onsdag 11. november 2020

Minne frå barndommen - "En fortid å huske med".

Utstillling 2:

Barndommen var så langt vekke. Så lenge. Men no er han her igjen, som minne som dukkar opp. Med lydar og lukter. 

Lyden frå båtane som kom inn:

A.










Og måkeskriket som vekte meg om morgonen.






Men kva er det som skjer når me minnest noko? Er det gammal film som rullar og går i tankane?

Inger Hagerup skriv:

Nå går årene baklengs.

Huker du da og da?

Husker du stevnemøter?

Husker du hva han sa?


Husker du gledenes gullstøt?

Husker du snertens ild

dengang da øyeblikket

og intet annet var til?


Langsynt blir alderdommen.

Bra er vel også det.

Godt at vi har en fortid

som vi kan huske med.

Ei fortid å hugsa med? Ja, eg er så heldig å ha ei fortid, ein barndom i Skudenes, som eg kan hugsa med. Og det aller, aller mest er gyldne, gode minne. Så då eg tok mine første penselstrok, var det naturleg at dei var prega av Høines og dei heime.



Tidleg tok far, (Rolf Høines) oss med i arbeidet med alt han fann av gamalt som han meinte det var grunn til å ta vare på. Lenge før museet såg dagens lys, begynte han å samla saker og ting. Men hugs: "Det er forskjell på å vera samlar og skrotnisse," sa han.

4


Tur til Litalahyttå blei det nesten kvar søndag. Aldri på lørdag? Nei, for lørdag var arbeidsdag. Men på søndagen blei me vekte tidleg for å komma oss til fjells. No er eg gift med ein nordfjording og er busett under 100 meter høge Mjelkhaug i Kvinnherad, så akkurat det med "å gå til fjells" har fått eit noko anna meining. Men me drog i alle fall til fjells. Mor hadde kokt egg, og på sekken til far dingla kaffikjelen. Røyningshytta var målet om me skulle på langtur. Elles var me alle svært så tilfreds med å komma oss til Litlahyttå i Skeismyr. Historia til hytta som no er mykje brukt av barnehagane finn du her: Ei fortelling i tre akter.


Om me hugsar alt rett? Me kan høyra me syskena våre, seier ekspertane. For saman eig ein syskenflokk minna sine og kan korrigera kvarandre. 

Men av og til gløymer me. Eller me driv med erindringsforskyving som Olaf Agnar Gausvik kallar det:

I gamle dagar

var det alltid skiføre

heile vinteren.

Det skein to soler 

den 17.mai,

og vi sprang berrføtte

til langt uti oktober

då hauststormane kom

og føyste taket av stova.



Eit av mine gode minne er turane på krabbefiske som gav mykje mat og mykje hygge. Og fine stunder på sjøen:

5


I hagen laga far Krabbeboden der me samlast både små og store. Og det må innrømast: Det var ikkje mange dagar det var temperatur til å sitja ute, så krabben blei servert inne. Men han ble kokt ute. Og det var faktisk det viktigaste.


Bading blei det sjølvsagt. Og me var så heldige å ha vår eiga badestrand. Med tjøra. Som hengde seg fast i handkleda før me viste ordet av det. Men bading blei det. Mitt mål var å symja ut til skjeret. Då var det lov å seia at eg kunne symja.




Så mykje sikkerhetsutstyr hadde me ikkje, dessverre. Men det gjekk heldigvis godt. - Pass på kvarandre, sa mødrene våre då med pakka badeklede og drog av garde.




Høinessjøen var også plassen der fleire av fyrvaktarane kom til lands. Men me hadde båten vår i Kanalen:




 Som venninne til Siv Langøen hadde eg ein tanke om at Geitungen var litt mitt. Det blei mange turar ut dit. Og den som ikkje har stått i trappa når Geitungen gjekk, veit ikkje kva ein tåkelur er.



Etter kvart som me blei større, fekk me dra til Sandvesand. Me sykla oftast over Risdalsletta. Tok av og til bussen. Men å bli køyrt, kom ikkje på tale. Me hadde jo ikkje bil, forresten. 




Først no i vaksen alder forstod eg at slike strender som me har i Skudenes og nordover til Åkra, må andre sjå langt etter. Ja, dei må faktisk reisa langt etter dei skal dei få kjenna den varme sanden gli mellom tærne.

8

"Måken det er bølgeslaget
som har gjort seg om til fugl"
Finn Kalvik


Sandvesand byr på mektige opplevingar. Å vera der når stormen piskar, er annleis enn når sola skin. Men ei flott oppleving er det.


Like kjekt var det ikkje når skodda seig på. Men det gjorde ho, både på Sandve, og som her i Naley og ved Høinessjøen. Men som i livet elles, etter ei stund så letta ho. 

9


Eit anna barndomsminne har eg som smaker på tunga. Eg veit ikkje kor ofte det hende, men eg hugsar det. Me kunne smyga oss bort til Knut som slynga honning i kjellaren. Honning på voks. Har du smakt noko betre? Eg liker ikkje honning, men dette var snop.



Heldige var me som hadde besteforeldre nær oss. Farmor og farfar budde i same huset som oss på Høines. Og mormor og morfar budde på Øygarden.

11

Øygarden er synonym med "Alle velkommen!". Fleire av venninnene mine "lånte" mi mormor, for dei hadde ikkje eiga bestemor i nærheten. 

Når me gjekk frå Øygarden, stod mormor og morfar i døra og vinka heilt til me forsvann nede i bakken.

I hagen hadde mormor stemorsblomster og fioler. På bordet midt i stova stod det ein bitteliten vase med fioler heile  sommaren. Så då eg skulle mala Øygarden, måtte det bli slik som dette.

Det er ikkje berre Geitungen som er uløyseleg bunden til barndomen min. Det er også dei andre fyra.



Kystfolket har eit nært forhold til fyrlysa. Slik Ola Bremnes uttrykker det:

Ytterst i verden ytterst i vest
kan hende du seile di skute
kan hende du seile tilfeldig som gjest
kan hende du går dær i rute
Uansett treng du et punkt som e fast
Dær du frakte di skjøre last
De e nokk at det står dær og brenn
en trofast gammel venn


Har du fyr
har du løkte langs din vei?
Har du fyr
Et signal om riktig lei
Ei lampe som gløde i mørke
og lose dæ ut og frem
Som tar dæ bort og hjemmefra
Men også tar dæ hjem



Vår Herre sa det når jorda vart te:
La det bli lys og det ble det
Så sette han sol og måne og stjerne opp
sånn at vi kunne se det.
Men det som han glemte i skapningens gry
Var alle dei som e dømt til å fly
På havet i vær og vind
Når skodde og mørke sett inn








Et landemerke førr håp og drøm
Helst sku vi la de bemanne
Dær skarven flyg og dær seien svøm
Ute på kanten av landet
Et hus i havet som står han av
Og gjør ein seilar så glad så glad
Og rope så sjøen skvett
- æ vil bli sætt!
17

Visa til Ola Bremnes får ei anna strofe til å dukka opp: 

Midt i nattens mørket blinker 

som et fyrlys Jesu navn:

Og tankane går til kveldane på bedehus og på Fredtun og alt det verdifulle eg fekk med meg derifrå. Dette året, når me skulle hatt jubileum for Fredtun, går takken til Johan Lunde. 


Lunde engasjerte meg, lærte meg opp og gav meg utruleg stort ansvar. Og han visste å oversjå det som var smått for å halda blikket på det som var det store: Å visa oss veg.

Han brann for det han trudde på. 

Me har noko å læra!



Takk for at du blei med på denne vandringa! Håper det vekte nokre gode minne også hos deg.

Kanskje me møtest ein gong i framtida, når me på ny fyller torjå med lyd og det er festival:



Dette var utstilling nr 2. Den første handla om hausten. den ligg her

Nr 3: Nostalgi - gamle dagar

Nr 4. Ut mot havet

Om du kunne ha ønskt eit av bileta her på veggen din, 
(sjå prisar nederst på sida her), 
kan du ta kontakt på post@marittotland.no
DM på Twitter, Instagram, messenger eller
send sms til 98060938.
Det går fint å senda maleri i posten. 
Då kjem ca 150 i porto.

Fleire av maleria mine er samla  her: Galleri Nauthydlaren

Kokeboka  til Anders, Digg, får du hos meg for 99,/



Fleire av maleria her finnest på kort

Vil du mimra meir?
Då finn du ei heil bok med Skudenesmimring i boka Husker du?    
Dessutan kan du skriva ned dine eigne minne i boka om du vil.



Dei maleria det står nummer på er til sals:
A. 50x60 cm, kr 4000
1.40x40 cm, kr 2500
4. 40x50 cm, kr 1500
5. 30x30 cm, kr 600
6. seld
7. 30x30 cm,seld
8,70x90 cm, kr 2000
9. 30x40 cm, kr 1000
10. 50x50x4 cm, kr 1200,
11. 30x30 cm, kr 900
12. seld
15, seld
17. 30x30x3 cm, kr 900
18. 40x40 cm, kr 2000





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no