Sider

onsdag 8. mai 2013

I'll do my crying in the rain



"I'll do my crying in the rain".
Strofa kjem luskande, lurande, inn i tanken min kvar gong regnet pøser ned.
Og det gjer det jo av og til.

Sidan eg begynte å mala, har eg hatt lyst å laga eit bilete av desse orda.
 I dag tok eg mot til meg og gjorde det.

Fordelen med å ikkje ha lært å mala, men prøva og feila sjølv, er at det er lov både å prøva og å feila. Eg hadde ein plan for dette biletet, men var redd det ikkje kom til å lykkast.
 Masse vatn, akryl og fleire lag.
Det blei ikkje heilt slik eg hadde sett det føre meg, men det fortel det eg vil fortelja.

 På Twitter kom desse orda som passa fint til biletet:


Hjartet skravla i veg,
men munnen tagde.
Eg håper du
las augo mine.

 Og kommentar fra

 Dråper stilnet i dans.
Noe ekspressivt over bildet her. Likte «dammen» også. Fint ordfølge også!
...
Takk for orda Magne og Jan! Av og til blir heilskapen meir enn delane.

..
Barnebarn, 4 år, tolka biletet. Han såg fengsel, tårer, sjø, regn, damemunn, "lei seg" og smilefjes.
Kanskje augo er for blide?
Kva ser du?

..
Ps: Biletet har no funne vegen til ein ny vegg.

4 kommentarer:

  1. Vakkert! Lettare å gråte i regnet. Den som møter ein vil ikkje alltid kunne sjå kvifor kinna og augene er så våte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tåre og regndrope, same element.
      Takk for tilbakemelding!

      Slett
  2. Jeg gråt i regnet.
    Ikke sang.
    men en annen gang skal jeg synge.
    Klem :)

    SvarSlett

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no