Galleri Nauthydlaren har ny heimeside: marittotland.no. Denne sida vil i starten vera lenka dit. Siste nytt frå bokfronten: TAP, historisk roman, kr 150,-.
onsdag 26. mars 2014
tirsdag 25. mars 2014
Korleis kommuniserer måkane?
I dag har eg fanga måkane som stadig kjem til båten når me sløyer fisk. No er dei festa til lerretet.
Men eg har aldri fått noko godt svar på kor dei kjem frå, alle desse måkane. Det er jo ikkje ein måke å sjå utover det opne havet. Så kastar eg ein neve med fiskeslo, og vips, så er den første der. Og før neste lyr er sløgd, er det ei heil horv.
Korleis kommuniserer dei, desse flaksande kystvenene? SMS? (Så Mykje Slo - kom!)

lørdag 15. mars 2014
Visst skal våren komme..
Det er vel der ein skriv det aller viktigaste?
Biletet er 30X90 cm, akryl på lerret, i sveveramme i sølv, kr 1000,-
tirsdag 11. mars 2014
Facebook, anno 1814 og 2014
Har du høyrt det?
Spørsmålet er ikkje nytt. Det har vore kviskra og ropt ut til alle tider. Og svara har vore kviskra og ropt tilbake.
Frå munn til munn, frå ansikt til ansikt, frå Facebookside til Facebookside.
Skilnaden er ikkje så stor.
Auge til auge kunne ein høyra orda, men også sjå uttrykket, kjenna pulsen til den som snakka, - til den som høyrte. Ropeteikn eller smilefjes på Facebook kan ikkje erstatta det. Derfor krev Facebook anno 2014 at ein tenkjer når ein tastar. Særleg før ein trykker "send".

Informasjon om biletet, pris m m, finnest her
lørdag 8. mars 2014
Byfrøkna og bondekona
I serien "kvardagskvinner" har eg i dag vore på torget. Der møtte eg byfrøkna som skulle handla hjå bondekona. Me får tru ho fekk godt betalt for gulrøtene.
Kontrastar har det vore i kvinnene sine kvardagar. Og slik er det framleis.
No når biletet er ferdig, ser eg at det kan minna om torghandel i Stavanger. Det var ikkje planen, men tanken har vel dukka opp ein plass ifrå, frå dei gamle minnene om byturane med ferga.
Opplysningar om pris m m, finnest her
torsdag 6. mars 2014
På tide å dra heim
Vel heime etter formannskapsmøtet finn eg fram malingsakene.
Dei kom saman før også, - for å få ting gjort. Og kvinnene var med, lenge før dei fekk dei formelle rettane, mellom anna til å røysta.
Rorkar trengte dei ikkje.
Foredraget eg skal halda om kva kvinnene har hatt å seia for historia som det til no ikkje er lagt stor vekt på i historiebøkene, begynner å ta form.
Har du tankar om dette?
Bilete er mala etter eit foto Olav Kristian Falnes la ut på Facebooksida "Du vett du e fra Skuddnes.." Han lånte velvillig ut motivet som er frå Skudeneshavn.
Biletet er seld
torsdag 27. februar 2014
Skudenesminne
Geitungen fyr, der far til venninna var fyrmeister, vekkjer mange minne. Synd tåkeluren blei slept inn i Nedstrandsfjorden for å senkast i djupet der. "Dei kjem nok til å ta han opp igjen ein dag,"
sa far min.
sa far min.
Den som lever får sjå..
Sildefisket kan eg ikkje skryta på meg at eg har opplevd. Det store fisket slutta ca 1870, og det neste tok slutt det året eg blei fødd. Men eg har levd med fortellingane om korleis det var. Og det er ikkje lite berre det.
Her er ei ganejente, som nok frys på fingrane mens ho legg sild i tønner. Nordavind frå alle kantar, var det nok rett som det var:
Opplysningar om bilda, mellom anna pris og storleik finnest her
onsdag 26. februar 2014
Kvardagskvinnene
Markering av 1814-jubileet og synleggjering av kvinna sin innsats dei to siste hundre åra, lar det seg samla i eit foredrag? Eg har tatt på meg oppdraget. (Skulle eg no ha gjort det, tenkjer eg i dag).
Eg tar utgangspunkt i artikkelen eg skreiv for Sunnhordland Museum til siste årboka: Kvinnemakt - kvardagsmakt. Den er å lesa her. Men no skal temaet vera meir generelt, og grunnlovsjubileet skal vera med. Tilhøyarane er dei som kjem på Bygdekvinnelaget sitt fylkeskårmøte i Rosendal til våren.
Eg har samla mange stikkord, og les det som kan vera aktuelt for å utvida perspektivet mitt. Og så maler eg kvinnene som møttest, organiserte seg, og blei sterke til kvardags og etter kvart i det offentlege rommet. Her har eg mi eiga oledemor som modell for biletet, framme til venstre.
Mange tankar dukka opp då eg høyrte Frank Aarebrot presentera 200 år på 200 minutt. Fabelaktig innsats! Men eg treng fleire innspel: Har du tankar om kva eg bør ha med i foredraget? Temaet er: Korleis hadde samfunnet vårt vore utan innsatsen til kvinnene som historiebøkene ikkje fortel om?

mandag 24. februar 2014
Under regnbuen
I alle "regnbuens farger" sier vi ofte når vi vil beskrive noe.
Så hvorfor ikke male regnbuen;
Sommerfugler i regnbuens farger.
Regnbuen er et symbol på Guds løfte etter storflommen: Aldri skulle dette skje igjen.
Og sommerfuglen er symbolet på det nye livet, - oppstandelsen.
Flotte symbol!
Opplysningar om størrelse og pris finnest her
søndag 23. februar 2014
Vo istinu voskrese
Påskehelsing:
Christos voskrese!
Og forsamlinga i Russland svarer:
Vo istinu voskrese!
Kristus er oppstått!
Ja, han er sanneleg oppstått!
Opplysningar om biletet finnest her
fredag 21. februar 2014
Der det nye livet lever
torsdag 20. februar 2014
Barnehagebesøk i galleriet
Seniorane i Valen barnehage har vore på besøk i pingvinverda i Eplehagen.
Livet under sørlyset - ingen dans på isroser den lange vandringa til keisarpingvinane, måtte studerast nøye:
Og kvar og ein valde det bildet dei syntest var kjekkast. Per likte så absolutt best bildet av kongepingvinane som passar ungane som dei har samla i grupper mens foreldra hentar mat på skift. Nesten som pingvinbarnehage.: (Ungane er dei brune områda, omkransa av vaksne).
Men dei måtte vera malarar sjøl også. Maling og staffeli i rett storleik venta dei då dei kom til Galleri Nauthydlaren.
Hauge barnehage var på besøk for ei stund sidan. Dei har lært mykje om pingvinar. Dei har til og med laga sin eigen iglo, og har hatt pingvinkarneval, slik Kvinnheringen fortel. Her er pingvinane dei laga:
Alle som vil kan koma innom i Eplehagen 48 å sjå pingvinutstillinga og andre bilde som heng her.
Eller du kan sjå innom den digitale utstillinga her: Pingvinane fekk bein å gå på og her: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser
Livet under sørlyset - ingen dans på isroser den lange vandringa til keisarpingvinane, måtte studerast nøye:
Og kvar og ein valde det bildet dei syntest var kjekkast. Per likte så absolutt best bildet av kongepingvinane som passar ungane som dei har samla i grupper mens foreldra hentar mat på skift. Nesten som pingvinbarnehage.: (Ungane er dei brune områda, omkransa av vaksne).
Men dei måtte vera malarar sjøl også. Maling og staffeli i rett storleik venta dei då dei kom til Galleri Nauthydlaren.
Alle som vil kan koma innom i Eplehagen 48 å sjå pingvinutstillinga og andre bilde som heng her.
Eller du kan sjå innom den digitale utstillinga her: Pingvinane fekk bein å gå på og her: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser
lørdag 8. februar 2014
Livet under sørlyset - ingen dans på isroser
Oppdatert september 2022
Keisarpingvinane er flotte. Flotte å sjå på, om ikkje så elegante i ganglaget.
Dei lever eit liv i stadig kamp for å overleva. Bli med gjennom dei skiftande tidene i eit pingvinliv:
Den lange vandringa innover isen for å finna ein stad der dei kan ha egg og ungar i fred for rovdyr startar. I flokk å følgje kjem dei frå alle kantar, alle mot same mål.
Vegen er lang, om lag 10 mil, så det kjem godt med at ein kan kvile beina og aka på buken av og til
Eit par må bli godt kjende med kvarandre, slik at dei finn kvarandre att etter at dei kvar sin gong har vore ein tur til havet for å få seg mat. Lydane dei lagar er det særs viktig å kjenna att.
Når egget er lagd, gir mora det over til faren. Han må få det inn i rugepungen sin i løpet av få sekund.
Tar det for lang tid, vil egget frysa...
Går alt bra, ser ein liten unge dagens lys, og får krefter i beina når far luffar av garde med han.
På innlandsisen er det ikkje så mange som er ute etter dei små pingvinungane. Men albatrossen, med vingespenn på opp til 3 meter, kan fort plukka med seg eit måltid.
Når ungane er store nok, startar vandringa tilbake til kysten. Det er langt for små pingvinføter, sjølv om dei aker på buken for å spara føtene i nedoverbakkane.
Det blir ei ny vandring, no for knøttsmå bein.
- Er me ikkje framme snart?
spør dei nok rett som det er.
Framme ved havet byksar dei i sjøen.
Ikkje fordi dei vil ha ein dukkert, men fordi det er der maten er.
No kan dei leva det gode livet ved kysten til det igjen er på tide å ta farvel med matfatet, isfjella og det "varme" vatnet.
Men her ute ved kysten er det mange farer som lurer:
Om pingvinungane klarer seg og blir vaksne 4 - 5 år, er det deira tur til å leggja i veg til innlandsisen for å hekka.
Og då startar ei ny vandring...
Keisarpingvinane er flotte. Flotte å sjå på, om ikkje så elegante i ganglaget.
Dei lever eit liv i stadig kamp for å overleva. Bli med gjennom dei skiftande tidene i eit pingvinliv:
70x80x4 cm, kr 3000
Under sørlyset
Også ved sørpolen er det dansande lys, sørlys, slik me kjenner det på våre kantar som nordlyset.40x40cm, kr 1800
40x40x4 cm, kr 1400,-
Når det nærmar seg tid for å tenkja på paring og nytt liv, forlet dei vaksne keisarpingvinane kysten der det er nok av mat i havet, og tar fatt på ei lang vandring.
Den lange vandringa innover isen for å finna ein stad der dei kan ha egg og ungar i fred for rovdyr startar. I flokk å følgje kjem dei frå alle kantar, alle mot same mål.
Sekund om å gjera
Vel framme finn dei seg ein partnar. Pingvinane er seriemonogame; paret held saman i ein sesong, til ungen deira kan fø seg sjølv.
Frå dei møtest til dei kan la neste generasjon leva sitt eige liv, er dei heilt avhengige av kvarandre. I snøstormane held heile flokken saman. Dei skiftest på å stå ytst, slik at alle får varma seg på skift.Eit par må bli godt kjende med kvarandre, slik at dei finn kvarandre att etter at dei kvar sin gong har vore ein tur til havet for å få seg mat. Lydane dei lagar er det særs viktig å kjenna att.
Det blir ei ny vandring, no for knøttsmå bein.
- Er me ikkje framme snart?
spør dei nok rett som det er.
Framme ved havet byksar dei i sjøen.
Ikkje fordi dei vil ha ein dukkert, men fordi det er der maten er.
| 24x30 cm, kr 700,- |
No kan dei leva det gode livet ved kysten til det igjen er på tide å ta farvel med matfatet, isfjella og det "varme" vatnet.
Men her ute ved kysten er det mange farer som lurer:
| Spekkhoggaren er ute etter pingvinane |
Om pingvinungane klarer seg og blir vaksne 4 - 5 år, er det deira tur til å leggja i veg til innlandsisen for å hekka.
Og då startar ei ny vandring...
30x40 cm. kr 900
Pingvinlivet minner på mange vis om våre liv. Her er kampen om trona: Kven vinn, keisaren eller kongen på haugen?
Kongepingvinane held også saman i flokkar. Når foreldra skal henta mat
til ungane, blir nokon av dei att på samlingsplassen for å passa ungane.
Dei samlar dei i flokkar og omkransar dei. Slik vernar dei ungane ikkje
berre mot fiendar, men også mot kulda.
Og tøffe dagar er det også:
| 30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1200,- |
Og tøffe dagar er det også:
| Etter festen |
![]() | |||
mandag 13. januar 2014
Bilete 2014
| Visst skal våren komme, seld |
| Slåtterøy, 30x40 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, seld Ut mot havet, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 60X80 cm, seld |
| Ryvarden, akryl på lerret, 50X50 cm i sveveramme i sølv, kr 1400,- |
| Seld |
| Damer i båt, motiv frå Skudenes, 30x40cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1500,- |
| Akryl på lerret, 3x30x90 cm i svevewamme i sølv, kr 1000,- |
| På tide å dra heim, akryl på lerret, 30X90 cm i sveveramme i sølv, seld Arbeidskone, akryl på lerret, 30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1000,- |
| Kvinnene oganiserer seg, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30X90 cm, seld,- |
| Geitungen fyr, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30X90 cm, seld |
| Ganejente får silda i tunnene, akryl på lerret, 3X50x50 cm, kr 1500 |
| Byfrøkna og bondekona, 30X40 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1000,- |
| Kalde dagar, med sludd får nordvest. 50x50x3 cm, akryl p lerret, seld |
| Facebook, anno 1814 og 2014, akryl på lerret, 3x40x40 cm, kr 1000,- |
"Kraft" - akryl på lerret, 3x30x30 cm, seld
| "Løftet" - akryl på lerret, 50X50X3 cm, seld |
| Kristus er oppstått! Akryl på lerret, 40x40x3cm, seld |
| Vaktskifte, akryl på lerret, 30X30cm i sveveramme i sølv, seld |
| seld |
"Etter festen", akryl på lerret, 30X30 cm i sveveramme i sølv, kr 800,-Det blei mange pingvinbilete på nyåret. Du finn dei på eiga bloggside herog her |
| "Er det denne du ser etter?" 40x40 cmx5cm, akryl på lerret med sveveramme i sølv, seld |
| Måkeskrik, seld |
| Totland, med lysthuset frå 1926, 60x60 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 2500,- |
| Buda på Totland, 40x60 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, seld |
Abonner på:
Innlegg (Atom)

.jpg)