Utstillling 2:
Barndommen var så langt vekke. Så lenge. Men no er han her igjen, som minne som dukkar opp. Med lydar og lukter.
Lyden frå båtane som kom inn:
A.
Og måkeskriket som vekte meg om morgonen.
Men kva er det som skjer når me minnest noko? Er det gammal film som rullar og går i tankane?
Inger Hagerup skriv:
Nå går årene baklengs.
Huker du da og da?
Husker du stevnemøter?
Husker du hva han sa?
Husker du gledenes gullstøt?
Husker du snertens ild
dengang da øyeblikket
og intet annet var til?
Langsynt blir alderdommen.
Bra er vel også det.
Godt at vi har en fortid
som vi kan huske med.
Ei fortid å hugsa med? Ja, eg er så heldig å ha ei fortid, ein barndom i Skudenes, som eg kan hugsa med. Og det aller, aller mest er gyldne, gode minne. Så då eg tok mine første penselstrok, var det naturleg at dei var prega av Høines og dei heime.
Tidleg tok far, (Rolf Høines) oss med i arbeidet med alt han fann av gamalt som han meinte det var grunn til å ta vare på. Lenge før museet såg dagens lys, begynte han å samla saker og ting. Men hugs: "Det er forskjell på å vera samlar og skrotnisse," sa han.
4
Tur til Litalahyttå blei det nesten kvar søndag. Aldri på lørdag? Nei, for lørdag var arbeidsdag. Men på søndagen blei me vekte tidleg for å komma oss til fjells. No er eg gift med ein nordfjording og er busett under 100 meter høge Mjelkhaug i Kvinnherad, så akkurat det med "å gå til fjells" har fått eit noko anna meining. Men me drog i alle fall til fjells. Mor hadde kokt egg, og på sekken til far dingla kaffikjelen. Røyningshytta var målet om me skulle på langtur. Elles var me alle svært så tilfreds med å komma oss til Litlahyttå i Skeismyr. Historia til hytta som no er mykje brukt av barnehagane finn du her: Ei fortelling i tre akter.
Om me hugsar alt rett? Me kan høyra me syskena våre, seier ekspertane. For saman eig ein syskenflokk minna sine og kan korrigera kvarandre.
Men av og til gløymer me. Eller me driv med erindringsforskyving som Olaf Agnar Gausvik kallar det:
I gamle dagar
var det alltid skiføre
heile vinteren.
Det skein to soler
den 17.mai,
og vi sprang berrføtte
til langt uti oktober
då hauststormane kom
og føyste taket av stova.
Eit av mine gode minne er turane på krabbefiske som gav mykje mat og mykje hygge. Og fine stunder på sjøen:
5
I hagen laga far Krabbeboden der me samlast både små og store. Og det må innrømast: Det var ikkje mange dagar det var temperatur til å sitja ute, så krabben blei servert inne. Men han ble kokt ute. Og det var faktisk det viktigaste.
Øygarden er synonym med "Alle velkommen!". Fleire av venninnene mine "lånte" mi mormor, for dei hadde ikkje eiga bestemor i nærheten.
Når me gjekk frå Øygarden, stod mormor og morfar i døra og vinka heilt til me forsvann nede i bakken.
I hagen hadde mormor stemorsblomster og fioler. På bordet midt i stova stod det ein bitteliten vase med fioler heile sommaren. Så då eg skulle mala Øygarden, måtte det bli slik som dette.
Det er ikkje berre Geitungen som er uløyseleg bunden til barndomen min. Det er også dei andre fyra.
Visa til Ola Bremnes får ei anna strofe til å dukka opp:
Midt i nattens mørket blinker
som et fyrlys Jesu navn:
Og tankane går til kveldane på bedehus og på Fredtun og alt det verdifulle eg fekk med meg derifrå. Dette året, når me skulle hatt jubileum for Fredtun, går takken til Johan Lunde.
Lunde engasjerte meg, lærte meg opp og gav meg utruleg stort ansvar. Og han visste å oversjå det som var smått for å halda blikket på det som var det store: Å visa oss veg.
Han brann for det han trudde på.
Me har noko å læra!
Takk for at du blei med på denne vandringa! Håper det vekte nokre gode minne også hos deg.
Kanskje me møtest ein gong i framtida, når me på ny fyller torjå med lyd og det er festival:
Dette var utstilling nr 2. Den første handla om hausten. den ligg her
Nr 3: Nostalgi - gamle dagar
Nr 4. Ut mot havet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no