Viser innlegg med etiketten barndomsminne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barndomsminne. Vis alle innlegg

onsdag 15. april 2015

Krabbelukke

Far fiska krabbe, kokte den i lukkeboden og mange fekk smaka.
Godt barndomsminne!

Bildet er 30X40 cm, akryl med sveveramme i sølv, seld

mandag 13. april 2015

Morgonstemning i Skudeneshavn


Eg var frista til å ta med mange detaljar i dette bildet. Men så kom eg til å hugsa kva malaren Johannes Hjelland sa: Fotoapparatet er oppfunne. Så då konsentrerte eg meg heller om stemninga: Ein morgon med utsikt frå Piren mot Vigeholmen, fritt formidla.

torsdag 27. februar 2014

Skudenesminne

 Geitungen fyr, der far til venninna var fyrmeister, vekkjer mange minne. Synd tåkeluren blei slept inn i Nedstrandsfjorden for å senkast i djupet der. "Dei kjem nok til å ta han opp igjen ein dag,"
 sa  far min.
Den som lever får sjå..

Sildefisket kan eg ikkje skryta på meg at eg har opplevd. Det store fisket slutta ca 1870, og det neste tok slutt det året eg blei fødd. Men eg har levd med fortellingane om korleis det var. Og det er ikkje lite berre det.

Her er ei ganejente, som nok frys på fingrane mens ho legg sild i tønner. Nordavind frå alle kantar, var det nok rett som det var:


Opplysningar om bilda, mellom anna pris og storleik finnest her

torsdag 9. januar 2014

"Va' det denne du såg itte?"


Krabbefiskaren: Eg må ut å sjå etter teinene mine.
Krabben: E' det denne du ser itte?

Det er mange historier om storfiskaren som ikkje får armane til å strekka til når han fortel om den store fisken han mista. Kanskje det er like mange historier om krabbefiskaren, for ikkje å snakka om hummarfiskaren? Nokon som har ei god historie på lager? Skriv den gjerne i kommentarfeltet.

fredag 18. januar 2013

Eit minne frå krabbefisketida

Seinsommar - sol - krabbefiske
og så: 
Koking i krabbeboden til far
og krabbefest.
Slik var sommardagane før.

Sommardagar kan koma,
krabben kryp i teina,
men far er der ikkje til å koka og invitera til fest.

Dagen før gravferda hans
sette eg meg ned for å måla eit av mange tydelege minne.
Det blei dette, av lykkeboden.
Og det blei i akryl, sidan det skulle vera ryddig på bordet når gjestene kom.
Og godt var det, at det var akryl og turka fort,
for gjestene frå sørsida av Boknafjorden tok biletet med seg.

Trur nok eg må laga ein variant til 
av same motivet,
så eg kan dvela ved minnet og kjenna krabbelukta
- ein gong til.

Ps.
Det er mai 2015 og eit nytt bilete er klart. Du finn det her: Krabbelukke