![]() |
| 30x30 cm i sølvfarga sveveramme, seld |
Galleri Nauthydlaren har ny heimeside: marittotland.no. Denne sida vil i starten vera lenka dit. Siste nytt frå bokfronten: TAP, historisk roman, kr 150,-.
torsdag 8. februar 2018
torsdag 11. januar 2018
mandag 4. september 2017
En varm sommarfugl i vinterland
Eg har malt mange bilde av "Sommarfugl i vinterland". Denne gongen er det direkte inspirert av songen til Halvdan Sivertsen.
Bildet er 30x30cm i sølvfarga sveveramme, kr 900,-
tirsdag 29. august 2017
mandag 10. juli 2017
Håp
I sommarregnet har eg prøvd ut ein ny teknikk; pastastruktur. Her er resultata:
Bilda er 30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 900 pr stk
søndag 9. juli 2017
Skodde ut mot havet
Inn ned Nesagabet. Bildet er 40x40cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld
Venting. Bildet er 30x30x3 cm, akryl på lerret, seld
Sjøbris
Sjøbris held til i Åkra og er eigd av Ragnar Vågen. Begge bileta er selde.
Sjøbris malt på pasta, 18x24 cm i sveveramme, kr 600,-
Sjøbris malt på pasta, 18x24 cm i sveveramme, kr 600,-
fredag 30. juni 2017
lørdag 3. juni 2017
fredag 12. mai 2017
Menneska eg møtte
Etter kvart har eg møtt mange menneske.
Nokon arbeidsame og urolege.
Andre tause og sindige.
Triste og leie.
Glade og sprudlande.
Unge og gamle.
Oppfinnsame og redde.
Skjøre og sterke.
Noken hugsar eg godt.
- Dei trer fram på podiet i minnet.
Andre held seg i bakgrunnen,
men er der likefullt.
Nokon strekte eg ut ei hand til,
men dei eg hugsar best
er dei som strekte ut ei hand til meg.
............
Bildet er akryl på lerret, 40x40cm i sølfarga sveveramme og kan kjøpast for kr 1200,-
tirsdag 9. mai 2017
Pingvinliv å læra av
Å gå saman og skifta på å stå ytterst i dei hardaste taka, gjer at alle kan overleva ved at dei får kvar si stund i livd og ly for stormen:
80x70x4 cm, kr 3000,-
Seld
Og denne livslova bør gjelda oss alle. I heile landet, og vidare med:
30x30x4 cm, kr 400,-
![]() |
| Seld |
40x40x4 cm, kr 1400,-
![]() |
| Albatrossen kan lett plukka opp ein liten pingvinunge. Godt med foreldre som passer på.(seld) *** Interessert i bilde? Send sms 98060838 Pingvinane finnest på kort, (doble med konvolutt 14x14 cm, kr 30) * Galleri Nauthydlaren sel for tida kokeboka til Anders for kr 99,- + porto (opprinneleg 400,-) |
søndag 30. april 2017
Sildeflåten kjem inn
Dette er andre utgåve av motivet "Sildeflåten kjem inn", større bilde og litt andre fargar, annleis skodde. Bildet er seld.
Eit grusomt bilde
Eg ser mykje krim. Ein kveld slo det meg at det vil vore aldeles forferdeleg om etterforskarene hadde sett eit sånn gult kort ved ein smokk som eit bevis på ein åstad. Det tok to år før eg kom på at det kunne bli eit talande bilde, til eg malte det. Eg ville aldri hatt eit slik bilde på veggen i stova.
Nokon meiner det er for grusomt. Dei hadde "lese" det verre enn eg hadde tenkt det.
Bilde er 30x30 cm, i sveveramme, kr 900,-
Nokon meiner det er for grusomt. Dei hadde "lese" det verre enn eg hadde tenkt det.
Bilde er 30x30 cm, i sveveramme, kr 900,-
onsdag 29. mars 2017
søndag 26. mars 2017
Sommarfuglar sette seg på lerretet mitt
lørdag 25. mars 2017
Snøklokker og vår ved Derekhuset
Snøklokker
- nå er våren her
- snart.
Alt haglet skal først komme ned
og den blå streken på gradestokken skal krype et stykke oppover.
Motivet er Derekhuset på Hillesland i Skudeneshavn, et fredet Jærhus.
Jeg har malt det inspirert av et foto som Dagmar Hansen har lagt ut på Facebookgruppa: Du vett du e' fra Skudenes..
Huset vekker gode minner - fordi det er av samme type som det mormor og morfar hadde på Øygarden. Det er revet, men jeg var så heldig å arve dette maleriet, malt av J.S.F. i 1931. Er det noen som vet hvem som skjuler seg bak signaturen?
Maleriet av Derekhuset er til salgs. Det er akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30x40 cm, kr 1000,-
mandag 6. mars 2017
Ut av morgonskodda
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















































