mandag 13. januar 2014

Bilete 2014

Visst skal våren komme, seld
Slåtterøy, 30x40 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, seld

Ut mot havet, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 60X80 cm, seld

Ryvarden, akryl på lerret, 50X50 cm i sveveramme i sølv, kr 1400,-
Seld




Damer i båt, motiv frå Skudenes, 30x40cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1500,-
Akryl på lerret, 3x30x90 cm i svevewamme i sølv, kr 1000,-



På tide å dra heim, akryl på lerret, 30X90 cm i sveveramme i sølv, seld




Arbeidskone, akryl på lerret, 30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1000,-
Svale Våge har vore kyrkjetenar på Varaldsøy i 50 år.
Eg fekk i oppdrag å laga eit bilde til han i samband med ei markering av dette, laurdag 15. februar. Utfordringa var å finna eit motiv som ikkje var som eit foto av kyrkjebygget.
 Med eit så flott namn som Svale, var løysinga gitt.

Kvinnene oganiserer seg, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30X90 cm, seld,-


Geitungen fyr, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30X90 cm, seld

Ganejente får silda i tunnene, akryl på lerret, 3X50x50 cm, kr 1500
Byfrøkna og bondekona, 30X40 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1000,-
Kalde dagar, med sludd får nordvest. 50x50x3 cm, akryl p lerret, seld
Facebook, anno 1814 og 2014, akryl på lerret, 3x40x40 cm, kr 1000,-



"Kraft" - akryl på lerret, 3x30x30 cm, seld


"Løftet" - akryl på lerret, 50X50X3 cm, seld

Kristus er oppstått! Akryl på lerret, 40x40x3cm, seld

Vaktskifte, akryl på lerret, 30X30cm i sveveramme i sølv, seld
seld

"Etter festen", akryl på lerret, 30X30 cm i sveveramme i sølv, kr 800,-

Det blei mange pingvinbilete på nyåret. Du finn dei på eiga bloggside her 

og her  

 


"Er det denne du ser etter?" 40x40 cmx5cm, akryl på lerret med sveveramme i sølv, seld
Måkeskrik, seld
Totland, med lysthuset frå 1926, 60x60 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 2500,-

Buda på Totland, 40x60 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, seld

torsdag 9. januar 2014

"Va' det denne du såg itte?"


Krabbefiskaren: Eg må ut å sjå etter teinene mine.
Krabben: E' det denne du ser itte?

Det er mange historier om storfiskaren som ikkje får armane til å strekka til når han fortel om den store fisken han mista. Kanskje det er like mange historier om krabbefiskaren, for ikkje å snakka om hummarfiskaren? Nokon som har ei god historie på lager? Skriv den gjerne i kommentarfeltet.

onsdag 1. januar 2014

Måtte du møta dei begge i året som kjem:


Somarfuglen
 -
som synest så grå og livlaus
i sine første levedagar,
men som breier seg ut med fargerike, 
tynne, 
men berekaftige venger
- når tida er der, 
og ber bod
om liv etter liv.

"Love"
som synest så oppbrukt,
misbrukt,
men som ber deg på sterkare venger
enn noko ørn
- når det trengst.

Kan det finnast betre ynskje for det nye året enn at du må møta dei begge

 også i vinterland:




Pris og storleik på tre av bileta finn du her
og Galleri Nauthydlaren i Eplehagen 48, Valen, er ope "nesten alltid.


lørdag 16. november 2013

Kveldsstemning ved Grunnavåg

Kveldsstemning, 20X60X5 cm, akryl på lerret, seld






Kjekt å mala fine stemningsbilete. Denne gongen blei eg inspirert av foto som Ruben Medhus la ut på Facebook. Med litt flytting av lys og brygge, blei dette resultatet. Takk til Ruben for inspirasjonsbilete.

lørdag 14. september 2013

Pingvinen og oss andre

Det er greitt å vera åleine,
av og til.
Det er 
nesten greitt 
å få ei lita kjensle av å vera einsam,
om det er forbigåande.

Men:
Om det blir kvardagen,
er det ikkje greitt
for pingvinen
og oss!


Haust


Når fargane spraker så det høyrest!
Postvegen, akryl på lerret 40X40 cm,i sveveramme i

sølv, seld,  og
 Ekely/Valen, akryl på lerret, 3x20x20 cm,
kr 400,-



Haust på Valen (1), 50x20x5 cm, akry på lerret, seld





Haust på Valen, utsikt mot Siggjo, seld


Haust på terassen, akryl på lerreti 30X30X3 cm, seld

Haust på Valen, 30X40 cm, akryl på lerretsplate, i gullramme, seld.

Haust på Valen 2, 30x40 cm, akryl på lerretsplate i gullramme, seld

tirsdag 3. september 2013

Mathilde

Mathilde,
bygd i 1884 i Hardanger. Det tok nokre timar å mala den flotte jakta. Fleire timar tok det likevel for gjengen som restaurerte den i 1989. No er den å sjå langs kysten, og eg plasserte den utanfor kuauget "då me passerte".
Tittel: "Møte i rom sjø"
 
akryl på lerret, 50X60 cm med sveveramme i sølv, kr 1200,-
 
Kveldsstemning, 3x20x50 cm, akryl på lerret, kr 900,-
 

onsdag 8. mai 2013

I'll do my crying in the rain



"I'll do my crying in the rain".
Strofa kjem luskande, lurande, inn i tanken min kvar gong regnet pøser ned.
Og det gjer det jo av og til.

Sidan eg begynte å mala, har eg hatt lyst å laga eit bilete av desse orda.
 I dag tok eg mot til meg og gjorde det.

Fordelen med å ikkje ha lært å mala, men prøva og feila sjølv, er at det er lov både å prøva og å feila. Eg hadde ein plan for dette biletet, men var redd det ikkje kom til å lykkast.
 Masse vatn, akryl og fleire lag.
Det blei ikkje heilt slik eg hadde sett det føre meg, men det fortel det eg vil fortelja.

 På Twitter kom desse orda som passa fint til biletet:


Hjartet skravla i veg,
men munnen tagde.
Eg håper du
las augo mine.

 Og kommentar fra

 Dråper stilnet i dans.
Noe ekspressivt over bildet her. Likte «dammen» også. Fint ordfølge også!
...
Takk for orda Magne og Jan! Av og til blir heilskapen meir enn delane.

..
Barnebarn, 4 år, tolka biletet. Han såg fengsel, tårer, sjø, regn, damemunn, "lei seg" og smilefjes.
Kanskje augo er for blide?
Kva ser du?

..
Ps: Biletet har no funne vegen til ein ny vegg.

fredag 18. januar 2013

Eit minne frå krabbefisketida

Seinsommar - sol - krabbefiske
og så: 
Koking i krabbeboden til far
og krabbefest.
Slik var sommardagane før.

Sommardagar kan koma,
krabben kryp i teina,
men far er der ikkje til å koka og invitera til fest.

Dagen før gravferda hans
sette eg meg ned for å måla eit av mange tydelege minne.
Det blei dette, av lykkeboden.
Og det blei i akryl, sidan det skulle vera ryddig på bordet når gjestene kom.
Og godt var det, at det var akryl og turka fort,
for gjestene frå sørsida av Boknafjorden tok biletet med seg.

Trur nok eg må laga ein variant til 
av same motivet,
så eg kan dvela ved minnet og kjenna krabbelukta
- ein gong til.

Ps.
Det er mai 2015 og eit nytt bilete er klart. Du finn det her: Krabbelukke

fredag 28. desember 2012

Bilder, til og med 2012.





Herøysund, 50x60cm, olje på lerret, kr 1400,-

Sunde, 15x20cm, olje på lerretsplate, seld,-

I Bjøllebøvågen, seld -

Olje på lerret, 5x40x40 cm, kr 900,-

Sandvesand, 60x60x5 cm, olje på lerret, seld

Utsikt frå Bortnen, mot Hornelen, olje på lerret, seld,-

"Som man reder, ligger man", (Bogsnes), olje på lerret, 5x30x90 cm, kr 1200,-

Sunde, Bjellandspipa, 5x30x90cm, olje på lerret, kr 1200,-

Husmannsplassen "Treo" ved baroniet, 5x30x90cm, olje på lerret, seld

Olje på lerret, 5x30x90 cm, kr 1200,-

Olje på lerret med sveveramme, 50x60 cm, seld

Olje på lerret, 30x40 cm, seld

Etter siste frostnatta, olje på lerret, 30x40cm, seld

Olje på lerret, 30x40 cm, seld

Olje på lerretspalte, 30x40 cm, seld

Frå Halsnøy kloster, akryl på lerret, 24x30 cm, seld

Ganejente, 15x20 cm, olje på lerretsplate, seld

Olje på lerret, 50x60cm, kr 800,-


Hagen hans far, akryl på lerret, 40x50cm, kr 1000,.

Mange av bileta mine har etter kvart funne vegen ut i verda. 
Men det er ikkje med meg som med den dyktige Matisse:
"Matisse har malt 2000 bilder. 
4000 av dem befinner seg i USA". Harry Cosgrave
Hornelen, 5x120x50cm, olje på lerret, kr 4000,-

Utsikt frå Eplehagen på Valen mot Siggjo, olje på lerret med svevramme, 40x50 cm, seld

Sommarfugl i vinterland, seld

seld 


Å mala - Germanske språk har denne grunnstamma for ordet farga.
Eigentleg var det eit ord for å utstyra med teikn, markera, av substantivet mela, teikn eller flekk, som er i slekt med den indoeuropeiske rota mel - smørja, farga.
På gresk finn med ordet att i melas - svart, som me kjenner mellom anna frå melankoli.


Flaks - olje på lerret, 30X90X5 cm, 1500,- seld.


I løvehola - olje på lerret, 80X60 cm med sveveramme i sylv, 2000,-

Vikingskipet Draken, olje på lerret, 5X30X90 cm, 1500


Skudeneshavn, anno 1860, olje på lerret, utan ramme, 60X80 cm, kr 2500,-


Keltisk kross på Kaldestad, 


seld (det første)
Serie småbilete frå Halsnøy kloster, olje på lerret, 
 








Bortnen med utsikt mot Hornelen, 24X30cm, olje på lerretsplate, seld,-

Sommarfugl i vinterland, olje på lerret, 5X50X50 cm, kr 1000,-


I naustveggen, olje på lerret med sveveramme, seld

"Strekker seg mot lyset", olje på lerret med sveveramme i sølv, 40x50cm, seld

Sideblikk (motiv insp. frå Mundal hotel) olje på lerret med sveveramme i sølv 60x80 cm, kr 3000,-

"Kunsten er menneskehetens samvittighet". (Friedrich Hebbel)


Somarfugl i vinterland, akryl på lerret med sveveramme i sølv, 30x40 cm, seld

Valevågen, olje på lerret med sveveramme i sølv, 30x40 cm, seld,-

Ekely, Valen, 30x40 cm, olje på lerret med sveveramme i sølv, seld

Somarfugl i vinterland, 30x40 cm, akryl på lerret med sveveramme i sølv, seld


Draumeseglas, Vigeholmen fyr i bakgrunnen, seld

Små og store har tatt kveld. Seld.

Somarkveld i Skudenes. Seld
Haust ved Undarheim, olje på lerretsplate, 30x40 cm, 
Seld

Kroppsøvingsbygget på Rommetveit, 30X40cm, olje på lerret med sveveramme i sølv, kr 600,-


Frå William Salmon sine reglar for plassering av bilete (1675):
La hallen utsmykka med måleri av hyrdar, bønder, budeier, saueflokkar og liknande…

La trappeoppgangen ha bilde av imponerande monument og bygningar, anten dei er nye eller i ruinar, slik at folk kan sjå dei når ei går forbi.



Røssland, 40x50 cm, olje på lerret med svevramme, 

Springflod, olje på lerret med sveveramme, seld

Skirnir for fulle segl, Olje på lerret, 20X40cm, seld

Våren kjem, Valen, olje på lerret, 20x60 cm, seld

Heim frå fisketur, ved Huglohammaren, olje på lerret, 40x50cm, seld,-


Ved Rommetveit, HSH, olje på lerretsplate, Seld




Skirnir og Kaia til kai hos båtbyggaren på Sunde, 30x40cm, olje på lerret m sveveramme i sølv, 800,-



Slipesteinen,olje på lerretsplate, 24x30cm, 300,-


Niser i fjorden, 40x50cm, olje på lerret, seld