fredag 28. september 2018

Også når livet går i knas, er det håp.




Når alt går i knas kan det synast håplaust. Ei kjeramikkmugge kan vel limast, men blir aldri som før. Nei, som før blir den ikkje, men med kintsukuroi kan den bli ny. I tillegg kan den bli både finare og sterkare.

Kinstsukuroi er ein japansk kunst der ein limer kjeramikk med gull.



Dette måtte festast til lerretet. Og eg ville kombinera det med sommarfuglsymbolet, det kraftfulle symbolet for fornying og forvandling, og mi tru; på oppstandelsen og det evige håpet. Dermed måtte det bli sommarfuglane som kom med gullet.

Eg høyrte først om den japanske kunsten av Marit Aksnes Aase då me var i lag og snakka om pottemakaren. Og så er eg ikkje før kommen heim, så finn eg ein flott artikkel i Aftenbladet om same emnet. Den er verd å lesa. Du finn den her: Når livet går i knas.

Tidlegare har eg gjort meg mange tankar om korleis livet blir når alt blir snudd opp-ned: Når livet snur. No har dette temaet fått ein ny dimensjon takka vera den japanske kunstforma.



Maleria mine er for sal, og det vil nok dukka opp fleire variantar i tida som kjem. 
Det øvste bildet er 24x30 cm, akryl på lerretsplate, kr 900. 
Bildet av mugga er 50x50x4cm, akryl på lerret, kr 3000,-
Det er også laga eit lerret med foto av maleriet, 30x30cm, kr 500,- 
og doble kort med maleriet på. 

Sommarfuglane kan du lesa meir om i boka : Håp

3 kommentarer:

  1. Og for å sitere en kjær artist: "Therese is a crack inn everything, that's hos the lihgt hets in". Etterpå kan man reparere og reparerer man med gull, beholder man lyset.
    Klem og takk

    SvarSlett
  2. Det at Therese snek seg, men det skal stå the.

    SvarSlett

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, evt ynskje om å sjå nærare på dei, er kommentarfeltet også brukande til nærare kontakt.