Kikar eg ut stoveglaset, fell blikket på Kanelen. Slik er det for mange som bur på Valen. Blikket kvilar så lett på denne vesle holmen, flat som han er, med nokre pjuskete tre på. Til og med om eg står opp om natta fordi eg ikkje får sova, ser eg Kanelen, med det vesle lyset som blinkar til meg.
Her ein dag var eg på leit etter fine tekstar som høvde til nokre av maleria mine som eg set saman til vandring i ord og bilde til ei lokal facebookgruppe i Skudeneshavn. Då ramla eg over eit dikt om Kanelen. Og sidan eg har eit maleri av Kanelen liggjande framfor meg for tida, måtte eg lesa det. Ja, det ligg faktisk maleri rundt føtene mine for tida, fordi eg ryddar plass til dei store bilda eg har malt siste måndene. Heile 45 mindre bilde er vurdert til å måtte vika plassen for dei nye. Kanelen, (24x30cm/kr 500,-), er mellom desse som no ligg på sida Gåvetips der du kan finna litt av kvart til ein svært rimeleg pris.
Men altså; Det var då eg rota med ryddinga at eg kom over boka til Olaf Agnar Gausvik: Det droplar og dryp (2007). Og då blei det ei lita vandring, eller rettare ein rotur ut til Kanelen som du kan bli med på om du vil:
KANELEN - EIT GUDS UNDER?
Mitt Sunnhordlands ansikt er skura og tært
med mange og djuptpløgde furer,
men likevel er det med inderleg kjært
for smilen ligg alltid og lurer
blant blømande lyng og einer.
i fylgje med terna og måsen,
rakt opp forbi Hillestadholmen i sør
og siktar mot Kaldestadåsen
forstår du nok kva eg meiner.
Inn Tvilaupo tar du i triveleg ver
om handa ligg stødig på roren,
men rett sørom Lauvøyo ser du eit skjer
med furutre midt i fjorden,
og då har du sett Kanelen.
Ein låg, liten holme som nokon har gitt
eit namn som er ganske aparte.
Og nå vil eg be at du roar deg litt,
for krydderkornflekken på kartet,
kan gjera deg ganske fælen.
For slepper du loddsnora like ved land
så måler du førtisju meter,
og det som då overgår all vår forstand
og heile vårt vesale vet, er
at her ligg ei kjøleg kjelde.
For borna i Teigen som vaks opp i tukt
og tru på den lutherske læra,
vart nett denne vasskjelda viseleg brukt
som prov på at Gud skapte verda
i heile si allmakts velde.
Eg las og studerte i Moses si bok
så grundig som det let seg gjera,
men fann ikkje noko som gjorde meg klok
på vasskjelder her uti skjera,
og Herren sin plan i saka.
Men enkelt og einfaldig tenkte eg slik
at etter som Gud såg seg ferdig,
så synfor han sikkert kvar krok og kvar krik
og det både skarpt og iherdig
om noko var til å vraka.
Men alt det han var så vakkert og gildt,
og nett då han kom til Kanelen
låg sundet og blikra forlokkande snilt,
og brisen var kjærleg og kjælen,
så Herren vart heilt forlora.
Ja, Gud vart så gripen at tanken slo ned
at dette kan hende var øya,
som han kunne søkja til for å få fred
for syndefall, mismot og møya
med menneska her på jorda.
Ein feriestad av likaste sort
på denne idylliske knatten?
Men Gud hadde sansen for enkel komfort,
og dermed så la han inn vatn
i fjellknausen på Kanelen.
Men planen om ferie vart noko fjern
for Gud fekk så mykje å gjera
med reparasjonar og mange slags jern
i elden som brenn rundt i verda,
så gløymde han heilt Kanelen.
Det var ikkje lurt - for eg meiner og trur
at vi ville merka forskjelen
om Gud inniblant hadde teke ein tur
når brisen er kjærleg og kjælen,
ein sommarkveld på Kanelen.
Om du vil bli med på vandringane eg har laga for
Facebookgruppa "Du vett du er frå Skudd'nes", så finn du dei her:
Minne frå barndommen "En fortid å huske med"
Det er blitt mykje maling i det siste.
Ei digital utstilling held døgnope her:
Vart merksam på dette innlegget i dag. Takkar så mykje for den vakre utforminga.
SvarSlett