torsdag 8. november 2018

Meir enn ord - ei bittelita bok


Me omgir oss me symbol. Ofte tenkjer me ikkje så mykje over kva dei kan fortelja oss. I denne vesle boka har eg samla nokre av maleria mine med symbol. Det er ein liten tekst til kvart bilde. Nokon av dei har berre fått eit einaste ord. Fordi det handlar om så mykje meir enn ord.

Framsida viser keramikk som er reparert med den japanske kunstforma kintsukori. Det kan du lesa meir om her: Også når livet går i knas, er det håp

Boka er innbunden, 14x14 cm. Det er ikkje ei bokutgjeving i vanleg forstand. Berre ei samling maleri i ei fotobok frå Foto Knudsen. Boka kan derfor ikkje kjøpast i bokhandel, men kan tingast hos meg (sms 98060938). Prisen er kr 150,- + evt porto.


Gåveboka Håp frå i fjor kostar no kr 100. Kr 200 for tre.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no