søndag 3. desember 2017

Handmala kort - "Special for you"!

Sommarfuglane har funne vegen til doble kort og tilhøyrande konvoluttar. Dei er 14x14 cm, og kvart kort er mala for seg. Det er ingen kopiering.
Korta er mala på Daler Rowney malepapir 300gr/m2.

Prisen er kr 50 pr kort med konvolutt. Begge med sommarfugl.
Eg maler dei i oransje og blått, - dei sommarfuglane du vil kjenna att frå boka HÅP:

HÅP handlar om larvane "Den eine" og "Den andre" som fryktar det dei høyrer rykte om skal komma. Men som får oppleva noko heilt annleis enn det dei frykta. Andre del av boka handlar om sommarfuglen som symbol. Boka er 14x14 cm, og kan kjøpast m a hos meg eller på nett hos Bok og media her og i bokhandlane som er lista opp her. HÅP har både nynorsk- og bokmålsutgåve.

kr 100 pr stk.

Porto kjem i tillegg.
Bestilling kan du senda meg på epost: marit.totland@knett.no


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, evt ynskje om å sjå nærare på dei, er kommentarfeltet også brukande til nærare kontakt.