fredag 6. april 2018

Buda på Totland som motiv på kort


Så idyllisk er det nede ved buda som svigerbestefar, Ole M. Totland, bygde på 1920-talet. Eg blir ikkje lei av å mala denne staden, og no er denne utgåva kommen på eit dobbelt kort. Kanskje på tide å senda ei helsing til nokon?

Kortet er 14x14 cm, og kan også brukast som eit lite bilde.
Også vegen opp til huset er blitt til kort. Bildet er litt kornete. Sidan originalmaleriet var ganske lite, synest noko av strukturen i lerretet på bildet.
Kort med konvolutt kan bestillast hos meg for kr 30 per stk: marit.totland@knett.no

Fleire kort finnest her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, evt ynskje om å sjå nærare på dei, er kommentarfeltet også brukande til nærare kontakt.