torsdag 12. november 2020

Kanelen - eit flott syn og eit fantastisk dikt av Olaf Agnar Gausvik

Kikar eg ut stoveglaset, fell blikket på Kanelen. Slik er det for mange som bur på Valen. Blikket kvilar så lett på denne vesle holmen, flat som han er, med nokre pjuskete tre på. Til og med om eg står opp om natta fordi eg ikkje får sova, ser eg Kanelen, med det vesle lyset som blinkar til meg.

Her ein dag var eg på leit etter fine tekstar som høvde til nokre av maleria mine som eg set saman til vandring i ord og bilde til ei lokal facebookgruppe i Skudeneshavn. Då ramla eg over eit dikt om Kanelen. Og sidan eg har eit maleri av Kanelen liggjande framfor meg for tida, måtte eg lesa det. Ja, det ligg faktisk maleri rundt føtene mine for tida, fordi eg ryddar plass til dei store bilda eg har malt siste måndene. Heile 45 mindre bilde er vurdert til å måtte vika plassen for dei nye. Kanelen, (24x30cm/kr 500,-), er mellom desse som no ligg på sida Gåvetips der du kan finna litt av kvart til ein svært rimeleg pris.  


Men altså; Det var då eg rota med ryddinga at eg kom over boka til Olaf Agnar Gausvik: Det droplar og dryp (2007). Og då blei det ei lita vandring, eller rettare ein rotur ut til Kanelen som du kan bli med på om du vil:


KANELEN - EIT GUDS UNDER?

Mitt Sunnhordlands ansikt er skura og tært

med mange og djuptpløgde furer,

men likevel er det med inderleg kjært

for smilen ligg alltid og lurer

blant blømande lyng og einer.


Og siglar du leia for lageleg bør

i fylgje med terna og måsen,

rakt opp forbi Hillestadholmen i sør

og siktar mot Kaldestadåsen

forstår du nok kva eg meiner.


Inn Tvilaupo tar du i triveleg ver

om handa ligg stødig på roren,

men rett sørom Lauvøyo ser du eit skjer

med furutre midt i fjorden,

og då har du sett Kanelen.

Ein låg, liten holme som nokon har gitt

eit namn som er ganske aparte.

Og nå vil eg be at du roar deg litt,

for krydderkornflekken på kartet,

kan gjera deg ganske fælen.


For slepper du loddsnora like ved land

så måler du førtisju meter,

og det som då overgår all vår forstand

og heile vårt vesale vet, er

at her ligg ei kjøleg kjelde.

For borna i Teigen som vaks opp i tukt

og tru på den lutherske læra,

vart nett denne vasskjelda viseleg brukt

som prov på at Gud skapte verda

i heile si allmakts velde.


Eg las og studerte i Moses si bok

så grundig som det let seg gjera,

men fann ikkje noko som gjorde meg klok

på vasskjelder her uti skjera,

og Herren sin plan i saka.

Men enkelt og einfaldig tenkte eg slik

at etter som Gud såg seg ferdig,

så synfor han sikkert kvar krok og kvar krik

og det både skarpt og iherdig

om noko var til å vraka.


Men alt det han var så vakkert og gildt,

og nett då han kom til Kanelen

låg sundet og blikra forlokkande snilt,

og brisen var kjærleg og kjælen,

så Herren vart heilt forlora.

Ja, Gud vart så gripen at tanken slo ned

at dette kan hende var øya,

som han kunne søkja til for å få fred

for syndefall, mismot og møya

med menneska her på jorda.


Ein feriestad av likaste sort

på denne idylliske knatten?

Men Gud hadde sansen for enkel komfort,

og dermed så la han inn vatn

i fjellknausen på Kanelen.

Men planen om ferie vart noko fjern

for Gud fekk så mykje å gjera

med reparasjonar og mange slags jern

i elden som brenn rundt i verda,

så gløymde han heilt Kanelen.


Det var ikkje lurt - for eg meiner og trur

at vi ville merka forskjelen

om Gud inniblant hadde teke ein tur

når brisen er kjærleg og kjælen,

ein sommarkveld på Kanelen.



***


Om du vil bli med på vandringane eg har laga for 

Facebookgruppa "Du vett du er frå Skudd'nes", så finn du dei her:

Haust

Minne frå barndommen "En fortid å huske med"

Det er blitt mykje maling i det siste. 

Ei digital utstilling held døgnope her:

 Galleri Nauthydlaren

1 kommentar:

  1. Olaf Agnar Gausvik29. juni 2022 kl. 01:20

    Vart merksam på dette innlegget i dag. Takkar så mykje for den vakre utforminga.

    SvarSlett

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no