Sider

onsdag 26. februar 2014

Kvardagskvinnene

Markering av 1814-jubileet og synleggjering av kvinna sin innsats dei to siste hundre åra, lar det seg samla i eit foredrag? Eg har tatt på meg oppdraget. (Skulle eg no ha gjort det, tenkjer eg i dag).

Eg tar utgangspunkt i artikkelen eg skreiv for Sunnhordland Museum til siste årboka: Kvinnemakt - kvardagsmakt. Den er å lesa her. Men no skal temaet vera meir generelt, og grunnlovsjubileet skal vera med. Tilhøyarane er dei som kjem på Bygdekvinnelaget sitt fylkeskårmøte i Rosendal til våren.

Eg har samla mange stikkord, og les det som kan vera aktuelt for å utvida perspektivet mitt. Og så maler eg kvinnene som møttest, organiserte seg, og blei sterke til kvardags og etter kvart i det offentlege rommet. Her har eg mi eiga oledemor som modell for biletet, framme til venstre.

Mange tankar dukka opp då eg høyrte Frank Aarebrot presentera 200 år på 200 minutt. Fabelaktig innsats! Men eg treng fleire innspel: Har du tankar om kva eg bør ha med i foredraget? Temaet er: Korleis hadde samfunnet vårt vore utan innsatsen til kvinnene som historiebøkene ikkje fortel om?





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no