![]() |
| Vinden er der, men med nokon å venta på og strender og springa langs, er det heilt ok. Akryl på lerret, 3x30x30cm, seld |
Galleri Nauthydlaren har ny heimeside: marittotland.no. Denne sida vil i starten vera lenka dit. Siste nytt frå bokfronten: TAP, historisk roman, kr 150,-.
torsdag 2. juni 2016
Jente i vest
onsdag 1. juni 2016
I rennesteinen
søndag 22. mai 2016
onsdag 13. april 2016
Ein våg eg ikkje visste fantest...
Ein våg eg ikkje visste fantest, heiter det i diktet. Eg tenkjer meg at det må vera noko slik som dette.
Bildet er 3x50x50 cm, akryl på lerret, seld
Bildet er 3x50x50 cm, akryl på lerret, seld
mandag 21. mars 2016
Som eit fyrlys
Heldigvis er leia godt merka.
Akryl på lerret, 30x30 cm, seld
Alle bilda på bloggen finn du i den rekkefølga dei er lagde ut
om du trykker på "starside" øvst til venstre.
Alle bilda på bloggen finn du i den rekkefølga dei er lagde ut
om du trykker på "starside" øvst til venstre.
mandag 14. mars 2016
Når naturen overgår fantasien
Utsikt frå stova mi, ein marskveld. Prøvde å fanga fargaen før dei forsvann. Men dei forsvann ikkje før dei hadde skrudd seg sjølv på full styrke.
Seld
søndag 7. februar 2016
Storm i Åkerfjorden
Stormen prøver å trenga seg inn i inste Åkerfjorden der fjella er høga og bratte og fjorden smal.
Bildet er 50x60 cm i sylvfarga sveveramme, oljemaleri, kr 2500,-
Bildet er 50x60 cm i sylvfarga sveveramme, oljemaleri, kr 2500,-
søndag 31. januar 2016
Nokre av dei første bilda har fått eit nytt strok
Det er snart ti år sidan eg første gong tok i en pensel. 500 bilde er det blitt. Dei fleste av dei har funne sine veggar å henga på. Nokre oljemaleri har eg tatt fram att og sett på med nye auge, - og ny maling. Slik blei resultatet:
![]() |
| Kroppsøvingsbygget på Rommetveit, HSH, olje på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1000,- |
![]() |
| Olje på lerretsplate, 30x40cm i brun ramme, kr 1000,- |
| Skudeneshavn, Søragadå, olje på lerret i sølvfarga sveveramme, 30x40cm, kr 1000,- |
torsdag 14. januar 2016
mandag 11. januar 2016
Mysterie
Sommarfuglen - det altfor lite brukte symbolet for oppstandelsen.
Bildet er 30x30cm i sølvfarga sveveramme, akryl på lerret, seld
fredag 8. januar 2016
Årstider ved dammen
Same stad i ulike årstider -sjarmerande natur!
Vinter:
Vår/sommar:
Haust:
Vinter:
Vår/sommar:
Haust:
Bilda er 50x50cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme,
Bilda er selde
Bilda er selde
mandag 7. desember 2015
Gledeleg bombeslepp
I natt jag drømde nogot som jag aldri drømd førut
jag drømde det var fred på jord
og allra krig var slut
og allra krig var slut
søndag 6. desember 2015
Kor kom denne engelen i snøen i frå?
Ein engel i smøen?
Javisst.
Men ingen spor etter den som laga han?
Bildet er 30C30X3cm,akryl på lerret, seld
torsdag 26. november 2015
tirsdag 17. november 2015
lørdag 14. november 2015
onsdag 30. september 2015
Skul-Erik - eit historieprosjekt.
Som omgangsskulelærar klarte han å skapa livsgrunnlag for kona Ingeborg og ein stor barneflokk
på ein husmannnsplass i Åkra i Kvinnherad.
Vindauge mot Skul-Erik sitt liv
Alle bildene er sett saman i eit forsøk på å rekonstruera husmannsplassen og levekåra
i samarbeid med etterkomarar etter Skul-Erik og på bestilling frå dei.
Skulekista blei truleg mala raud i 1872, men han fekk den av faren før den tid. Her er eit bilde der han er ute og går i bakkane med umalt kiste.
i samarbeid med etterkomarar etter Skul-Erik og på bestilling frå dei.
Skulekista blei truleg mala raud i 1872, men han fekk den av faren før den tid. Her er eit bilde der han er ute og går i bakkane med umalt kiste.
| Oljemaleri, 50x60 cm, kr 2500,- |
| Akryl, 30x40 cm, i sølvfarga svevramme, kr 1000,- |
lørdag 12. september 2015
Møtet er satt!
| Perspektiv. 3x20x60cm, akryl på lerret, kr 600,- |
Etter 17 vintrar i politikken, har eg lært dette
som måkane også fortel meg:
- Mykje strid skuldast at me har ulike perspektiv
- Det går fint an å stå åleine
- Det kan henda fleire etter kvart ser same vegen som deg
- Det er ikkje alltid det er dei du trur står deg nærast som ser det same som deg.
mandag 24. august 2015
Gladsommar
Eg låg på det varme svaberget på Løkjelsøy og såg ormagras og røsslyng sloss om kven som hadde sterkaste fargane. Men så kom ein lett, gul sommarfugl svinsande forbi, og vinnaren var klar.
Bildet er 24x30 cm i gullfarga sveveramme, akryl på lerret, kr 400,-
Bildet er 24x30 cm i gullfarga sveveramme, akryl på lerret, kr 400,-
lørdag 22. august 2015
Baroniet i Rosendal mellom fjord, fonn, fjell og fossefall
Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall
Bildet er akryl på lerret og er seld.
torsdag 30. juli 2015
Profilbilde av modellen min
Denne karen er med på mange av bilda mine. Oftast svever han litt høgt over motivet. I dag synest eg han fortener å vera hovudpersonen, så eg har spandert på han eit portrett.
Til vanleg har han ofte ei slik rolle i bileta:
| akryl, 20x20 cm, seld |
| Høyevarde, ved Karmsundet, 60x60 cm i sveveramme, akryl på lerret, kr 3000,- |
| seld |
Kvinnheradnostalgi
søndag 19. juli 2015
Naturen er modigare enn meg
Ofte tenkjer eg at eg må spara på fargane, så ingen kan meina at eg overdriv.
Men naturen er modigare enn meg.
akryl på lerret, 30x30cm i sølvfarga sveveramme, seld
fredag 10. juli 2015
La humla susa!
"Du skal ikkje kalle ei greip for ein spade"
Akryl på lerret, 3X20x80 cm, seld
Sommardagen gir inspirajon.
Akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, 30x40cm, seld
mandag 29. juni 2015
Tiriltunge-år i år?
I årskin tiriltunga fra grøftekanten her som aldri før, trur eg. Nesten så fotoaparatet ikkje godtar den skarpe fargen.
Akryl på lerret i gullfarga sveveramme, 30x40 cm, kr 700,-
fredag 26. juni 2015
lørdag 20. juni 2015
Kanskje blir det bakalao?
torsdag 18. juni 2015
fredag 12. juni 2015
torsdag 11. juni 2015
tirsdag 21. april 2015
Livsglade pingvinar
Dei lever eit tøft liv, pingvinane, men tar vare på kvarandre, og tar fatt på livet med friskt mot.
Bilda er selde
lørdag 18. april 2015
Ein burde gjera som pingvinane: Skiftast på å ta støyten.
Pingvinane er kloke fuglar.
Når det stormar som verst, flokkar dei seg og skiftar på å stå ytterst.
Slik deler dei på vern og arbeid.
| "Du såg vel at eg og er med på bildet?" |
Stormbildet er det største eg til no har malt. Snart maler eg meg ut av atelieret mitt i kjellaren. Ein må vel kunne seia at ein maler med breid pensel når den største er 10 cm breid?
Bildet skal henga på det nye Rosendalstunet. Førebels heng det på rådhuset.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






