torsdag 27. februar 2014

Skudenesminne

 Geitungen fyr, der far til venninna var fyrmeister, vekkjer mange minne. Synd tåkeluren blei slept inn i Nedstrandsfjorden for å senkast i djupet der. "Dei kjem nok til å ta han opp igjen ein dag,"
 sa  far min.
Den som lever får sjå..

Sildefisket kan eg ikkje skryta på meg at eg har opplevd. Det store fisket slutta ca 1870, og det neste tok slutt det året eg blei fødd. Men eg har levd med fortellingane om korleis det var. Og det er ikkje lite berre det.

Her er ei ganejente, som nok frys på fingrane mens ho legg sild i tønner. Nordavind frå alle kantar, var det nok rett som det var:


Opplysningar om bilda, mellom anna pris og storleik finnest her

onsdag 26. februar 2014

Kvardagskvinnene

Markering av 1814-jubileet og synleggjering av kvinna sin innsats dei to siste hundre åra, lar det seg samla i eit foredrag? Eg har tatt på meg oppdraget. (Skulle eg no ha gjort det, tenkjer eg i dag).

Eg tar utgangspunkt i artikkelen eg skreiv for Sunnhordland Museum til siste årboka: Kvinnemakt - kvardagsmakt. Den er å lesa her. Men no skal temaet vera meir generelt, og grunnlovsjubileet skal vera med. Tilhøyarane er dei som kjem på Bygdekvinnelaget sitt fylkeskårmøte i Rosendal til våren.

Eg har samla mange stikkord, og les det som kan vera aktuelt for å utvida perspektivet mitt. Og så maler eg kvinnene som møttest, organiserte seg, og blei sterke til kvardags og etter kvart i det offentlege rommet. Her har eg mi eiga oledemor som modell for biletet, framme til venstre.

Mange tankar dukka opp då eg høyrte Frank Aarebrot presentera 200 år på 200 minutt. Fabelaktig innsats! Men eg treng fleire innspel: Har du tankar om kva eg bør ha med i foredraget? Temaet er: Korleis hadde samfunnet vårt vore utan innsatsen til kvinnene som historiebøkene ikkje fortel om?





mandag 24. februar 2014

Under regnbuen

I alle "regnbuens farger" sier vi ofte når vi vil beskrive noe.
Så hvorfor ikke male regnbuen; 
Sommerfugler i regnbuens farger.

Regnbuen er et symbol på Guds løfte etter storflommen: Aldri skulle dette skje igjen.

Og sommerfuglen er symbolet på det nye livet, - oppstandelsen.

Flotte symbol!

Opplysningar om størrelse og pris finnest her

søndag 23. februar 2014

Sterkast?

Sterkast?
Kven er det?
Kva er det?

Krafta av hans oppstode!




Vo istinu voskrese


Påskehelsing:



Christos voskrese!

Og forsamlinga i Russland svarer:
Vo istinu voskrese!

Kristus er oppstått!
Ja, han er sanneleg oppstått!


Opplysningar om biletet finnest her

fredag 21. februar 2014

Der det nye livet lever

olje på lerret, seld

Somarfugl
Finnest det noko finare språk
for nytt liv?
Sprell levande
ut av turre, mørke kapselen
kjem han
og varslar om vår.

For:
visst skal våren koma..

torsdag 20. februar 2014

Barnehagebesøk i galleriet

Seniorane i Valen barnehage har vore på besøk i pingvinverda i Eplehagen.
Livet under sørlyset - ingen dans på isroser den lange vandringa til keisarpingvinane,  måtte studerast nøye:

Og kvar og ein valde det bildet dei syntest var kjekkast. Per likte så absolutt best bildet av kongepingvinane som passar ungane som dei har samla i grupper mens foreldra hentar mat på skift. Nesten som pingvinbarnehage.: (Ungane er dei brune områda, omkransa av vaksne).
Men dei måtte vera malarar sjøl også. Maling og staffeli i rett storleik venta dei då dei kom til Galleri Nauthydlaren.



Hauge barnehage var på besøk for ei stund sidan. Dei har lært mykje om pingvinar. Dei har til og med laga sin eigen iglo, og har hatt pingvinkarneval, slik  Kvinnheringen fortel. Her er pingvinane dei laga:


Alle som vil kan koma innom i Eplehagen 48 å sjå pingvinutstillinga og andre bilde som heng her.
Eller du kan sjå innom den digitale utstillinga her: Pingvinane fekk bein å gå på og her: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser

lørdag 8. februar 2014

Livet under sørlyset - ingen dans på isroser

Oppdatert september 2022

Keisarpingvinane er flotte. Flotte å sjå på, om ikkje så elegante i ganglaget.

Dei lever eit liv i stadig kamp for å overleva. Bli med gjennom dei skiftande tidene i eit pingvinliv:

70x80x4 cm, kr 3000

Under sørlyset

Også ved sørpolen er det dansande lys, sørlys, slik me kjenner det på våre kantar som nordlyset.

40x40cm, kr 1800

40x40x4 cm, kr 1400,-

 

























Når det nærmar seg tid for å tenkja på paring og nytt liv, forlet dei vaksne keisarpingvinane kysten der det er nok av mat i havet, og tar fatt på ei lang vandring.









Den lange vandringa innover isen for å finna ein stad der dei kan ha egg og ungar i fred for rovdyr startar. I flokk å følgje kjem dei frå alle kantar, alle mot same mål.



Vegen er lang, om lag 10 mil, så det kjem godt med at ein kan kvile beina og aka på buken av og til


Sekund om å gjera

Vel framme finn dei seg ein partnar. Pingvinane er seriemonogame; paret held saman i ein sesong, til ungen deira kan fø seg sjølv.

Frå dei møtest til dei kan la neste generasjon leva sitt eige liv, er dei heilt avhengige av kvarandre. I snøstormane held heile flokken saman. Dei skiftest på å stå ytst, slik at alle får varma seg på skift.


Eit par må bli godt kjende med kvarandre, slik at dei finn kvarandre att etter at dei kvar sin gong har vore ein tur til havet for å få seg mat. Lydane dei lagar er det særs viktig å kjenna att.


Når egget er lagd, gir mora det over til faren. Han må få det inn i rugepungen sin i løpet av få sekund.


Tar det for lang tid, vil egget frysa...


Går alt bra, ser ein liten unge dagens lys, og får krefter i beina når far luffar av garde med han.


På innlandsisen er det ikkje så mange som er ute etter dei små pingvinungane. Men albatrossen, med vingespenn på opp til 3 meter, kan fort plukka med seg eit måltid.


Når ungane er store nok, startar vandringa tilbake til kysten. Det er langt for små pingvinføter, sjølv om dei aker på buken for å spara føtene i nedoverbakkane.

 
Det blir ei ny vandring, no for knøttsmå bein.

- Er me ikkje framme snart?
spør dei nok rett som det er.



 

Framme ved havet byksar dei i sjøen.
Ikkje fordi dei vil ha ein dukkert, men fordi det er der maten er.

24x30 cm, kr 700,-

No kan dei leva det gode livet ved kysten til det igjen er på tide å ta farvel med matfatet, isfjella og det "varme" vatnet.



Men her ute ved kysten er det mange farer som lurer:

Spekkhoggaren er ute etter pingvinane


Om pingvinungane klarer seg og blir vaksne 4 - 5 år, er det deira tur til å leggja i veg til innlandsisen for å hekka.

Og då startar ei ny vandring...


30x40 cm. kr 900

Pingvinlivet minner på mange vis om våre liv. Her er  kampen om trona: Kven vinn, keisaren eller kongen på haugen?

30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1200,-


Kongepingvinane held også saman i flokkar. Når foreldra skal henta mat til ungane, blir nokon av dei att på samlingsplassen for å passa ungane. Dei samlar dei i flokkar og omkransar dei. Slik vernar dei ungane ikkje berre mot fiendar, men også mot kulda.


Og tøffe dagar er det også:
Etter festen