Viser innlegg med etiketten kystkultur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kystkultur. Vis alle innlegg

tirsdag 29. august 2017

fredag 20. januar 2017

Storm og stille

Hardt vær. 
Slik er det av og til: 
På havet og i livet.
Andre gonger er det stille og berre solskin:
På havet og i livet:

Det øvste bildet er 60 x 40 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1500.
Det andre er sett saman av to bilete, til saman, 1,40 x 60cm,
 akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 4000,-

torsdag 27. februar 2014

Skudenesminne

 Geitungen fyr, der far til venninna var fyrmeister, vekkjer mange minne. Synd tåkeluren blei slept inn i Nedstrandsfjorden for å senkast i djupet der. "Dei kjem nok til å ta han opp igjen ein dag,"
 sa  far min.
Den som lever får sjå..

Sildefisket kan eg ikkje skryta på meg at eg har opplevd. Det store fisket slutta ca 1870, og det neste tok slutt det året eg blei fødd. Men eg har levd med fortellingane om korleis det var. Og det er ikkje lite berre det.

Her er ei ganejente, som nok frys på fingrane mens ho legg sild i tønner. Nordavind frå alle kantar, var det nok rett som det var:


Opplysningar om bilda, mellom anna pris og storleik finnest her