lørdag 18. desember 2021

Maling gav innhald til dagane.

Her har eg samla ein del mindre maleri. Som ein takk til dei som stadig trykker "like", gir eg vekk eit maleri i ny og ne.

Kvifor eg gjer slik som dette, forstår du kanskje om du les vidare.

Pingvinane var lenge mitt kjæraste motiv. Fordi:

Nr. 1.

Pingvinane søkjer saman mot stormen. Dei skifter på å stå ytst. Dermed klarer dei seg. 

Det var pingvin-visdomen som fekk meg til å slå meg til ro med at eg var blitt ufør. Eg skulle ta i mot trygd. Det var tid for å leggja vekk oppgåver, ansvar og titlar, og "berre vera ufør". Det tok på sjølvbildet mitt. Det må eg innrømma. Men pingvinane sette det i perspektiv. Dei byter på å stå ytst. Og eg har, om eg skal seia det sjølv, stått ytst i periodar av livet, tatt støyten no og då og prøvd å gjera noko for fellesskapet. Hos pingvinane tar felleskapet vare på kvarandre på skift. Kunne det vera at eg no skulle "få livd av fellesskapet", no når eg ikkje kunne ta kampen mot den hardaste vinden, ja knapt kunne stå oppreist sjølv lenger?

Det er snart 20 år sidan livet vende. 15 år sidan eg forstod at det aldri skulle bli som før. Eg gjorde meg til vens med orda "Eg har ein dårleg rygg og eit godt liv, og vil ikkje byta med ei som har det omvendt."

Noko måtte eg likevel ta meg til etter som tida gjekk.  Men dette "noko" måtte vera svært lite. Det var då eg kom på at å halda ein pensel, det måtte eg klara. Men eg kunne jo ikkje mala!  Eg kjøpte likevel fullt utstyr til oljemaling og sette i gong. No, 15 år etter, er eg gått over til akryl og 900 maleri er spreidde land og strand rundt - og vidare med.100 maleri heng framleis her i kjellaren kor eg etter kvart har fått mitt eige Galleri Nauthydlaren. I tillegg ligg dei ute på nett for allemannsauga her, og nye bilde blir presenterte på heimesida www.marittotland.no.

Livet er på mange vis blir mykje betre enn eg frykta då livet vende, med litt skriving, tillitsverv og mindre oppgåver. Men likevel, malinga har vore avgjerande, - fordi den fekk meg i gong att. Den gav mot, innhald og ei nye sjølvkjensle. Eg trur faktisk at mens eg skapte bilde, skapte maleria eit nytt sjølvbilde i meg. Respons og sal av bilde styrker dette bildet. Tilbakemeldingar, gode ord og nyttige råd på Twitter og Facebook har vore verdfulle undervegs. Sjølvsagt fordi merksemda gjer meg stolt, men også fordi meldingane der fortel at "det er nokon der ute", nokon som i små stunder er i den same verda som eg.

nr. 2. 30x40 cm, kr 1000,-
info bilde nr.1 ovafor 50x50 cm, kr 2000,-

I det siste har det var stor respons på paraplyane mine. Dei er i alle prisar og størrelser. Her er eit lite, 30x30x4 cm, (kr 900,-),


Nr. 3. 

*

Av og til maler eg med eit glimt i auget. 

Då har eg ei god stund.


Nr.4. 40x30 cm. kr 1500,-

*

Nr. 5. 40x40 cm, kr 1000,-

Alle paraplyane som framleis er hos meg, finn du her: Uselde paraplyar

*

Sommarfuglen har lenge vore eit kjært motiv. Symbolet for håp, forvandling, nytt liv:




Nr. 6, 30x30x4 cm, kr 800,-

Vidare nedafor ligg det ein del tidlegare malerier som viser litt av variasjonen i kvardagen min.





Nr. 7, 40x50 cm, kr 1800
*




Nr 8. 40x40 cm, kr 600,-

*




Nr 9. Motiv frå Skudenes kjem ofte på lerretet.
30X 24 cm, kr 900
*



Nr 10. 30x40 cm, kr 800,-
*


Nr 11. 30x40 cm, kr 700,-
*


Nr. 12.  40x40 cm. kr 700,-

*

Nr. 13. 30x30 cm, kr 600,-

*
Motiv frå havet følgjer meg. Og av og til må det streke fargar til:

Nr. 14. 50x50 cm, kr 2500,-


*



Nr. 15,Måken, - det er bølgeslaget
som har gjort seg om til fugl
50x50 cm, kr 1000,-
*



Nr. 16. 30x40 cm, kr 600,-

*


Nr. 17. Noen må våke i verdens natt
30x40 cm, kr 700,-

*


Nr. 18. 40x50 cm, kr 1000,-

*


Nr. 20. 30x80 cm, kr 1200,-

*


Nr. 21. 30x30 cm, kr 600,-

*

Nr. 23. 30x30 cm, kr 600,-




*

Nr.25. 30x40 cm, kr 600, 
Panta rei


*

Mange av maleria er komne på kort. 
Utvalet ligg her: her.

*
Det eg skreiv om i innleiinga her, handlar sjølvsagt om meistring, noko eg sysla og tenkte mykje på i overgangen frå aktiv til nesten heilt passiv. Då skreiv eg ofte innlegg i bloggen Ut av uføre(t).

Alle uselde bilde er elles samla her og resultata av skriveperiodane finnest her.

Takk for følgje til ende på denne bloggposten :)
*
Teksten er oppdatert i november 2023.

onsdag 1. desember 2021

Lyset vinn

 Lyset vinn over mørkret - om det slepp til.


40x50 cm, kr 2000,-
40x50 cm, kr 2000,/