Viser innlegg med etiketten båt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten båt. Vis alle innlegg

lørdag 17. september 2016

Sildefiske med gode fyrlys

I periodar har havet utafor Skudenes vore fullt av sild og sildefiskarar.
Gode fyrlys var viktig. Me veit alle at lyset var til hjelp om natta. Men om dagen? Var det hjelp å få då?
Eg har lenge vore på leit etter ei forklaring på kvifor gamle bilete har ei mørk stripe på eine veggen av Vikeholmen fyr. Ein visitt på Ulvesund fyr gav meg svaret. Der er stripa på plass framleis. Og ho er signalrød.


Etter litt googling finn eg ut at under restaurering av fyr, er det no nokon som planlegg å få stripa på plass att. Den er det såkalla "dagmerket". Båtfolket skulle sjå at dette ikkje var eit vanleg naust eller hus, men eit fyr.
Gamle bilete dukka også opp, og der kunne eg sjå at det faktisk var rød stripe på to av veggane på Vikeholmen, og det var ei skikkeleg brei stripe på Skude fyr.
Bileta viste også at hetta på lyktehuset ikkje var rødt. Det var brunt og hadde pipe.
Så no veit me det.

Vikeholmen, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-



Skude fyr, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld



30x90 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld
Det er laga kort av det øvste bildet som er til sal. Du finn det her

søndag 19. juli 2015

Naturen er modigare enn meg

Ofte tenkjer eg at eg må spara på fargane, så ingen kan meina at eg overdriv. 
Men naturen er modigare enn meg. 
akryl på lerret, 30x30cm i sølvfarga sveveramme, seld

onsdag 14. mai 2014

Stemningsfullt på Totland


Minne:
Sol over buda til svigerfar i Nordfjord. Færingen hans ligg trygt fortøyd etter dagens sjekk av laksenota.

Og:
Tidleg vår, med lovande epleblom framfor lysthuset frå 1926:



Gode minne!


Biletet av buda er 40x60 cm i lys gullfarga sveveramme, akryl på lerret, kr 1200,-
Biletet av lysthuset er 60 x60 cm i sølvfarga sveveramme, akryl på lerret kr 1500,-