torsdag 29. oktober 2020

Ansikt til ansikt med Den Andre.

                        


Me kan berre handla etisk og gjera gode etiske vurderingar om me ser Den Andre, ansikt til ansikt, i følgje den litauiske filosofen Levinas (1906-1995).

Dette er ein tanke som me lettare forstår i vår tid enn då Levinas først skreiv om det; med skjermar og avstand, kombinert med ein ny nærleik i den digitale verda der me kan gi uttrykk for meiningar og synspunkt med eit tastetrykk og to. Utan å møta nokon andre, ansikt til ansikt.

Det kan vera naboen vår, som me meiner mykje om, og som me ikkje unnslår oss for å snakka lite fint om,- når han ikkje høyrer oss.

Det kan vera ein politisk motstandar, som nok har gode hensikter, men som det er freistande å misforstå med vilje, - fordi debatten blir meir spennande då.

Det kan vera borna i Moria, - som aldri får noko Soria Moria

Me kan ikkje møta alle ansikt til ansikt, men før me konkluderer i etiske spørsmål, kan me ta ein ekstrarunde og spørja korleis me ville ha tenkt om den andre stod framføre oss og me såg han i auga?


Desse tankane gjorde eg meg mens eg malte i dag. På eit lerret med grov struktur står no desse to enkle strekmenneska. Som treng kvarandre.


Bildet er 40x40 cm, akryl på lerret, kr 1800,-

 



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no