x14 cm, kr 30,-
fredag 28. september 2018
Kvinnheradkatedralen
50X50X4 cm, akryl på lerret, kr 3000,-
med notane til "Kirken den er et gammelt hus står om enn tårnene faller".
40x60 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 2500,-
Også når livet går i knas, er det håp.
Når alt går i knas kan det synast håplaust. Ei kjeramikkmugge kan vel limast, men blir aldri som før. Nei, som før blir den ikkje, men med kintsukuroi kan den bli ny. I tillegg kan den bli både finare og sterkare.
Kinstsukuroi er ein japansk kunst der ein limer kjeramikk med gull.
Kinstsukuroi er ein japansk kunst der ein limer kjeramikk med gull.
Dette måtte festast til lerretet. Og eg ville kombinera det med sommarfuglsymbolet, det kraftfulle symbolet for fornying og forvandling, og mi tru; på oppstandelsen og det evige håpet. Dermed måtte det bli sommarfuglane som kom med gullet.
Eg høyrte først om den japanske kunsten av Marit Aksnes Aase då me var i lag og snakka om pottemakaren. Og så er eg ikkje før kommen heim, så finn eg ein flott artikkel i Aftenbladet om same emnet. Den er verd å lesa. Du finn den her: Når livet går i knas.
Tidlegare har eg gjort meg mange tankar om korleis livet blir når alt blir snudd opp-ned: Når livet snur. No har dette temaet fått ein ny dimensjon takka vera den japanske kunstforma.
Bildet av tekanna er 50x50x4cm,
akryl på lerret, kr 2000,-
Det finnest doble kort med maleriet på.
Sommarfuglane kan du lesa meir om i boka : Håp
mandag 9. juli 2018
lørdag 12. mai 2018
tirsdag 1. mai 2018
Liten gut til storbyen Gdansk på 1800-talet
Kanskje gjekk ein liten gut ut i den store hamnebyen for å ta inn alle inntrykka; dei høge husa, fargane, elva, før alle andre stod opp. Litt av ein kontrast til livet heime i Skudeneshavn rundt 1850, før mange av husa der var bygde.
Bildet er 50x60 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 5000,-
fredag 27. april 2018
søndag 8. april 2018
Maling + airbrush + små sprayflasker
Jeg har prøvd noe nytt: Akrymaling og airbrush som jeg blanda i små sprayflasker. Et gammelt foto inspirerte, og her er resultatet, 30x80 cm.
Pris for maleriet, kr 2500,-
Abonner på:
Innlegg (Atom)



























