søndag 31. januar 2016

Soga om to tre tett i tett

I arbeidet med å finna fine bjørkestammar, slo det meg at tre er som menneske, nokon står tett i tett:


Eg fann ut eg ville mala treet åleine, stilistisk, og då blei det slik:

Etter kvart som eg malte greiner som gjekk inn i og over i kvarandre, fekk det også tanken til å gå til to menneske som lever tett i tett. Men det kan endra seg, ja, det er nesten sikkert at det kjem til å endra seg før eller seinare. Så då malte eg dette gråtande treet:



Pris:
Det første bildet, kr 1000,- :30x40cm, akryl på lerret i svart sveveramme
Dei i to andre er: 40X40cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1200. Det grøne er seld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, evt ynskje om å sjå nærare på dei, er kommentarfeltet også brukande til nærare kontakt.