Utruleg, det er blitt ein del små utstillingar av bileta mine etter kvart. No har eg laga ei samlesida oppe til høgre her på bloggen der desse vil bli samla og varsla i god tid.
Utstillinga på Rødtunet er no flytta heim. Her er nokon av dei 23 bileta som var med i utstillinga.
Galleri Nauthydlaren har ny heimeside: marittotland.no. Denne sida vil i starten vera lenka dit. Siste nytt frå bokfronten: TAP, historisk roman, kr 150,-.
onsdag 3. september 2014
torsdag 28. august 2014
Ei utruleg fortelling
kan du lesa her
onsdag 20. august 2014
Der det nye livet lever
Sundag, 24.august kl 16 blir det utstilling på Rødtunet i Uskedalen i Kvinnherad. Eg er beden om å ha med bilder med kristne motiv, og det gjer eg så gjerne.
Under overskrifta: Der det nye livet lever blir det mange bilde der somarfuglen er motiv. Somarfugen er eit altfor lite kjend og altfor lite brukt symbol for håpet, oppstoda og nytt liv.
Dua er også brukande til så mangt. I kveld laga eg siste bildet til utstillinga: Elsk dine fiendar! Den utfordringa høyrest ut til å vera over evne. Bildet fortel om ei anna kraft, ein annan motivasjon enn den personlege: Kjærleiken som trassar alt og som har si eiga kjelde.
I samband med utstillinga har Uskedalen.no skrive:

Marit Elisebet med symbol på oppstoda | ||
| ||
| - Eg tør ikkje kalla meg kunstnar, men eg driv og malar og førebels er det til saman blitt rundt 400 bilete. Det seier Marit Elisebet Totland, som har utstilling på Rød under museumsdagen sundag ettermiddag og som også er 30-årsjubileum for bygdetunet. Marit Elisebet kjenner vi mest som politikar for Kristeleg Folkeparti, ho har vore både ordførar i Bømlo og statssekretær og er no medlem av kommunestyret. | ||
halda i handa over litt tid var ein pensel. Då starta ho og mala, noko ho aldri hadde gjort før. Ho starta med oljemaling, men har også brukt akryl det siste året. | ||
| - Kvar hentar du motiva frå? - Frå dei stadane eg kjenner best. Difor er det blitt endel motiv frå frå Skudesneshavn og Kvinnherad. I vinter hadde eg ei pingvinutstilling som eg kalla Livet under sørlyset - ingen dans på isroser. Og i samband med 1814-jubileet malte eg Kvardagskvinnene. | ||
| - Korleis vart det utstilling i Uskedalen? - Kristian Bringedal utfordra meg til å ta med bilete med kristne motiv til til Rødtunet. Då måtte det bli somarfuglar. Somarfuglen er eit symbol på oppstoda, eit symbol som etter mi meining er altfor lite brukt. Ei åme tullar seg inn som ei puppe og ser heilt livlaus ut før ho sprengjer seg ut av skalet som ein somarfugl. Så har eg også kalla den vesle utstillinga mi Der det nye livet lever. | ||
| - Så har du eit eige galleri?? - I kjellaren her i Eplehagen 48 på Valen har eg Galleri Nauthydlaren. Der sit eg og malar og der er folk velkomne til å stikka innom. For tida heng det 70 bilete der. Mange bilete heng også på den digitale utstillinga http://Gallerinauthydlaren.blogspot.com | ||
| Det siste eg har laga er nokre bilete til ei bok eg har arbeidd med i mange år som kjem ut i haust: Garborg og Skou - forskjell på folk? Ho kjem på Commentum forlag. | ||
| Tekst, foto og nett: Ola Matti Mathisen |
lørdag 7. juni 2014
Valen for 100 år sidan
Valebuda er restaurert og står no fin som aldri før. Men slik såg det ut for 100 år sidan.
Biletet er 50x50cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, kr 1200
Ja, slik såg biletet ut. Men så fekk eg tilbakemeldingar og måtte vurdera det heile på ny. Ror dei begge to? Kvar sin veg?
Det enda med at ho mista rosertifikatet og måtte ta til takke med ei korg på fonget. Så no er biletet slik:

tirsdag 27. mai 2014
Ixthys - eller - Mennesket lever ikkje berre av fisk
onsdag 14. mai 2014
Stemningsfullt på Totland
Minne:
Sol over buda til svigerfar i Nordfjord. Færingen hans ligg trygt fortøyd etter dagens sjekk av laksenota.
Og:
Tidleg vår, med lovande epleblom framfor lysthuset frå 1926:
Gode minne!
Biletet av buda er 40x60 cm i lys gullfarga sveveramme, akryl på lerret, kr 1200,-
Biletet av lysthuset er 60 x60 cm i sølvfarga sveveramme, akryl på lerret kr 1500,-
onsdag 7. mai 2014
Sei meg kva du målar, og eg skal sei deg kor du er i frå.
Ja, det blei hav på lerretet i dag også.
Og måkar.
Er ein fødd og oppvaksen ved kysten,
er det svært så naturleg å ta havet med inn og festa det til lerretet.
Opplysningar om biletet, finnest her: Bilete 2014
tirsdag 6. mai 2014
mandag 5. mai 2014
Som eit fyrlys..
Fyrlysa har hjelpt mang ein kaptein trygt i hamn. Med jamne mellomrom er fyrstasjonar motiv i bileta mine. Eg kjem til å samla dei her framover.
| Ryvarden, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 50x50 cm, seld |
| Slåtterøy, akryl på lerret i sveveramme i sølv, 30X40cm, seld |
Nei, har du sett, der kom det eit par måkar til som ville vera med på biletet.
| Redning 1, 60X80, olje på lerret i sveveramme i sølv, seld |
| Redning 2, olje på lerret, 60x80 cm i sveveramme i sølv, kr 1000,- |
| Slåtterøy, 40X50 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, seld |
tirsdag 22. april 2014
Porto og gåvekort, - kjekt å vita
Med galleri øvst i Eplehagen på Valen, seier det seg sjølv at det ikkje er så mange som heilt tilfeldig kjem innom. Men mange er innom her på bloggen, og fleire har hatt spørsmål om korleis me kan ordna kjøp utan oppmøte.
Post
Bilete kan sendast med posten. Porto for dei aller fleste bileta, unntatt dei heilt minste, er kr 150,- innanlands. Portoen blir lagt til kjøpesummen.
Sidan det er eg som pakkar bileta, tar eg ansvar for at dei er godt nok innpakka, utover skader som posten evt måtte ha ansvaret for.
Betaling
Betaling skjer til Galleri Nauthydlaren sin bankgiro når biletet er kome vel fram.
Gåvekort
Bilete som gåve, kan vera eit sjansespel. Kva smak har den som skal få gåva, og ikkje minst; kva veggplass har han?
Gåvekort kan løysa problemet. Den som vil gi gåva, betaler ein sum til meg som blir skriven på gåvekortet. Så kan mottakaren velja eit bilete, enten ved å leita i bloggen eller ved å koma ein tur til Eplehagen. Er prisen høgare enn det gåvekortet lyder på, får han mellomlegget tilbake.Vil han ha eit bilete med høgare pris, er det råd å leggja til noko.
Tinging
Somme har spesielle motiv dei vil ha bilete av på veggen sin. Eg har tatt utfordringa og malt etter slike ynskje. Då går avtalen ut på at eg prøver å mala, og så må den som skal ha biletet seia om det blei slik at han vil ha det til den prisen eg set. Ca-pris kan sjølvsagt avtalast på førehand.
Her er siste bilete som var tinga:
Avtale og samtaler tar me på epost: marit.totland@knett.no
Vil du sjå bileta straks dei er ferdige, kan du fylgja meg på Instagram: marit.totland
onsdag 26. mars 2014
tirsdag 25. mars 2014
Korleis kommuniserer måkane?
I dag har eg fanga måkane som stadig kjem til båten når me sløyer fisk. No er dei festa til lerretet.
Men eg har aldri fått noko godt svar på kor dei kjem frå, alle desse måkane. Det er jo ikkje ein måke å sjå utover det opne havet. Så kastar eg ein neve med fiskeslo, og vips, så er den første der. Og før neste lyr er sløgd, er det ei heil horv.
Korleis kommuniserer dei, desse flaksande kystvenene? SMS? (Så Mykje Slo - kom!)

lørdag 15. mars 2014
Visst skal våren komme..
Det er vel der ein skriv det aller viktigaste?
Biletet er 30X90 cm, akryl på lerret, i sveveramme i sølv, kr 1000,-
tirsdag 11. mars 2014
Facebook, anno 1814 og 2014
Har du høyrt det?
Spørsmålet er ikkje nytt. Det har vore kviskra og ropt ut til alle tider. Og svara har vore kviskra og ropt tilbake.
Frå munn til munn, frå ansikt til ansikt, frå Facebookside til Facebookside.
Skilnaden er ikkje så stor.
Auge til auge kunne ein høyra orda, men også sjå uttrykket, kjenna pulsen til den som snakka, - til den som høyrte. Ropeteikn eller smilefjes på Facebook kan ikkje erstatta det. Derfor krev Facebook anno 2014 at ein tenkjer når ein tastar. Særleg før ein trykker "send".

Informasjon om biletet, pris m m, finnest her
lørdag 8. mars 2014
Byfrøkna og bondekona
I serien "kvardagskvinner" har eg i dag vore på torget. Der møtte eg byfrøkna som skulle handla hjå bondekona. Me får tru ho fekk godt betalt for gulrøtene.
Kontrastar har det vore i kvinnene sine kvardagar. Og slik er det framleis.
No når biletet er ferdig, ser eg at det kan minna om torghandel i Stavanger. Det var ikkje planen, men tanken har vel dukka opp ein plass ifrå, frå dei gamle minnene om byturane med ferga.
Opplysningar om pris m m, finnest her
torsdag 6. mars 2014
På tide å dra heim
Vel heime etter formannskapsmøtet finn eg fram malingsakene.
Dei kom saman før også, - for å få ting gjort. Og kvinnene var med, lenge før dei fekk dei formelle rettane, mellom anna til å røysta.
Rorkar trengte dei ikkje.
Foredraget eg skal halda om kva kvinnene har hatt å seia for historia som det til no ikkje er lagt stor vekt på i historiebøkene, begynner å ta form.
Har du tankar om dette?
Bilete er mala etter eit foto Olav Kristian Falnes la ut på Facebooksida "Du vett du e fra Skuddnes.." Han lånte velvillig ut motivet som er frå Skudeneshavn.
Biletet er seld
torsdag 27. februar 2014
Skudenesminne
Geitungen fyr, der far til venninna var fyrmeister, vekkjer mange minne. Synd tåkeluren blei slept inn i Nedstrandsfjorden for å senkast i djupet der. "Dei kjem nok til å ta han opp igjen ein dag,"
sa far min.
sa far min.
Den som lever får sjå..
Sildefisket kan eg ikkje skryta på meg at eg har opplevd. Det store fisket slutta ca 1870, og det neste tok slutt det året eg blei fødd. Men eg har levd med fortellingane om korleis det var. Og det er ikkje lite berre det.
Her er ei ganejente, som nok frys på fingrane mens ho legg sild i tønner. Nordavind frå alle kantar, var det nok rett som det var:
Opplysningar om bilda, mellom anna pris og storleik finnest her
onsdag 26. februar 2014
Kvardagskvinnene
Markering av 1814-jubileet og synleggjering av kvinna sin innsats dei to siste hundre åra, lar det seg samla i eit foredrag? Eg har tatt på meg oppdraget. (Skulle eg no ha gjort det, tenkjer eg i dag).
Eg tar utgangspunkt i artikkelen eg skreiv for Sunnhordland Museum til siste årboka: Kvinnemakt - kvardagsmakt. Den er å lesa her. Men no skal temaet vera meir generelt, og grunnlovsjubileet skal vera med. Tilhøyarane er dei som kjem på Bygdekvinnelaget sitt fylkeskårmøte i Rosendal til våren.
Eg har samla mange stikkord, og les det som kan vera aktuelt for å utvida perspektivet mitt. Og så maler eg kvinnene som møttest, organiserte seg, og blei sterke til kvardags og etter kvart i det offentlege rommet. Her har eg mi eiga oledemor som modell for biletet, framme til venstre.
Mange tankar dukka opp då eg høyrte Frank Aarebrot presentera 200 år på 200 minutt. Fabelaktig innsats! Men eg treng fleire innspel: Har du tankar om kva eg bør ha med i foredraget? Temaet er: Korleis hadde samfunnet vårt vore utan innsatsen til kvinnene som historiebøkene ikkje fortel om?

mandag 24. februar 2014
Under regnbuen
I alle "regnbuens farger" sier vi ofte når vi vil beskrive noe.
Så hvorfor ikke male regnbuen;
Sommerfugler i regnbuens farger.
Regnbuen er et symbol på Guds løfte etter storflommen: Aldri skulle dette skje igjen.
Og sommerfuglen er symbolet på det nye livet, - oppstandelsen.
Flotte symbol!
Opplysningar om størrelse og pris finnest her
søndag 23. februar 2014
Vo istinu voskrese
Påskehelsing:
Christos voskrese!
Og forsamlinga i Russland svarer:
Vo istinu voskrese!
Kristus er oppstått!
Ja, han er sanneleg oppstått!
Opplysningar om biletet finnest her
fredag 21. februar 2014
Der det nye livet lever
torsdag 20. februar 2014
Barnehagebesøk i galleriet
Seniorane i Valen barnehage har vore på besøk i pingvinverda i Eplehagen.
Livet under sørlyset - ingen dans på isroser den lange vandringa til keisarpingvinane, måtte studerast nøye:
Og kvar og ein valde det bildet dei syntest var kjekkast. Per likte så absolutt best bildet av kongepingvinane som passar ungane som dei har samla i grupper mens foreldra hentar mat på skift. Nesten som pingvinbarnehage.: (Ungane er dei brune områda, omkransa av vaksne).
Men dei måtte vera malarar sjøl også. Maling og staffeli i rett storleik venta dei då dei kom til Galleri Nauthydlaren.
Hauge barnehage var på besøk for ei stund sidan. Dei har lært mykje om pingvinar. Dei har til og med laga sin eigen iglo, og har hatt pingvinkarneval, slik Kvinnheringen fortel. Her er pingvinane dei laga:
Alle som vil kan koma innom i Eplehagen 48 å sjå pingvinutstillinga og andre bilde som heng her.
Eller du kan sjå innom den digitale utstillinga her: Pingvinane fekk bein å gå på og her: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser
Livet under sørlyset - ingen dans på isroser den lange vandringa til keisarpingvinane, måtte studerast nøye:
Og kvar og ein valde det bildet dei syntest var kjekkast. Per likte så absolutt best bildet av kongepingvinane som passar ungane som dei har samla i grupper mens foreldra hentar mat på skift. Nesten som pingvinbarnehage.: (Ungane er dei brune områda, omkransa av vaksne).
Men dei måtte vera malarar sjøl også. Maling og staffeli i rett storleik venta dei då dei kom til Galleri Nauthydlaren.
Alle som vil kan koma innom i Eplehagen 48 å sjå pingvinutstillinga og andre bilde som heng her.
Eller du kan sjå innom den digitale utstillinga her: Pingvinane fekk bein å gå på og her: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser
lørdag 8. februar 2014
Livet under sørlyset - ingen dans på isroser
Oppdatert september 2022
Keisarpingvinane er flotte. Flotte å sjå på, om ikkje så elegante i ganglaget.
Dei lever eit liv i stadig kamp for å overleva. Bli med gjennom dei skiftande tidene i eit pingvinliv:
Den lange vandringa innover isen for å finna ein stad der dei kan ha egg og ungar i fred for rovdyr startar. I flokk å følgje kjem dei frå alle kantar, alle mot same mål.
Vegen er lang, om lag 10 mil, så det kjem godt med at ein kan kvile beina og aka på buken av og til
Eit par må bli godt kjende med kvarandre, slik at dei finn kvarandre att etter at dei kvar sin gong har vore ein tur til havet for å få seg mat. Lydane dei lagar er det særs viktig å kjenna att.
Når egget er lagd, gir mora det over til faren. Han må få det inn i rugepungen sin i løpet av få sekund.
Tar det for lang tid, vil egget frysa...
Går alt bra, ser ein liten unge dagens lys, og får krefter i beina når far luffar av garde med han.
På innlandsisen er det ikkje så mange som er ute etter dei små pingvinungane. Men albatrossen, med vingespenn på opp til 3 meter, kan fort plukka med seg eit måltid.
Når ungane er store nok, startar vandringa tilbake til kysten. Det er langt for små pingvinføter, sjølv om dei aker på buken for å spara føtene i nedoverbakkane.
Det blir ei ny vandring, no for knøttsmå bein.
- Er me ikkje framme snart?
spør dei nok rett som det er.
Framme ved havet byksar dei i sjøen.
Ikkje fordi dei vil ha ein dukkert, men fordi det er der maten er.
No kan dei leva det gode livet ved kysten til det igjen er på tide å ta farvel med matfatet, isfjella og det "varme" vatnet.
Men her ute ved kysten er det mange farer som lurer:
Om pingvinungane klarer seg og blir vaksne 4 - 5 år, er det deira tur til å leggja i veg til innlandsisen for å hekka.
Og då startar ei ny vandring...
Keisarpingvinane er flotte. Flotte å sjå på, om ikkje så elegante i ganglaget.
Dei lever eit liv i stadig kamp for å overleva. Bli med gjennom dei skiftande tidene i eit pingvinliv:
70x80x4 cm, kr 3000
Under sørlyset
Også ved sørpolen er det dansande lys, sørlys, slik me kjenner det på våre kantar som nordlyset.40x40cm, kr 1800
40x40x4 cm, kr 1400,-
Når det nærmar seg tid for å tenkja på paring og nytt liv, forlet dei vaksne keisarpingvinane kysten der det er nok av mat i havet, og tar fatt på ei lang vandring.
Den lange vandringa innover isen for å finna ein stad der dei kan ha egg og ungar i fred for rovdyr startar. I flokk å følgje kjem dei frå alle kantar, alle mot same mål.
Sekund om å gjera
Vel framme finn dei seg ein partnar. Pingvinane er seriemonogame; paret held saman i ein sesong, til ungen deira kan fø seg sjølv.
Frå dei møtest til dei kan la neste generasjon leva sitt eige liv, er dei heilt avhengige av kvarandre. I snøstormane held heile flokken saman. Dei skiftest på å stå ytst, slik at alle får varma seg på skift.Eit par må bli godt kjende med kvarandre, slik at dei finn kvarandre att etter at dei kvar sin gong har vore ein tur til havet for å få seg mat. Lydane dei lagar er det særs viktig å kjenna att.
Det blir ei ny vandring, no for knøttsmå bein.
- Er me ikkje framme snart?
spør dei nok rett som det er.
Framme ved havet byksar dei i sjøen.
Ikkje fordi dei vil ha ein dukkert, men fordi det er der maten er.
| 24x30 cm, kr 700,- |
No kan dei leva det gode livet ved kysten til det igjen er på tide å ta farvel med matfatet, isfjella og det "varme" vatnet.
Men her ute ved kysten er det mange farer som lurer:
| Spekkhoggaren er ute etter pingvinane |
Om pingvinungane klarer seg og blir vaksne 4 - 5 år, er det deira tur til å leggja i veg til innlandsisen for å hekka.
Og då startar ei ny vandring...
30x40 cm. kr 900
Pingvinlivet minner på mange vis om våre liv. Her er kampen om trona: Kven vinn, keisaren eller kongen på haugen?
Kongepingvinane held også saman i flokkar. Når foreldra skal henta mat
til ungane, blir nokon av dei att på samlingsplassen for å passa ungane.
Dei samlar dei i flokkar og omkransar dei. Slik vernar dei ungane ikkje
berre mot fiendar, men også mot kulda.
Og tøffe dagar er det også:
| 30x40 cm i sveveramme i sølv, kr 1200,- |
Og tøffe dagar er det også:
| Etter festen |
![]() | |||
Abonner på:
Innlegg (Atom)

.jpg)