fredag 12. mai 2017

Menneska eg møtte

Etter kvart har eg møtt mange menneske. 
Nokon arbeidsame og urolege. 
Andre tause og sindige. 
Triste og leie. 
Glade og sprudlande. 
Unge og gamle.
Oppfinnsame og redde. 
Skjøre og sterke.
Noken hugsar eg godt. 
- Dei trer fram på podiet i minnet. 
Andre held seg i bakgrunnen, 
men er der likefullt.
Nokon strekte eg ut ei hand til, 
men dei eg hugsar best 
er dei som strekte ut ei hand til meg.

............

Bildet er akryl på lerret, 40x40cm i sølfarga sveveramme og kan kjøpast for kr 1200,-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, evt ynskje om å sjå nærare på dei, er kommentarfeltet også brukande til nærare kontakt.