torsdag 26. november 2015

Me bur i ei boble

Ja, me bur i ei boble her i nord
og trur kanskje at me kan ha den heilt for oss sjølve?

onsdag 30. september 2015

Skul-Erik - eit historieprosjekt.

Bildeserien "Skul-Erik" er laga i eit forsøk på å "finna fram" til livet til Skul-Erik (1823-1919).
Som omgangsskulelærar klarte han å skapa livsgrunnlag for kona Ingeborg og ein stor barneflokk 
på ein husmannnsplass i Åkra i Kvinnherad.



Vindauge mot Skul-Erik sitt liv

Alle bildene er sett saman i eit forsøk på å rekonstruera husmannsplassen og levekåra
i samarbeid med etterkomarar etter Skul-Erik og på bestilling frå dei.

Skulekista blei truleg mala raud i 1872, men han fekk den av faren før den tid. Her er eit bilde der han er ute og går i bakkane med umalt kiste.




Oljemaleri, 50x60 cm, kr 2500,-

Akryl, 30x40 cm, i sølvfarga svevramme, kr 1000,-






lørdag 12. september 2015

Møtet er satt!

Perspektiv. 3x20x60cm, akryl på lerret, kr 600,-

Etter 17 vintrar i politikken, har eg lært dette
som måkane også fortel meg:

- Mykje strid skuldast at me har ulike perspektiv
- Det går fint an å stå åleine
- Det kan henda fleire etter kvart ser same vegen som deg
- Det er ikkje alltid det er dei du trur står deg nærast som ser det same som deg.
- Det er andre som også står åleine
24x30cm i sveveramme i gull, seld


mandag 24. august 2015

Gladsommar

Eg låg på det varme svaberget på Løkjelsøy og såg ormagras og røsslyng sloss om kven som hadde sterkaste fargane. Men så kom ein lett, gul sommarfugl svinsande forbi, og vinnaren var klar.

Bildet er 24x30 cm i gullfarga sveveramme, akryl på lerret, kr 400,-



lørdag 22. august 2015

Baroniet i Rosendal mellom fjord, fonn, fjell og fossefall



Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall 
finn dui Rosendal i vakre Kvinnherad kommune.

Du kan lesa meir om baroniet her

Bildet er akryl på lerret og er seld.

torsdag 30. juli 2015

Profilbilde av modellen min

Denne karen er med på mange av bilda mine. Oftast svever han litt høgt over motivet. I dag synest eg han fortener å vera hovudpersonen, så eg har spandert på han eit portrett.

akryl, 20x20 cm, seld
Til vanleg har han ofte ei slik rolle i bileta:
Høyevarde, ved Karmsundet, 60x60 cm i sveveramme, akryl på lerret, kr 3000,-



seld

Kvinnheradnostalgi

Malt etter eit flyfoto, kanskje frå ca 1962. Har du nærare opplysningar?
akryl på lerret i sveveramme, 30x40 cm, bildet er seld


søndag 19. juli 2015

Naturen er modigare enn meg

Ofte tenkjer eg at eg må spara på fargane, så ingen kan meina at eg overdriv. 
Men naturen er modigare enn meg. 
akryl på lerret, 30x30cm i sølvfarga sveveramme, seld

fredag 10. juli 2015

La humla susa!

 "Du skal ikkje kalle ei greip for ein spade"
Akryl på lerret, 3X20x80 cm, seld



Sommardagen gir inspirajon.
Akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, 30x40cm, seld

mandag 29. juni 2015

Tiriltunge-år i år?


I årskin tiriltunga fra grøftekanten her som aldri før, trur eg. Nesten så fotoaparatet ikkje godtar den skarpe fargen.
Akryl på lerret i gullfarga sveveramme, 30x40 cm, kr 700,-

lørdag 20. juni 2015

Kanskje blir det bakalao?

Akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, 30X40 cm, seld

Nysnø i mai, fisk til turk, flått løe; slik er utsikta frå sonen sit kjøkenvindu på Valen. Balsam for sjela.

torsdag 18. juni 2015

fredag 12. juni 2015

Pingvinstortinget

Dette ser ikkje bra ut! Me får ta ansvar saman! (seld)

Synfaring, akryl på lerret, 3x20x20 cm, kr 300,-

tirsdag 21. april 2015

Livsglade pingvinar




Dei lever eit tøft liv, pingvinane, men tar vare på kvarandre, og tar fatt på livet med friskt mot.

Bilda er selde

lørdag 18. april 2015

Ein burde gjera som pingvinane: Skiftast på å ta støyten.

Pingvinane er kloke fuglar.
 Når det stormar som verst, flokkar dei seg og skiftar på å stå ytterst. 
Slik deler dei på vern og arbeid.



"Du såg vel at eg og er med på bildet?"

Stormbildet er det største eg til no har malt. Snart maler eg meg ut av atelieret mitt i kjellaren. Ein må vel kunne seia at ein maler med breid pensel når den største er 10 cm breid?


Bildet skal henga på det nye Rosendalstunet. Førebels heng det på rådhuset.

onsdag 15. april 2015

Hat skal smelte...

Denne versjonen av "sommarfugl i vinterland" er inspirert av Ronald Fangen sine ord:

Så kommer dagen da alt hat skal smelte
som sne og is for sol og sommervær

Bildet er 50 X 100 X 3 cm , akryl på lerret, seld

Krabbelukke

Far fiska krabbe, kokte den i lukkeboden og mange fekk smaka.
Godt barndomsminne!

Bildet er 30X40 cm, akryl med sveveramme i sølv, seld

mandag 13. april 2015

Morgonstemning i Skudeneshavn


Eg var frista til å ta med mange detaljar i dette bildet. Men så kom eg til å hugsa kva malaren Johannes Hjelland sa: Fotoapparatet er oppfunne. Så då konsentrerte eg meg heller om stemninga: Ein morgon med utsikt frå Piren mot Vigeholmen, fritt formidla.

torsdag 9. april 2015

Skattar gøymde i mørkret


"Eg vil gje deg skattar dulde i mørkret, og rikdomar gøymde på løynlege stader.." (Jesaja 45.3)

Desse orda tenkte eg på då eg malte bildet. Kanskje du får heilt andre tankar?
Blomster i havet, seier nokon...


Bildet er akryl på lerret, 30X40 cm med sveveramme i sølv, kr 700,-

fredag 19. desember 2014

Blåtimen

Den blå timen...
Utsikt på veg opp mot Brømstøl
Husnes 
Kvinnherad

Stille
Blått

Biletet er 40x40x3cm, akryl på lerret, seld

onsdag 17. desember 2014

Valen gamle kraftstasjon

Valen gamle kraftstasjon, akryl på lerret med gullfarga sveveramme, 30x40 cm, kr 700,-
Flott dugnadsinnsats med å få på nytt tak. Min dugnad er avgrensa til eit svalestup
 - og det berre på lerretet!

onsdag 3. september 2014

Utstillingane på eit brett

Utruleg, det er blitt ein del små utstillingar av bileta mine etter kvart. No har eg laga ei samlesida oppe til høgre her på bloggen der desse vil bli samla og varsla i god tid.

Utstillinga på Rødtunet er no flytta heim. Her er nokon av dei 23 bileta som var med i utstillinga.



torsdag 28. august 2014

Ei utruleg fortelling

I det siste har eg laga illustrasjonar til boka mi, "Garborg og Skou - forskjell på folk" som kjem ut i oktober. På skulen fekk me av og til som oppgåve å teikna det me såg på nokre bilete. Eg set opp illustrasjonane her, men trur ikkje det er mange som utifrå dei ville klara å fortelja om hovudpersonen: Martin Johan Mathiassen Skou. Eg visste det var ein fargerik person då eg starta arbeidet, men blei overraska gong på gong likevel.
Meir om boka og prosessen fram til ferdig bok i midten av oktober,
kan du lesa her




onsdag 20. august 2014

Der det nye livet lever

Sundag, 24.august kl 16 blir det utstilling på Rødtunet i Uskedalen i Kvinnherad. Eg er beden om å ha med bilder med kristne motiv, og det gjer eg så gjerne.

Under overskrifta: Der det nye livet lever blir det mange bilde der somarfuglen er motiv. Somarfugen er eit altfor lite kjend og altfor lite brukt symbol for håpet, oppstoda og nytt liv.

Dua er også brukande til så mangt. I kveld laga eg siste bildet til utstillinga: Elsk dine fiendar! Den utfordringa høyrest ut til å vera over evne. Bildet fortel om ei anna kraft, ein annan motivasjon enn den personlege: Kjærleiken som trassar alt og som har si eiga kjelde.

I samband med utstillinga har Uskedalen.no skrive:

Marit Elisebet med symbol på oppstoda

Klikk på bilete for full storleik
- Det måtte bli somarfuglar..
- Eg tør ikkje kalla meg kunstnar, men eg driv og malar og førebels er det til saman blitt rundt 400 bilete.
Det seier Marit Elisebet Totland, som har utstilling på Rød under  museumsdagen sundag ettermiddag og som også er 30-årsjubileum for bygdetunet.
Marit Elisebet kjenner vi mest som politikar for Kristeleg Folkeparti, ho har vore både
ordførar i Bømlo og statssekretær og er no medlem av kommunestyret.
Klikk på bilete for full storleik

Marit Elisebet fortel at i 2006 var helsa slik at det einaste ho kunne
halda i handa over litt tid var ein pensel. Då starta ho og mala, noko ho
aldri hadde gjort før. Ho starta med oljemaling, men har også brukt
akryl det siste året.
- Kvar hentar du motiva frå?
- Frå dei stadane eg kjenner best. Difor er det blitt endel motiv frå frå Skudesneshavn og Kvinnherad. I vinter hadde eg ei pingvinutstilling som eg kalla Livet under sørlyset - ingen dans på isroser. Og i samband med 1814-jubileet malte eg Kvardagskvinnene.
- Korleis vart det utstilling i Uskedalen?
- Kristian Bringedal utfordra meg til å ta med bilete med kristne motiv til til Rødtunet. Då måtte det bli somarfuglar. Somarfuglen er eit symbol på oppstoda, eit symbol som etter mi meining er altfor lite brukt. Ei åme tullar seg inn som ei puppe og ser heilt livlaus ut før ho sprengjer seg ut av skalet som ein somarfugl. Så har eg også kalla den vesle utstillinga mi Der det nye livet lever.
- Så har du eit eige galleri??
- I kjellaren her i Eplehagen 48 på Valen har eg Galleri Nauthydlaren. Der sit eg og malar og der er folk velkomne til å stikka innom. For tida heng det 70 bilete der. Mange bilete heng også på den
digitale utstillinga http://Gallerinauthydlaren.blogspot.com
Det siste eg har laga er nokre bilete til ei bok eg har arbeidd med i mange år som kjem ut i haust: Garborg og Skou - forskjell på folk? Ho kjem på Commentum forlag.
Tekst, foto og nett: Ola Matti Mathisen

lørdag 7. juni 2014

Valen for 100 år sidan

Valebuda er restaurert og står no fin som aldri før. Men slik såg det ut for 100 år sidan.

Biletet er 50x50cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1200

Ja, slik såg biletet ut. Men så fekk eg tilbakemeldingar og måtte vurdera det heile på ny. Ror dei begge to? Kvar sin veg?
Det enda med at ho mista rosertifikatet og måtte ta til takke med ei korg på fonget. Så no er biletet slik: