Viser innlegg med etiketten skute. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skute. Vis alle innlegg

søndag 19. juli 2015

Naturen er modigare enn meg

Ofte tenkjer eg at eg må spara på fargane, så ingen kan meina at eg overdriv. 
Men naturen er modigare enn meg. 
akryl på lerret, 30x30cm i sølvfarga sveveramme, seld

mandag 13. april 2015

Morgonstemning i Skudeneshavn


Eg var frista til å ta med mange detaljar i dette bildet. Men så kom eg til å hugsa kva malaren Johannes Hjelland sa: Fotoapparatet er oppfunne. Så då konsentrerte eg meg heller om stemninga: Ein morgon med utsikt frå Piren mot Vigeholmen, fritt formidla.

tirsdag 3. september 2013

Mathilde

Mathilde,
bygd i 1884 i Hardanger. Det tok nokre timar å mala den flotte jakta. Fleire timar tok det likevel for gjengen som restaurerte den i 1989. No er den å sjå langs kysten, og eg plasserte den utanfor kuauget "då me passerte".
Tittel: "Møte i rom sjø"
 
akryl på lerret, 50X60 cm med sveveramme i sølv, kr 1200,-
 
Kveldsstemning, 3x20x50 cm, akryl på lerret, kr 900,-